• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Siggjo frå sør. (Svein Nord)

«VULKANEN» PÅ BØMLO

Siggjo er ein kjegleforma, vulkanliknande fjelltopp i den delen av Hordaland der ein har mest og best bevarte lavabergartar. Bergartane stammar frå ein eller fleire svære vulkanar som spydde ut glødande lava og oske. Men forma på fjellet, slik det står fram i dag, er danna av heilt andre og seinare krefter.

Siggjo hevar seg vel 400 meter over den jamne strandflata. Det er eit av dei mest markerte fjella i Sunnhordland og eit kjent sjømerke. Hanseatane i seglas mot Bergen visste at dei var på rett veg når Siggjo dukka opp i horisonten.

Grunnen til at det står att eit fjell på strandflata nettopp her,er at dei sure vulkanske laga som geologane kallar ryolitt, er hardare og forvitrar mykje seinare enn bergartane omkring. Gjennom millionar av år er landskapet rundt Siggjo tært ned ved erosjon av elvar og seinare av isbrear,medan fjelltoppen står att.

Dei siste vulkanutbrota på Bømlo gjekk føre seg for 470 millionar år sidan. Då var det eit dramatisk landskap her, kanskje lik vulkanrekkjene langs vestkysten av Amerika. Noko av lavaen var surare og seigare enn den som hadde dominert Bømlo 20–30 millionar år tidlegare, og som vi finn mellom anna på Finnås. Den sure lavaen bygde opp høge vulkanar, og det kom ofte vulkanske eksplosjonar, der både fast og flytande lava vart slengd mange kilometer opp i lufta. Nokre av fragmenta var framleis seige og glødande når dei trefte bakken som fleire centimeter store klumpar. Fjell som har vorte til på dette viset, kan vi finna på Siggjo.

Ryolittlavaen i dette området vart broten til reiskapsbruk i steinalderen, kring 4000 til 2000 år f.Kr. Vi finn han att på steinalderbuplassane som avfall, eller som øydelagde eller attgløymde reiskapar, gjerne pilespissar, skraparar og ymse skjerereiskap. Til øksar eigna den basaltiske lavaen på Hespriholmen seg betre. Ein brotstad er lokalisert på nordvestsida av Siggjo, der berget vart brote med eld og vatn (fyrsetjing).

Det meste av Siggjo-rhyolitten vart brukt i Hordaland og Nord-Rogaland, men funn er kjende så langt nord som til Kristiansund, aust til Bjornesplassen på Hardangervidda og sør til Lista og Lillesand. Dette særmerkte råstoffet frå Bømlo, som var i bruk i nær 2000 år, gjev såleis verdfull kunnskap om samhandel og samkvem mellom landsdelane i steinalderen.

  • Rhyolittsteinar frå Siggjo

Rhyolittsteinar frå Siggjo

  • Nordås, J. A. Volcanological and geochemical study of the lower palaeozoic Lykling ophiolithic complex and Siggjo complex, Central Bømlo, Western Norway. Cand. real avhandl. UiB.