• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

I 1896 vart det gjort eit sjeldsynt funn på Bunes i Toftevågen på Halsnøya. Under utveiting av ei myr kom det for dagen tømmerstokkar og eiketre så svære at ein ikkje kunna femna kring dei. På evjebotnen oppdaga landbrukskandidat Silseth frå Toftevåg spantet av ein båt, av storleik som ein færing.

Vikingskipfunna på Gokstad og Oseberg opna augo våre for eit utruleg båtbyggjarhandverk 1000 år attende i tid, men lenge var det lite vi faktisk visste om farkostar og fartøybygging frå endå eldre tider. Båtfunnet på Bunes vart ein vitskapleg sensasjon då Håkon Shetelig tok det føre seg i 1903. Det synte seg å vera restane etter ein av dei eldste båtane vi kjenner i Norden, av same alder som båtfunn i Nydam i Danmark.

Delar av eit par båtbord, ein keip og spantet vart tekne vare på og er no på Bergens Sjøfartsmuseum.

Keipen syner at det har vore ein robåt. Bordgangane var ikkje klinka, men har vore sydde i hop, truleg med bastsnor. Mellom dei var det tetta med strimlar av raudbrunt ullstoff, duppa i tjøre.

Ei radiologisk datering av tre frå den eine bordgangen syner at båten truleg vart bygd i yngre romartid, mellom år 100 og 200 e.Kr.

  • Færøyvik, B.: Halsnøy-baaten. Norrøna bragarskrá 8. árg. 1934.
  • Magnus, B.: Halsnøybåtens tekstiler. Arkeo 1980, s.22-25.
  • Myhre, B.: Ny datering av våre eldste båter. Arkeo 1980, s. 27-30.