• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sysleinndelinga i Hordafylke, Sygnafylke og Firdafylke ved slutten av høgmellomalderen. Hardanger og Voss var eigne sysle, men korleis delinga var mellom Sunnhordland og Nordhordland er usikkert.

Bergenhus slottslen i 1560, «Vestlandet på sitt lengste». Hardanger heldt fram med ein særskild status som eige underlen som svara skatt til biskopen. Skipreideinndelinga vart derfor ikkje så fast gjennomført her som i dei ytre delane av fylket.

Bergenhus len og inndelinga i futedøme i 1640. Hardanger er eige futedøme; grensa går over Hardangerfjorden frå Jondal til Tørvikbygd, medan Voss og Nordhordland utgjer eitt futedømme og Sunnhordland resten.

I 1680, etter at eineveldet og amtsadministrasjonen er innført, ser vi at Hardanger framleis har ein særskild status, likeins Halsnøy kloster.

Kartet over området for Bergen eller Gulatings lagdøme er identisk med stiftamtet.

I 1866 er Bergenhus stiftamt delt i to: Søndre og Nordre Bergenhus amt, som tilsvarar dagens fylke Hordaland og Sogn og Fjordane. Denne delinga av siftamtet vart gjennomført i 1763. Vi ser at i 1866 var Hardanger og Voss blitt slegne saman til eitt futedømme.