• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Morenejorda på Lunde har skapt noko av det beste jordbrukslandet på Tysnes
Njardarlog, det gamle namnet på Tysnes, går attende til førkristen tid. Det er ei samanstilling av namnet Njord – guden for grøderikdom – og log, som tyder lovområde. Njardarlog tilsvara Tysnesøya, som var den sentrale delen av Oppdal skipreide i mellomalderen. På 1600-talet var heile Tysnes eiga skipreide (Uggdal); tidlegare høyrde gardane i Tysnes sokn på nordsida av øya til Våg skipreide, saman med Austevoll og Fitjar.

Men større enn Njardarlog var det geografiske området for Onarheimgildet, som hadde namn etter hovdinggarden Onarheim på austsida av øya. Onarheim var heilt frå forhistorisk tid eit religøst, sosialt og kulturelt midtpunkt på Vestlandet, og kanskje var dette den eldste retts-staden for det som vart heitande Gulatinget, då Håkon den gode etter tradisjonen let det flytta til Gulen midt på 900-talet.

Våge kan ha vore ein av gardane som gav namn til Våg skipreide i mellomalderen. Uggdal var sentrum i Oppdal skipreide, og då forstår vi betre kvifor dagens kommunesenter ligg her. Einaste endring av kommunegrensene for Tysnes skjedde i 1907, då gardane Stussvik og Hammarhaug aust for Lukksund vart overførte til Kvinnherad. Garden Våge er omtala som tingstad i 1590, og i skottetida på 1600-talet budde det mange husmenn og strandsitjarar her; folk som dreiv handverk, handel og fiske i ei økonomisk velstandstid. Det var også kremmarleie og strandsitjarar ved sjøen på søre delen av Uggdalseidet.

Skogøyane

Skogen har alltid vore viktig for dette øyriket. Vassdrivne oppgangssager gjorde at Tysnes gjennom lang tid leverte alle typar trevyrke i skottehandelens tid, frå slutten av 1500 til midten av 1700-talet, og heilt fram til kring 1850 eksporterte Tysnes båtar som halvfabrikata til Shetland og Orknøyane. Dette var færingar og seksæringar som vart skipa flatpakka med skotteskutene, og desse båtane vart borda opp av shetlandske fiskarar. Skogen veks heilt ut i fjøresteinane i så godt som heile kommunen, og i furuskogen som breier seg utover i låglandet og i lauvskogliane, er det eit yrande liv. Tysnes er mellom dei kommunane i Hordaland der det vert felt flest hjort, og med åra er elg blitt vanlegare. Reven har funne seg til rette, og det er berre spørsmål om tid før skogane får ei fast stamme av rådyr.

Furuskogen i søraust og nordvest kan vera svært ulik. Dette kjem av berggrunnen i områda. På øyane Skorpo og Ånuglo i søraust er det furuskog på næringsrik kalkjord, med mange kravstore urter i vegetasjonen, medan skogen på Reksterens granittgrunn klorar seg fast på næringsfattig lyngmark, dominert av røsslyng og andre nøysame planter. Men det er ikkje berre furuskog i kommunen. Langs Onarheimsfjorden og sørover til Hodnanes veks edellauvskog med mykje kristtorn og eik på kalkrikt berg i bratte lier skjerma for vestaveret.

På skeive inn i istida

Tysnes kom på skeive inn i istida, og fjellandskapet heller framleis mot vest. Det oppbrotne fjellpartiet på Tysnesøya er restar av landoverflata frå før istidene. Sett langvegsfrå frå sør glir toppane saman, slik at ein kan sjå korleis flata skrånar. Dette har si årsak i landhevinga før istidene. Innlandet heva seg meir enn kyststroka, slik at den gamle landoverflata vart skeiv. Utgravinga av landskapet i denne flata gjekk føre seg gjennom mange istider. Dei sterkaste og mest motstandsdyktige fjellpartia vart ståande att.

