• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fiske ved Flagafossen, 1930-åra

Fiske ved Flagafossen, 1930-åra. (Normann)

VERDAS STØRSTE LAKS

Større laks enn i vossostamma skal visst ikkje finnast i heile, vide verda. Snittstorleiken varierer rett nok frå sesong til sesong, men i mange år har den landa fisken hatt ei gjennomsnittsvekt på over 10 kilo. Ruggar på kring 30 kilo har vore tekne i elva, men ein må like tilbake til 1940-åra sidan siste laks av slik storleik vart fiska.

Med slike fangstar er det ikkje å undrast over at laksefisket i Vosso har vore ein verdsattraksjon og gitt store økonomiske utteljingar for oppsitjarane langs elva og Bolstadfjorden. På det meste betalte utanlandske investorar meir enn ein million kroner for fiskerettar.

Men som i så mange andre elvar på Vestlandet har oppgangen av laks svikta dei siste tiåra – i Vosso i slik grad at laksen har vore freda sidan 1991. Lakselusa må ta ein stor del av skulda, om enn årsakene truleg er fleire. Sjølv om det har vore sett ut yngel i elva i lang tid, er det heilt uvisst når laksefisket kan opnast att. Også sjøauren i Vosso har vore freda, men for denne fisken har det sidan 1997 vore gitt løyve til ein viss fangst.

Vassdraget har tre hovudgreiner ovanfor Vangsvatnet: Strandaelvi, Raundalselvi og Bordalselvi. Desse elvane vart varig verna mot kraftutbygging i 1986. Vangsvatnet og elvestrekninga nedstraums inngår ikkje i vernet. Laksen kjem seg opp Vosso på naturleg vis til Voss klekkeri i Strandaelvi og til Palmafossen i Raundalselvi. Ved Palmafossen vart det bygt ei laksetrapp i 1950-åra, men enno manglar prov på at laksen har kome forbi henne.

Vosso renn gjennom rike jordbruksbygder, somme stader òg over næringsrike bergartar. Likevel har vassdraget merka effektane av forsuring, rett nok ikkje i så høg grad som mange andre elvar. Av omsyn til laksestamma har det sidan 1994 vore tilført kalk ved kraftstasjonen ved Evanger. Kvifor er den opphavlege laksen i Vosso så stor? At han kjem frå ei stor elv, er sjølvsagt viktig. Dertil oppheld Vossolaksen seg lenger i sjøen enn dei fleste andre laksestammer. Men kvifor han gjer det, er det ingen som veit.

  • Kart over Vossevassdraget

Kart over Vossevassdraget. «Voss er vid, men Vøre er vidare». Vassvøre er det gamle namnet på området frå Vangsvatnet til Bolstadfjorden.

  • Fiskelordar viser fram dagens fangst ved Monsen Hotell, Evanger i 1912

Fiskelordar viser fram dagens fangst ved Monsen Hotell, Evanger i 1912. Vekta på tavla er oppgitt i pund. (Utlån: Terje Styve, Voss Folkemuseum VFU-F-01672.)

Voss Klekkeri

Voss Klekkeri vart reist i 1989, men frå tid til anna har det vore drive klekkjeri i Vosso heilt sidan 1920-åra. Hausten 1989 vart den første rogna frå vossolaks lagd til klekking. Sidan har det vore sett ut opp mot 100 000 sommargammal laks på om lag 5 centimeter langs store delar av den lakseførande strekninga i Vossevassdraget. Det årlege fisket etter stamfisk i den freda elva, og utsorteringa av oppdrettsfisk, har vore arbeidskrevjande. Når fangsten av stamfisk har svikta, har det vore naudsynt å tilføra rogn av vossolaks frå genbanken i Eidfjord for å kunna produsera tilstrekkeleg med setjefisk.

 

Årleg blir det òg produsert opp mot ti tusen brunaureyngel på Voss klekkeri. 5–7 centimeter lang sommargammal yngel har vore sett ut i bortimot 60 vatn kringom i heile kommunen. Dei sterkt kraftregulerte vatna, Torfinnsvatnet og Volavatnet, har i dag fint fiske takk vere desse tiltaka. Det hjelper òg på at større brunaure blir flytta frå fiskerike til fiskefattige vatn.

  • Bjørklund, A. E. 2002. Vassdrag i Hordaland 2000. Rådgivende Biologer og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 3/2002.