• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mellomalderløa i Håvik, Bømlo

På eit småbruk i Ytre Håvik, på sørsida av Siggjo, ligg ei gammal løe med umiskjennelege teikn på høg alder. Det er ei grindbygd løe av den typen vi kjenner frå gardane på kysten av Vestlandet gjennom mange hundreår. Det som vekkjer vår interesse, er det alderdommelege preget ved konstruksjonen. Etter tradisjonen skal denne løa gå attende til 1500-talet, og ser vi på tømmeret i løa, er dette på ingen måte usannsynleg. Heilt attende til forhistorisk tid, til dei første hundreåra av vår tidsrekning, kan vi følgja stavbyggingsteknikken; som har halde seg som ein byggjemåte i naust og løer på vestkysten av Skandinavia fram til vår tid.