• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Holo

I Kvassdalen var det aktiv stølsdrift med mjølking av kyr og geitehald nokre år inn i vårt tusenår , og slik hadde det vore i meir enn to hundre år. Såleis har dalen ikkje fått gro til med kratt og skog, men er open og lys. Fortsett er det beiting av kyr og sauer.

Stølsområdet Holo i Kvassdalen ligg tett attmed riksvegen like før oppstiginga i lange hårnålssvingar mot Vikafjellet. Det er den næringsrike fyllittgrunnen og rikeleg med lausmassar som gjorde det fruktbart å støla her. Istidsbreane la att mykje morenemateriale, og elva har bygd opp låge terrassar på den heller flate dalbotnen. I dei bratte dalsidene ligg store mengder rasmateriale, mest frå snøskred.

Opp gjennom tidene har dyra frå gardane lenger nede i dalen kome til Holo sommarstid for å gjera seg feite og produsera nok mjølk til stort sal av smør og ost. På dette viset kunne det òg haustast mykje vinterfôr på dei urørde heimebøane når sommaren var over.

Holo er typisk for dei gamle vestlandsstølane: Husa er samla inst på flata, der lendet er ope og dyra har beita ned graset. Mellom bratte fjellskråningar ligg dalbotnen med freistande beitemarker av gras og lyng. Lenger oppe er det parti med småskog av bjørk, men snøskred og ustabil jord gjer at skogen vantar mange stader. Fleire bregnar klarar seg likevel godt på rasmarka og veks i enorme mengder, slik som smørtelg og fjellburkne.

Slik det er i mange stølsområde, har vegetasjonen i Holo innslag av både lågland og høgfjell, men framfor alt er det omfanget av beiting som avgjer plantelivet i dalen. Det er til dømes berre dei mest hardbalne plantene engsyre, kvitkløver, nesle og ulike grasog storrartar som greier seg gjennom beitinga, nedtrakkinga og den harde gjødslinga på sjølve setervollen. Nedst i fjellskråninga blir det òg beita, men presset er ikkje så hardt, og fleire artar trivst. Her veks hardhausane frå setervollen saman med fjellplantene setermjølke, trefingerurt og brearve. Der dyra ikkje beitar, veks det meir lyng, slik som blålyng, krekling og blåbær.

  • Trefingerurt

Trefingerurt. (Jan Rabben)

  • Hellesnes, T. 1972. Gardssoge for Vossestrand, Vinje sokn.