Gabbro frå aust

Den massive gabbroen, som mellom anna finst på Tysnessåto og Etlådnefjellet, høyrer til dei harde bergaratane. Langt mjukare er dei kalkførande kambrosilurskifrane langs søraustsida av øya og vidare aust for Tysnessåto og i Godøysundområdet i nord. Desse skifrane heng truleg saman med liknande bergartar i Os. Gabbroen på Tysnessåto synest å liggja oppå skifrane i søraust som ein svær kloss. Denne klossen har kome austafrå og glidd fleire kilometer over skifrane mot vest, då den kaledonske fjellkjeda vart sliten sund i devontida.

På nordvestsida av Tysnesøya og over på sentrale delar av Reksteren er det granodioritt, ein granittype som er lysare og noko yngre enn gabbroen. Dei yngste granittane , «berre» 430 millionar år gamle, finst heilt nord på Reksteren. Denne steinen har vore brote både til brustein og bygningsstein. Mykje yngre er korallreva som finst på fleire hundre meters djupne mellom Reksteren og Tysnes og også inst i Selbjørnsfjorden. Dei er fleire tusen år gamle og veks etter alt å døme framleis.

Strandflata er tydeleg på nord- og vestsida av Reksteren, men viser også på nordsida av Tysnes. Dei største jordbruksområda i kommunen ligg på morenejord avsett av armar av den breen som gjekk ut til Halsnøy for 10 500 år sidan. Ved Onarheim gjekk det ein brearm inn mot Singelstadvatnet der morenejord vart lagt igjen både nede ved vatnet og ved Solheim og Skjolda. Skjolda har namnet etter ein morenerygg forma som eit skjold. Breen sende også ein arm nordover Lukksundet og ut i den djupe Bjørnefjorden. Ein annan gjekk inn Gripnevågen og bygde opp endemorenar mellom Gripne og Lunde.

Kystfjell

Kommunen har i hovudtrekk eit kystklima, men den vekslande topografien gir ofte store skilnader i temperatur over korte avstandar. Småkupert terreng gir mange lune område med lite vind, tidleg vår og høg sommartemperatur. Om vintrane kan ein oppleva rett høg temperatur i låglandet nær sjøen, medan ein innover på øya kan ha lange periodar med både snø og minusgrader.

Tek du turen opp på Hovlandsnuten eller den litt høgare Tysnessåto (753 m o.h.) vil du sjå vide ikring. På vegen vil du sjå at det er mykje vierkratt i nordvendte, fuktige fjellsider. Nokre særmerkte fjellplanter er kjent frå dette fjellområdet, slik som tuesildre, setergråurt og kastanjesiv. Dei veks på berghyller og i kløfter der sauen ikkje kjem til. På vegen opp og ned, vert du halde auge med av fjellvåk og ramn, som hekkar mest årleg i desse traktene. Er du heldig, ser du snøsporven, den mest hardføre fjellfuglen her til lands. No er det ikkje Anne Knutsdotter som bur i ”uren luren himmelturen,” men liv er det framleis. Røyskatt er vanleg langsmed stien, som går gjennom mange steinurer. I meir sentrale fjellområde i Sør-Noreg er det mest røyskatt og fjellvåk i gode smågnagarår, men så langt ut mot kysten er ikkje dyrelivet så avhengig av svingingar i smågnagarbestandane.

På blå botn to krosslagde øksar under ein sparre i sølv

Våpenet er godkjent av Tysnes kommunestyre 28.10.1971 og er teikna av Magnus Hardeland. Det er ikkje godkjent etter heraldiske reglar. Seglet til Onarheimsgildet er blitt segl for fylkeskommunen. Men fordi Onarheim ligg i Tysnes, så ville kommunen og ha eit motiv som var basert på seglet. Difor tok kommunen dei krosslagde øksane og sette dei under ein sparre. Sparren skal markera at det var Tysnes som hyste gildet.

valknute

Tysnes er av namnegranskaren og religionshistorikaren Magnus Olsen sett inn i ein førkristen kultsamanheng, der førsteleddet Tys- viser til gudenamnet Ty. Det eldre namnet på Tysnesøyo meiner han har vore Njardarlog, gno. Njarðarlog, lovområdet der dei dyrka guden Njord. Ty og Njord var eit gudepar i den norrøne mytologien. Fleire stadnamn her tyder på heiden kult, som Ve av gno. vé «heilagdom», Vevatne, Helgastein, Godøyo. Det siste namnet inneheld gno. guð, goð «(heiden) gud». Hovland kan òg setjast inn i ein religiøs samanheng.

