• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Østersurt

Østersurt veks på rullesteinsstranda i Vestrefjæra. For å tola rufsete vêr med mykje vind og eit og anna bølgjeslag må ho krypa langs bakken. Der lyt ho vera åleine, andre planter blir det ikkje plass til. Derfor veks østersurta der ingen andre trivst, på naken grus og mellom rullesteinar. Her klorar ho seg fast med den kraftige rota. (Jan Rabben)

I eit lass med hestefôr kom den uvanlege nellikplanta tunbendel til Valen under siste verdskrigen. Bergfletta derimot har spreidd seg nordover på eiga hand, på Herdla finn ein den nordlegaste i landet. Mest typisk for Herdla er likevel strandplantene. Nokre føretrekkjer rullesteinsstrand, som strandrug, åkerdylle og den nokså sjeldne østersurt. Andre trivst på sandstrand. Strandarve og strandreddik høyrer til dei.

Strandarve

Strandarve (Jan Rabben)

Strandreddik

Strandeddik (Jan Rabben)