• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skrivargarden i «Kåravikjo», Stord

Kåravik var opphavleg ein del av garden Horneland. Namnet har vorte knytt til sagahovdingen Horda-Kåre. Det som kan styrkja denne teorien, er at det opphavlege namnet på Føyno skipreide var Kåravika skipreide.

Liksom Orninggård har det vore embetsmenn, tollarar, prestar, futar og skrivarar som har ått Kåravika. Utover heile 1800-talet følgde den eine sorenskrivaren etter den andre. Frå den tida oppstod det folkelege namnet. Staten kjøpte garden som offisiell sorenskrivargard i 1862. Det var han til 1914, då sorenskrivaren flytta til Leirvik.

Private eigarar overtok Kåravika i 1914. Eigedomen vart oppstykka, dels i mindre gardsbruk, dels til sommarbustader for kondisjonerte i Haugesund og Bergen.

Eksteriøret på hovudbygningen er prega av ombygningar frå 1880-åra. Kulturhistorisk interessant er "sølvsteinen" som ligg i tunet. Det var på denne futen hamra flatt det gamle bondesølvet som stordabuen var pålagde å levera inn som grunnkapital til den nye nasjonalbanken i 1816.

  • Torborg Nedreaas

Forfattaren Torborg Nedreaas budde i mange år på Stord, i grannelaget til Skrivargarden (bilete utlånt av Aschehoug forlag).

  • Går Herdis i brønnen?: Torborg Nedreaas (1906-1987) (1990). Norsk kvinnelitteraturhistorie. Bd 3, s. 118-125.