• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Gildrehola

På Gjuvsland, på søraustsida av Varaldsøy, ligg Gildrehola, største karstgrotta i Hordaland. Grotta, som er ca. 50 meter lang, har vore kjend i lang tid, i alle høve frå 1800-talet. Bekken som forsvinn ned i grotta, går til ein vasslås, og renn derifrå nokre hundre meter i undergrunnen til ei lita kjelde lenger nede i lia.

Karst og karren

Der det er kalk i berget, løyser regnvatnet opp fjellet. Karst er fellesnemninga på slikt oppløyst kalkfjell. Renneforma furer i berget, såkalla karren, utvida sprekkar og skålforma groper er resultatet. Nede i bergmassane vil grunnvatnet kunne løysa opp berget rundt sprekkane og danna grotter, og vatnet kjem ut att på overflata gjennom opne kjelder. Dersom kjeldenivået søkk, vil grottene kunna bli tørre, slik at vi kan gå inn i dei. I slike tørrlagde grotter blir det danna dryppstein, stalaktittar som heng i taket, og stalagmittar som står opp frå golvet. Dryppstein er det ikkje så mykje av i Noreg, fordi det er for kaldt. Studiet av grotter blir kalla speleologi, og mange stader er grotteklatring («grotting») ein populær sport.

  • Karst og karren

Både langs søraustsida, som her på Skjelnesodden, og nordvestsida av Varaldsøy, kan vi sjå lag med omdanna kalkstein, marmor, i fjellet. Det er truleg den same sona som er falda og heng saman i djupet. Marmoren på Varaldsøy er den nordaustlegaste marmorførekomsten av noko omfang i Sunnhordland– Hardangerområdet. Bergarten har vore broten mange stader nær Skjelnesodden. Stripinga i berget har si årsak i ulik oppløysing av marmorlaga.