Til grunn for Onarheim ligg truleg gno. ón «landstykke, teig». Uggdal er lett å tolka når ein får opplyst eldre skriftformer som i Uppdale. Same opphav har forresten Uvdal i Numedal. Årbakke kjem av eit eldre árbakki «elvebakke». Dalland er samansett av dal og land, medan Færavåg helst inneheld ferd «reis, fiskestim». Flakka er avleidd av flat, anten om lendet eller om fjorden. Anuglo er eit alderdommeleg ord; av and «midt i mot, overfor» (som i andlet) og ei avleiing av same opphav som haug, jf. Huglo ved Stord.

  • Seglet til Onarheimsgildet

Njardarlog og Onarheimsgildet

Njardarlog, det gamle namnet på Tysnes, er eit namn som går attende til førkristen tid. Det er ei samanstilling av gudenamnet Njord og -log, som tyder lovområde. Det geografiske området for Onarheimsgildet har vore større enn Njardarlog, i alle høve i mellomalderen. I gildet sine statuttar frå 1394 heiter det at ein gildebror som sit heime uten gyldig forfall utanfor Hardsjo (det gamle namnet på Krossfjorden), skal leggja bot. Dersom ein tolkar utanfor som nordanfor, tyder dette at gildeområdet omfatta meir enn Sunnhordland (medrekna Framnes-Os, og Samnanger-Strandvik og Strandebarm). At gildet hadde medlemmer frå heile fylket, kan namn som «Vossabolkjen» på Onarheimskyrkjegarden vera eit vitne om. I det gamle Hordafylket finn vi mange gilde i mellomalderen: St. Mikkelsgildet på Voss, som hadde tilhald i det staselege gildeloftet på Finne; eit gilde i Kinsarvik som truleg har vore eit soknegilde, eit St. Nikolasgilde i Øystese og kanskje også eit gilde på Stord. Gilda hadde også ein samanheng med tingsamlingane i mellomalderen. Det tinget som vart halde på Onarheim, gangdagetinget, må ha dekt eit område som tilsvara det gamle Sunnhordland. Tinga vart haldne under open himmel. Først langt fram i tid vart det bygt eigne tingstover.

  • Langpendling til anna arbeid enn sjøfart. Vi ser her tysnesingar på grøftegraving i Minnesota. (ukjent, postkort privat eige)

Nordlandsfart og amerikapendling

Som alle vestlendingar tok tysnesingane del i fisket etter sild vinterstid; eit fiskeri som kom og gjekk i periodar gjennom hundre åra. Ein slik periode byrja tidleg på 1800-talet. Vintersildfisket la byg dene tomme for mannfolk på ettervinteren, år etter år.

 

Ein del tysnesingar hadde kring 1850 skaffa seg jaktefartøy som dei dreiv sildeoppkjøp med. Då det vart slutt på silda på 1870-80-talet, gjekk flåten med jaktefartøy i aukande grad inn i den såkalla Nordlandsfarten, som tysnesingane dominerte i lang tid.

 

Tysnesgutar som voks opp på 1890-talet, byrja i aukande grad i utanriks sjøfart, etter nokre sesongar på Nordland. Det var helst i Amerika dei samla seg, og då med Brooklyn som base for ameri kansk sjøfart. Utvandringa til Amerika frå Tysnes før 1890 hadde vore liten i høve til det som kom seinare. Dei første offisielle ut - vand rarane teikna seg hjå presten i 1854. Frå 1890-talet av er lang pendlinga til Amerika eit særtrekk som ikkje er kjent i granne kommunane. Denne næringstil passinga hadde si hovudtid mellom 1900 og 1950, men dei siste pendlarane gav seg så seint som kring 1970.

