• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

SPELEMENN FRÅ REKVE

På garden Rekve på Bulken finn vi tre kjende spelemenn i same ætta. Med den første, Ola Kristofferson (f. 1733) er vi i den eldste delen av folkemusikksoga vår. Sonen hans, Nils (f. 1777) vart meisterspelemann, og noko seinare, i 1796, kjem Olav Larsson til som den siste i rekkja av Rekvespelemenn. Av desse var det Nils som sette merkesteinar i tradisjonen. Enno i dag lever namnet hans sterkt mellom spelemenn. I si beste tid var han eit mønster i skapande slåttespel, og han vart ein omtykt læremeister for spelemenn på Vestlandet. I Hardanger vert det sagt at mest alle som tok til som spelemenn der på den tid, var saman med Nils Rekve. Den fremste av spelemennene i Nordhordland, Magne Kleivland (f. 1804) rekna òg «Rekven» som læremeisteren sin. Vi veit at dei var hjå Rekve etter spel, både Knut Lurås og Myllarguten frå Telemark, og frå dei går linja til namnet «Nils Rekves halling».