• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Geitalemen under utgraninga i 1920.

Geitalemen under utgravinga i 1920.

Helleren Geitalemen ligg i ei lun vik nær Drangevågen på garden Førde i Sveio kommune i Sunnhordland. Geitalemen var i bruk i yngre steinalder og eldre jernalder.

I yngre steinalder låg helleren ved stranda, men på grunn av landhevinga ligg han i dag 14 meter over havet og 150 meter frå sjøen. Funna frå yngre steinalder omfattar mellom anna pilspissar av bergarten rhyolitt. Det er også funne ein heil del avfallsrestar av dette materialet, i tillegg til restar av skifer. Rhyolitten er broten ut i fjellet på toppen av Siggjo på Bømlo, på den andre sida av fjorden. Ei steinøks av grønstein kjem truleg også frå Bømlo. Skiferen kjem derimot frå førekomstar lenger nord på Vestlandet. Fleire skraparar av flint har også dukka opp i helleren, og det er funne eit stykke av svart pimpstein med spor som truleg skriv seg frå sliping av bein eller tre. Ei beinnål kjem kanskje også frå yngre steinalder, men ho kan òg vere frå jernalderen. Det same gjeld nokre skar av keramikk. Bitane av jern og slagg er heilt sikkert frå jernalderen.

I helleren er det elles funne skjel og sniglehus og bein av pattedyr, men det er vanskeleg å knyte dette materialet sikkert til steinalder eller jernalder. Beina stammar frå ville artar som hjort og bever. Zoologane identifiserte også tamme artar som sau, storfe, hund og svin i beinmaterialet. I 2009 blei tre av beina aldersbestemte med C14-metoden. To av dei viste dateringar frå midtre og siste del av yngre steinalder, medan det tredje var frå den tidlegaste delen av eldre jernalder.

Funnmaterialet og dateringane frå Geitalemen tyder på at helleren vart brukt i mange korte periodar. I steinalderen var nok besøka primært knytte til fangst og fiske, medan dei som kom dit i jernalderen, truleg var gjetarar frå ein gard i nærleiken.

Bommen, C., 2009. Bruken av hellarar i eldre jernalder i Sunnhordland. Upublisert MA avhandling. Universitetet i Bergen.

Hougen, B. 1921. Gjeitalemen. En stenalders boplass i Førde, Søndhordland. Bergen Museums Aarbok 1920-21. Hist.- Antikv. række nr. 3.