Publisert: 26.06.2015 | Forfattar: Bjørn Moe
Ølveshovda (252 moh.) er ein særeigen fjellformasjon med markert brattkant mot sørvest. Ved foten av brattkanten ligg eit skogområde der naturen har sytt for ekstra drivande lokalklima. Det bratte berget samlar opp varme, og gir lune vekstforhold med relativt lite vind. Nærleiken til den opne og breie fjorden gjer dessutan at det blir lite frost i vinterhalvåret. Skal ein dra hit, er det lettast å koma sjøvegen. Ølveshovda ligg naturleg, fint avgrensa på ei halvøy utan veg.
Her ved foten av fjellet er det mest furuskog, både næringsfattig med lyngvegetasjon og næringsrik med urter og gras. I den rike furuskogen finn vi spreidde edellauvtre som alm, ask, lind og svartor. Kristtorn er vanleg i heile området, vanlegast som spreidde tre, men nokre stader òg som tettvaksen skog. Barlindskog finst òg, mest oppunder berget i sør, der temperaturforholda er særleg gunstige. Strandlinja er lang, og på berga nær sjøen trivst mellom anna blodstorkenebb (biletet) og fleire strandplanter.
- Lunde, B. N.; Skogen, A. 2001. Vegetasjon, bruk og skjøtsel i verneområdene for barlind og kristtorn i Hordaland.Vedlegg XII: Flerbruksplan for Ølveshovda landskapsvernområde, Kvinnherad kommune. Rapp.til Fylkesmannen i Hordaland, miljøvernavd