 

Mange tysnesingar vart sjøfolk og offiserar i den amerikanske lyst-yacht-flåten. Dette var millionærane sine leiketøy, og store pengesummar fann vegen heim til Tysnes gjennom denne «luksusfarten». Tysnesingane dominerte den amerikanske lystyachtflåten i mange år.

 

Engel Vage (1875-1944) – eller «Coacoanut John» – som han vart kalla, var rekna for å vera den dyktigaste yachtskipperen i Amerika. Han likte best å ha tysnesingar som mannskap, og mange unge gutar fekk sitt første arbeid hjå han i det nye landet.

Hjeltabåtane

I ei «innberetning» i 1743 nemner sokneprest Christie at det kjem 1-2 «hit lændere» til Godøysundet om sommaren, «for at afhænte smaa baade». Ei tilsvarande melding frå 1714 fortel at i «Gudesund er en ladeplads for skibe som intage trælast, særlig fra Heth - lænder og de af Ørchen øerne, som der aarlig kommer for at tilforhandle sig baade, som de til deres fiskeriers fortsættelse behøver....». Sunnhordland var nok ikkje det einaste bygde laget som selde båtar til skottane, men hjelta båtane (båtar til Hjaltland, det gamle norske namnet på Shetland) var ei viktig eksportvare for denne landsdelen. Mange av skotte skutene gjorde to turar for året. Tollistene frå tollstasjonen i Eldøy vågen på Stord (1590-1754) fortel om denne handelen, men endå rikare opplysningar gjev skipslistene for Dundee i Skottland.

 

Eksporten av hjeltabåtar må ha halde seg utover heile 1600-talet. Av 52 nybygde båtar som vart selde i 1664, var 36 bygde i Tysnes. Dei båtane som vart skipa over Nordsjøen med skutene som kom for å lasta tømmer, var bygde slik at dei berre var hefta i hop med nokre få naglar og lett kunne ta kast frå kvarandre. Så vart dei merka og nummererte, del for del, og skipa inn som prefabrikerte byggesett – «og kand et lidet skibsrum vel indtage 70, 80, 100, ja 120 baade». På Shetland vart så båtane borda opp av fiskarane som skulle bruka dei. Denne båtbygginga heldt seg som eksport næring gjennom fleire hundre år. Så seint som kring midten av 1800-talet vart det bygt hjeltabåtar på garden Tysnes, og gamle Sjur Tysnes (f. kring 1800) kunne minnast at det kom skip og lasta inn dei ferdige bå tane ved «Prestabryggjo». Då eksporten av hjeltabåtar tok slutt fram på 1800 -talet, slo tysnesingane seg på jektebygging, som hadde ein gullalder under det rike sildefisket.

  • Kalkmiljø på Ånuglo
  • Skogfredlaus er vanleg på kalkgrunn i Sunnhordland
  • Den vintergrøne falkbregnen, veks i sprekkar i dei kalkrike berga
  • Kart over sonene med marmor og kalkrik skifer på nordsida av Hardangerfjorden.

Den grøderike kalken

Kalkdraga langs nordsida av Hardangerfjorden, frå Varaldsøy og sørvestover, er eineståande i vestnorsk samanheng. Ingen andre stader i fylket finn vi så mykje marmor. På det kalkrike berget veks spesielle og kravstore planter som er uvanlege andre stader. Årsaka er grunnstoffet kalsium.

 

Kalkstein og marmor (omdanna kalkstein) er det lite av i Hordaland,men dei finst i det fruktbare beltet av kambrosilurbergartar som strekkjer seg frå Varaldsøy til søraustsidene av Tysnes og Stord, og til det sørlege Bømlo. Også fyllittane og glimmerskifrane som følgjer kalkdraga, inneheld kalk. Når slike bergartar forvitrar, blir det danna fruktbar, kalkrik jord.

