• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversity of Bergen

Search form

Moster gamle kyrkje frå 1100-talet (Svein Nord)

Bømlo var opphavleg berre namnet på den sørlegaste delen av dagens kommune: Bømlo sokn. Prestegjeldet, og frå 1838 den nye kommunen som følgde prestegjeldsgrensene, hadde namn etter prestegarden Finnås. På den tid omfatta Finnås også grannebygda Sveio på andre sida av fjorden.

Sveio vart eigen kommune i 1852 og  frå 1861. I åra 1916 – 1962 var Finnås delt i dei tre kommunane Bremnes, Bømlo og Moster. I 1964, ved den store kommunereforma i overgangen frå båtens til bilens landskap, vart det debatt om namnet på den nye kommunen. Det var mange som ville ha Bømmeløy, men det enda altså med Bømlo. Saman med Stord og nokre gardar i Fitjar høyrde dagens Bømlo til den store Føyno skipreide i mellomalderen og heilt fram til tidleg på 1800-talet. Den nordvestlege delen av Fitjar-øyane vart overført til Bømlo i 1995 på grunn av landverts kommunikasjonar sørover, men geologisk høyrer dette området til Fitjarlandskapet.

Den eldste Mostrakyrkja er frå 1100-talet; den nye kyrkja på Moster vart bygd på Eikeland i 1874 og Bremnes kyrkje i 1869. Bømlo gamle kyrkje på Vorland vart bygd i 1621; ein fin representant for 1600-talets trekyrkjer – sentralt i gamle Finnås prestegjeld. 

Fjellgrunnen

Siggjo ser ut som ein vulkan men er det ikkje. Både Siggjo og andre åsar og fjell på Bømlo er likevel bygde opp av vulkansk berg. Dei ragar opp i det flate landskapet fordi den sure samansetjinga av lavaen gjer berget hardt. Den nordlegaste delen av Bømlo med granittisk berggrunn skil seg ut frå det meir grøderike landskapet i sør. Fjellet her nord er lysare og friskare i fargen men gjev dårlegare jordsmonn. Geologisk høyrer dette fjellet saman med granittane vest i Fitjar, i Austevoll og på Reksteren.

Sjølv om det meste av fjellet i Bømlo gjennom lange tider er høvla flatt, står det att furer og drag som er styrt av berggrunnen. Dette er tydelegast i sør, særleg rundt Langevåg, der fjellgrunnen er lagdelt i søraust-nordvestleg retning. Her er det kalkførande kambrosilurskifrar som er vippa på skrå. Den same sona kan følgjast over sørsida av Stord og Tysnes og heilt til Varaldsøy. Dei meir massive gabbro- og basaltbergartane i Lykling-Hiskjo området gjer landskapet her meir knudrete. I denne berggrunnen er det funne meir gull enn nokon annan stad i Noreg. Mest utan unnatak er bergartane i Bømlo frå kambrosilurtida.

Strandflata er litt høgare og ikkje så jamn som elles i Hordaland. Men nokre stader ligg den mest under havflata, som dei grunne farvatna nordvest og sørvest for Espevær – ei «paddemark» av undervassbåar og skjer. Morenemateriale og andre lausmassar er det lite av.

Havklimaet

Vinteren er mild i Bømlo, og det er mykje vind og fuktig luft i havkommunen. Våren kjem tidleg og er lang. Sjøen kjøler lufta, slik at den høgaste middeltemperaturen kjem først i midten av august. Når temperaturen kjem opp i 18-20 grader, vil havlufta hindra vidare oppvarming på vestsida. På austsida kan dagtemperaturen om våren og sommaren derfor bli fleire grader høgare enn på vestsida. I godvèrsperiodar med svak vestleg vind sommar og haust er havskodda eit vanleg fenomen.

Til Vestlandet å vera regnar det ikkje spesielt mykje i denne kystkommunen. I alle fall ikkje i vest, der årsnedbøren er på om lag 1350 mm. Men vi skal ikkje lenger aust enn til Finnås før dette har auka til 1800 mm. Årsaka er høgdedraga her som tvingar luftmassane til kaldare lag. Middeltalet på nedbørsdagar er likevel mest det same, frå 185 i vest til 190 aust mot Stokksundet.

Vanlege og uvanlege planter

Bømlo har ein mangfaldig flora. Veit vi kva vi skal sjå etter, kan vi dra på oppdagingsferd etter sjeldne planter. Dei mest interessante områda ligg i den sørlege delen av kommunen. Uvanlege planteslag finst det mange av, frå dei lune bakkane på austsida og ut til berghamrane vest i havgapet. Ei rekkje artar som krev basisk berggrunn veks ved Moster, Lykling, Berge og andre stader.

