• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Småengkall

KULTURLANDSKAPET PÅ ULVUND

Ein av dei eldste gardane i Myrkdalen, Ulvund, er utpeika som eitt av 14 område i Hordaland med særleg verdifullt kulturlandskap. Jordvegen ligg i ei bratt skråning ned mot Myrkdalsvatnet. Den flataste innmarka, som i dag blir hausta til silo, var gamle kornåkrar, medan skråningane er gammal slåtteng.

Slåttengene blir framleis hausta på tradisjonelt vis, utan gjødsel. Slåtten skjer med ljå i august. I korte periodar vår og haust blir engene beita. Slik har ein halde oppe ein rik vegetasjon som kan sporast attende til mellomalderen. Fleire av artane er sjeldsynte i Hordaland. Plantene småengkall (biletet) og gjeldkarve er det registrert meir av enn på nokon annan gard i fylket.

Eit anna minne frå farne tider er alle dei gamle aske- og almetrea som tidlegare vart styvde. Trea har seinare utvikla store, tunge kroner, med mange tjukke greiner. Somme tre blir framleis styvde. Med 5–7 års mellomrom høgg ein av alle greinene, slik at dei aldri får tid til å veksa seg særleg tjukke. Meterlange kvister blir bunta saman i knippe, tørka og brukte til husdyrfôr. Dette fôret er like næringsrikt som grasfôr, og inneheld òg ein del andre mineral. For husdyra er dette reine helsekosten. Etter nokre år veks det ut ei mengd tynne greiner på stuvane; dei blir sjåande ut som bustehovud på dei tjukke stammene.

Borken av dei tjukke greinene vart tidlegare òg nytta til fôr (skav), og veden gjekk til brensel. Stuvane veks spreitt i steinrøysar, langs gjerde og i brattlendte slåttenger.

  • På Ulvund blir graset framleis tørka i hesjer
  •  Arne Dugstad slår den innhaldsrike marka med langorv

På Ulvund blir graset framleis tørka i hesjer. Arne Dugstad slår den innhaldsrike marka med langorv. (Svein Nord)