 

Kjemisk er kalkstein og marmor samansette av kalsiumkarbonat med varierande innhald av magnesium. Dei reinaste marmorane inneheld opp mot 98 % kalsiumkarbonat, noko som har gjort at dei kan nyttast industrielt. Det har vore brote og brent kalk mange stader på Tysnes, med opp mot ti kalkbrenneri i sving samstundes. Den brende kalken vart brukt som bindemiddel til dei store steinmura bygga i byane. Kalkomnen i Flakkavågen er restaurert og vitnar om den nære samanhengen mellom berggrunn og næringsgrunnlag i det nittande hundreåret. I tillegg var det uttak og brenning av kalk frå dei same marmorsonene på Seløya, og på Storsøya og Huglo lenger sør.

 

Mange planter veks berre på kalkbergartar. Det er naturleg å tru at dette har si årsak i den store tilgangen på kalsium, eit viktig grunnstoff som plantene tek opp gjennom røtene etter at det er løyst opp i jordvæska. Som næringsstoff er kalsium likevel ikkje det avgjerande, fordi det er nok av dette stoffet i dei fleste jordtypar. Men surleiksgraden i jorda blir redusert dersom det er mykje karbonat der, noko som gjer fleire andre stoff lettare tilgjengelege. Kalken si rolle i jorda er først og fremst å sikra at plantene lett skal kunna ta til seg dei livsviktige næringsstoffa.

 

Blåveis, murburkne, falkbregne, bergflette og sanikel trivst best på kalkrike bergartar. Det same gjer mange av orkideane, slik som raudflangre, brudespore og stortviblad. Kalkkrevjande planter kan vi finna både på marmor og fyllitt, men nokre av artane veks tettare på marmor.

 

Kalken høyrer til det som blir kalla dei eksotiske, kambrosiluriske bergartane i det geologiske innleiingskapitlet. Han vart avsett over tjukke vulkanske lag og djupbergartar langt vest eller nordvest for Sunnhordland. Vulkanane i området hadde teke til å søkkja ned i havet. I det grunne havet var det eit rikt liv, med dyr som hadde kalkskal. Etter kvart som dyra døydde, samla skala seg på havbotnen. Gjennom lange tidsrom vart skala overleira av meir og meir sediment, dei vart samantrykte og gradvis omdanna til fast fjell, kalkstein. Under den kaledonske fjellkjededanninga vart så kalksteinen kraftig pressa, omdanna til marmor og falda saman med bergartane rundt. Dei to hovudsonene som finst på vest- og austsida av Skorpo og Huglo, er derfor det same laget som heng saman i djupet, med ein sur og nesten vegetasjonslaus vulkansk bergart imellom. Kontrasten i landskapet mellom denne bergarten og marmoren ikring kan knapt bli større.

  • Tette skogområda nord på Tysnes

Laura og dottera Gunvor på vandring gjennom dei tette skogområda nord på Tysnes i 1950-åra.Det er fleire urgamle skogar på denne øya, med tre av høg alder, alrike, rettstamma furutre som eignar seg til båtbygging. (Jens Glette)

  • Av øykommunane i Sunnhordland er Tysnes den einaste der det i dag er ei levedyktig revestamme.

Reveøya

Av øykommunane i Sunnhordland er Tysnes den einaste der det i dag er ei levedyktig revestamme.

 

Reven kan symja, men gjer det sjeldan. Til Tysnes har han nok heller raska over isen. I kalde vintrar med mykje is skulle det vera enkelt å kryssa frå fastlandet i Fusa. Med Lokksundbrua har det vorte endå lettare. Truleg er det tysnesstamma som har vore utgangspunktet dei få gongene i førre hundreåret at ein har sett rev på Stord. (Jan Rabben)

  • Tannrot

Tannrot blømer i mai. Denne planta veks på god moldjord i lauvskogane på Tysnes. (Bjørn Moe)

  • Drange, E. B. (1986-1991) Tysnes: gards- og ættesoge. Tysnes, Tysnes sogelag.
  • Heggland, J. (1964-1975) Tysnes: det gamle Njardarlog. Tysnes, Tysnes sogelag.