• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ærfuglbestanden i Bømlo har vore i sterk vekst det siste tiåret.

Ærfuglbestanden i Bømlo har vore i sterk vekst det siste tiåret. (Jan Rabben)

SØRØYANE - VIKTIGASTE SJØFUGKOMRÅDET I HORDALAND

I hekketida er det ferdsleforbod på Sørøyane, lengst sør i Hordaland. Dei som meistrar dette røffe havområdet, kan passera det yrande fuglelivet på holmane på minst 50 meters avstand. På denne avstanden er det mest måse, ærfugl og skarv du ser.

Nest etter sildemåse og gråmåse er toppskarven den vanlegaste hekkefuglen på holmane. I 2000 hekka det oppunder 250 par av den staselege fuglen på øygruppa. Mengda er mykje den same i dag. Reira deira ligg gjerne langt inne i bergsprekkar og steinurer. Lukta av roten fisk kjennest på lang avstand. Ein rugande fugl tek ikkje noko for å sprøyta mageinnhaldet over ubedne gjester.

Ein gong mellom 2005 og 2011 etablerte storskarven seg som hekkefugl ved Sørøyane. Denne arten hekkar meir ope enn storskarven, og no hekkar oppunder 100 par her. Arten har ekspandert sterkt i Sør-Noreg det siste tiåret, og Sørøyane er ein av to relativt nyetablerte hekkekoloniar i Hordaland.

I sjøen utanfor holmane kan du sjå småflokkar med teist. Sørøyane er det viktigaste hekkeområdet for denne alkefuglen i Hordaland. Teisten er særs sårbar for predasjon frå mink, og bestanden har såleis gått sterkt tilbake også her. I dag finst det ikkje lenger fast bestand av mink på Sørøyane, og teisten viser på ny bra framgang. Sjøfugl som lunde og havhest har tidlegare hekka i små tal på Sørøyane, som einaste staden i fylket, men desse artane hekkar ikkje lenger her.

  • Havhest

I slutten av 1990-åra slo ein koloni av havhest seg til på Sørøyane, som einaste staden i Hordaland. (Hallgeir B.Skjelstad)

  • Sjøfugl

Sjøfugl

Fuglar er høgt oppe i næringskjeda. Storleiken på bestandane fortel mykje om forholda i naturen. Har fuglane det bra, har gjerne resten av naturen det òg bra.

 

Samanbrotet i den atlantiske sildestamma i 1970-åra og loddekrakket i Barentshavet midt i 1980-åra kunne sjøfuglforskarane varsla på førehand. Då svikten verkeleg melde seg, hadde sjøfuglane i dei same områda opplevd matkrise i fleire år. Hadde styresmaktene teke signala frå fuglane, ville ikkje følgjene for både samfunnet og naturen ha vorte så store og langvarige. Slik er naturen ufråvikeleg: Blir haustinga for stor, blir det lite att til andre organismar som er avhengige av den same ressursen. Ein må då byggja stammene opp att frå botnen av næringskjeda for å bevara det biologiske mangfaldet.

 

I dag er silda tilbake på kysten vår, likevel ser vi enno ikkje store effektar på sjøfuglbestandane. Til dømes er bestanden av sildemåse sterkt redusert, og fleire koloniar er heilt vekke. Fiskemåsen var tidlegare den vanlegaste måsearten på kysten, men den kysthekkande bestanden av arten har kollapsa mest heilt. Denne arten greier seg i dag langt betre ved tettstader og ferskvassvåtmarker. Også teist, raudnebbterne og makrellterne har gått sterkt tilbake på kysten, og ein art som tjuvjo hekkar berre ein sjeldan gong heilt sporadisk i Hordaland. Ein reknar med at lokal næringssvikt er ei av dei viktigaste årsakene. Heldigvis finst det òg artar som greier seg betre. Ærfugl, toppskarv og storskarv er døme på dette, og bestanden av grågås har endra seg i dramatisk grad. Kring 1970 har vi ikkje dokumentasjon på at arten hekka i det heile i Hordaland. I dag har vi oppunder 1000 hekkepar.

 

Sjøfuglane hekkar helst på øyar eller i fuglefjell. Det finst ingen fuglefjell i Hordaland, truleg av di dei næringsrike kyststraumane ikkje kjem nært nok inn til kysten hos oss. Det næraste vi kjem, er ein bergvegg på Geitung i Bømlo. Her fanst den einaste krykkjekolonien i Hordaland. Han vart etablert i 1992, og vi veit at i alle fall tre av fuglane kom frå kolonien på Spannholmane ved Utsira. I 1995 var kolonien på Geitung oppe i 35 reir, men i 1999 var bestanden nede i 12 reir, og året etter var staden fråflytta. Den har ikkje vist seg sidan.

  • Sjøfuglane hekkar helst på øyar eller i fuglefjell.
  • Hekkebestanden av sjøfugl i Hordaland

Sjøfuglreservat

Med vel 6500 øyar, holmar og skjer har fylket vårt gode føresetnader for ei rekkje sjøfuglartar. Dessverre har mange av desse artane opplevd alvorleg skort på næring.  Såleis er mange tidlegare kjende sjøfuglkoloniar fråflytta av fuglane, mellombels eller permanent. I tillegg trugar fritidsbruken av kysten om sommaren og den aukande småbåtflåten den freden dei sårbare fuglane treng i hekketida. Derfor vart det i 1987 oppretta 70 sjøfuglreservat i fylket for å verna det viktigaste som var att. Bømlo kommune har flest reservat i fylket; 12 sjøfuglreservat som omfattar om lag 60 små og store holmar. I reservata er det ferdselsforbod på land og i ei sone på 50 meter kring reservatet i tida 15. april–31. juli. 

  • Hekkebestanden av sjøfugl i Hordaland 1980, 2003  og 2015 (par)

Hekkebestanden av sjøfugl i Hordaland 1980, 2003  og 2015 (par)

Sjøfuglane sine utkikkstårn

På høge nes ute i skjergarden med god utsikt finst ofte einskilde graskledde tuer på blanke berget. Her sit sjøfuglane, som oftast måsar, og speidar etter fiskestimar eller fiskebåtar på veg inn. Når dei har fanga ein fisk eller kanskje fått tak i nokre skjel, flyg dei tilbake til utsiktspunktet og et dei, og legg restar og fugleskit frå seg. Her veks det opp forskjellige planter som toler mykje gjødsel. Nokre byggjer opp tuene, som fjørekoll og ulike gras, medan andre veks på tuene, utan å byggja dei opp. Tuene kan bli nesten meterhøge og fleire meter breie. Men blir dei for høge, vil dei til slutt bresta og blåsa bort.

  • Byrkjeland, S. 1993. Hekkande sjøfugl i Hordaland 1993. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 14/93.
  • Byrkjeland, S. 1999. Befaring på Sørøyane 7.7.1999. Krompen 28: 153–155.
  • Byrkjeland, S. 1999. Status for hekkande sjøfugl i Hordaland 1980–1998. Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 2/1999:1–107.
  • Byrkjeland, S., Bjordal, H.; Overvoll, O. 1999. Mer ærfugl i Hordaland enn tidligere antatt. Krompen 28:148–152.