• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Losbåt på Fedje

Den som kjende sjøvegen og kunne føra skip trygt frå stad til stad, vert i sagaen kalla for leiđsogumađr; han som kan fortelja om leia. I Magnus Lagabøte si landslov frå 1274 seiest det at leidsogumannen skulle ha ei mark sølv for å føra eit leidangsskip frå Nidaros til Bergen. Losane, som risikerte eige liv for andre, er ei av dei mest omtala og omtykte yrkesgruppene i Noreg.

Fastare organisering av losvesenet fekk vi ikkje i Noreg før tidleg på 1700-talet. Då vart landet delt i to losdistrikt, det sønden- og nordenfjeldske. Skiljet gjekk ved Åna Sira i Rogaland. Kvart losdistrikt vart styrt av ein overlos, med losoldermenn som hadde ansvaret for «offentleg godkjenning» i form av patent som kongeleg los.

Den harde og farlege tevlinga losane imellom om først å kapra seg eit skip for å få prisepengane, førte til at mange tok store riskar og gjekk ut i altfor dårleg vêr. Langs kysten finst mange soger om enkjer og farlause som sat att etter losar som fann si grav i bølgjene. På 1800-talet tok losane meir og meir i bruk dekte losfartøy, noko som i stor grad auka tryggleiken.

Under første verdskrigen, då handelsskipa gjekk i konvoi, var Fedje eit viktig knutepunkt i trafikken. Hesthaugen vart eit sentralt område for lostenesta. Losane bygde hus på haugen og sat heime og heldt utkikk etter skip, med god hjelp frå kone og born.

Etter andre verdskrigen vart det tilsett to losgutar som gjekk daglege vakter på Hesthaugen.

I 1953 vart det sett opp ei loshytte på tuftene av radartårnet som tyskarane bygde, og i 1956 vart det kjøpt inn ei losskøyte. I 1970 vart det bygt ny stor losstasjon på same staden. I samband med den store tanktrafikken til oljeterminalane på Mongstad og Stura vart den nye trafikksentralen for Vestlandet bygd på Fedje. Sentralen, som står på same staden som dei to føregåande byggverka, vart opna 1. september 1992. Sentralen med losstasjonen har om lag 40 tilsette.