• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Vosso mellom Evangervatnet og Bolstadfjorden

Vosso mellom Evangervatnet og Bolstadfjorden. Frå vegen mot Øvstedalen. (Helge Sunde)

VESTLANDETS STØRSTE ELV

Vosso er Hordalands hovudpulsåre, aldri har ho runne meir rikeleg enn i våre dagar, og ikkje noka elv på Vestlandet er så vassrik. Auken i vassmengdene kjem hovudsakleg av kraftutbygging, med overføring av vatn frå andre vassdrag. Klimaendringar kan òg ha gjort sitt til at Vosso har meir vatn enn før.

Med eit naturleg nedbørsfelt på nær 1500 km² er Vosso òg det mest omfangsrike vassdraget i Hordaland. Nedbørsfeltet er auka kunstig ved overføringar frå øvre delar av Steinslands- og Eksovassdraga. Det meste av overføringane skjer via Evanger kraftverk. Som følgje av kraftutbygginga er nedbørsfeltet til Vosso utvida til vel 1600 km².

Vassføringa ut av Vangsvatnet blir registrert på målestasjonen på Bulken. Dette er ein av dei eldste målestasjonane i landet i eit tilnærma uregulert vassdrag – stasjonen ligg ovanfor vassoverføringane frå utbygginga, og er såleis ikkje påverka av dei. Stasjonen har ein ubroten måleserie sidan 1891. Data herfrå har vore nytta i mange samanhengar, til dømes som typevassdrag for utrekning av variasjonar i vassføringa som følgje av eventuelle klimaendringar. Også vasstemperaturen i Vosso blir målt fleire stader.

I perioden 1961–90 auka årsmiddelvassføringa ved Bulken med 13 prosent samanlikna med avrenninga i dei føregåande 30 åra. Tilveksten har vore størst i haustmånadene. Det samsvarar godt med auken i målt nedbør, som òg har vore størst om hausten. Denne auka vassføringa heldt seg utover første del av 1990-åra, men i 1996 kom det tørraste året sidan 1960. Vassføringa dette året var litt under 1/3 av det som vart målt i det våtaste året (1990). Sidan 2000 har aukinga  i årsmiddelvassføringa vore mindre enn på 1990-talet.

  • Det renn meir vatn enn i noko anna vestlandsvassdrag i Vossevassdraget

Det renn meir vatn enn i noko anna vestlandsvassdrag i Vossevassdraget. Frå Strandaelvi ved Taulen. (Helge Sunde)

  • Sælthun, N. R. et al. 1990. Climate change impact on Norwegian water resources. NVE Publikasjon V42.