Sørover frå Sakseid prydar blomstrande rosebuskar vegkanten i raudt og kvitt. Også mange urter og lyng gir vegkanten farge. Fleire artar trivst betre her enn elles i fylket — slike som blodstorkenebb, rundskolm og vestlandsvikke. Lyngheia lengst i vest går gradvis over til furuskog i aust. Riksvegen følgjer stort sett denne grensa. Både i hei og skog er det mange myrer tjørn, og stundom veks det sjeldne planter der, som brunskjene og storak.

Fjørlause ærfuglar

Bømlo har dei rikaste sjøfuglområda og dei fleste sjøfuglreservata i fylket. Farvatnet i vest er vêrhardt og ureint, med lite ferdsle. Det kjem tusenvis av ærfugl frå store deler av fylket hit i fjørfellingstida på ettersommaren, når dei i nokre veker ikkje kan flyga og derfor er særs sårbare. Dei viktigaste hekkestadene for toppskarv og teist i fylket ligg i Bømlo. Her var inntil nyleg også eit lite fuglefjell, det einaste i Hordaland, men det er no forlate. Det hekkar fleire havørnpar, og særleg utanom hekketida er dei lette å få auga på.

Kobbe og sel

Det er ikkje mykje sel som ferdast langs kysten i fylket. Steinkobbe er vanlegast, men ein og annan havert frå Rogaland kan også ta turen nordover. Villfaren kvalross, som prøver å finna heim att til Svalbard, er ein endå sjeldnare gjest. Det er jamt over lite sel, derfor er det sjeldan kystfiskarane melder om problem med kveis i fisk eller øydelagde notbruk

Den einaste kjente staden der sel vert fødd i Hordaland i dag, er eit skjer heilt vest i havgapet i Bømlo. Det er havert som år om anna seinhaustes legg seg til på denne kasteplassen. Plassen er svært utsett for vêr og vind, og moglege fiendar for nyfødde selungar er få på slike stader.

På raud grunn eit sølv sjøblad

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 29.2.1980, og er teikna av Magnus Hardeland. Kommunen valde sjøbladet dels av dekorative grunnar og dels fordi det veks mykje vassliljer på Bømlo. Trekløveret inne i sjøbladet kan symbolisera dei tre tidlegare kommunane Bremnes, Moster og Bømlo, som i 1963 vart slegne saman til Bømlo kommune. Sjøbladet er eit av dei eldste heraldiske motiva i Norden. Dei er teikna på ulik vis slik at dei òg kan likna eit hjarta eller eit lindeblad.

valknute
  • «Den gamle mannen og havet.»

«Den gamle mannen og havet.» Gjennom generasjonar har folket ved kysten lært å respektera naturens krefter. Frå Bremnesområdet. (Alf Adriansen)

  • Utsyn frå Bergesfjellet mot sørvest

Utsyn frå Bergesfjellet mot sørvest. Lauvskogen finn gode veksestader i lune bakkar kring kulturlandskapet på garden Berge. Mot havet i vest er det lyngheia som rår. (Svein Nord)

  • Trollnype

I Hordaland finst trollnype nesten berre på Bømlo – og dertil i rik monn. (Bjørn Moe)

  • Bjørndalen,J.E.;Odland,A.1978.Botaniske undersøkelser på Søre Bømlo. UiB. Botanisk inst.Rapport 5.
  • Fægri,K.1944.On some finds of Schoenus ferrugineus in Western Norway. Bergen mus.årb.Naturvit.rekke 6.
  • Hovland, K.S., Steinsbø, S. & Kolle, N. (1972-1989) Bømlo bygdebok. Bd. I-IV, VI. Bømlo, Bømlo kommune.
  • Meling, B. (1985,1987) Bømlo i fortid og notid. 1.-2. utg. Bømlo.
  • Moe,B.1994.Storak,Cladium mariscus,på Bømlo i Sunnhordland.Blyttia 52:55–60.
  • Moe,B.2001.Floraen i eit gamalt kulturlandskap.I:Hauge,S.(red.): Under fjord – over flu.Trekantsambandet – ei ny tid for Sunnhordland og Haugalandet:160–165.Eide forlag.
  • Moe,B.2003.Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Bømlo.Bømlo kommune og Fylkesmannen i Hordaland,MVA-rapport 17/2003.
  • Røksund, B. (1979) Du stora rygd!: frå Bømlo i eldre tider. Mosterhamn.
  • Røksund, B. (1981) Meir enn maten. Mosterhamn.
  • Røksund, B. (1990) Or gløymebokjo. Mosterhamn.
  • Steinsvåg,M.J.;Overvoll,O.2003.Viltet i Bømlo.Bømlo kommune og Fylkesmannen i Hordaland,MVA-rapport 4/2003.
  • Bømlo tur- og sogelag. Årsskrift (1980). Bømlo, Bømlo tur- og sogelag.
  • Natur-, miljø- og kulturvern på Søre Bømlo (1979). Bømlo, Bømlo tur- og sogelag.