• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

From the old road along the Åkrafjord

Frå gamlevegen langsmed Åkrafjorden (Svein Nord).

Ein av dei mest fascinerande vegane i fylket er E134 langs Åkrafjorden; eit meisterverk i ingeniørkunst. Langs vegen finst mange døme på godt gamalt handtverk i steinbruer og vegmurar. Vegen vart bygd i åra 1940-42 og var det største vegprosjektet i vegvesenet si historie. Vel 1000 mann var i arbeid her i 1940, og vegen vart driven for hand; 40 m høge vegskjeringar, 30 m høge vegmurar, 13 tunnelar og 40 bruer med smått og stort. Dei tyske styresmaktene pressa på for å få vegen ferdig, både av sysselsettings- og millitære grunnar. Vegbygginga vart såleis forsert og fekk ikkje heilt den standard som opphavleg var planlagt. Seinare vart vegen utbedra og nyåpna i år 2000 med mellom anna den vel 7 km lange Åkrafjordtunnelen.

  • Postskyss på steinkvelvingsbrud på Tjelle (rekonstruksjon, Anne Sidsel Herdlevær, FKH).

Driftevegen gjennom Stordalen gjennom Øyno, og vidare over fjellet til Røldal, er ein av dei gamle ferdslevegane mellom aust og vest. Heilt frå mellomalderen har dette vore ei sentral sambandsline. Røldal kyrkje var ein av dei viktige valfartsstadene, og den årvisse Røldalsmarknaden trekte til seg mykje folk til langt fram på 1800-talet.

 

Postvegen frå Skånevik til Etne er ein del av sambandet nord-sør: den «Stavangerske Posttour». Postvegane vart bygde ut med gradvis høgare standard etter at posttenesta vart fastare organisert midt på 1600-talet. Først på 1800-talet vart desse vegane køyrevegar. Postvegen mellom Skånevik og Etne er sett i god stand som turveg.

  • Vevatne, I.: Postvegen. Etne Sogelag. Årb. 1988, s. 52-55.
  • Vinje, T.: Den gamle ferdavegen gjennom indre Etne fjella. Etne Sogelag. Årb. 1991, s. 21-29.