• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversity of Bergen

Search form

Frå Gaustadfjellet mot nord

Frå Gaustadfjellet mot nord. Eldsfjellet med den vidgjetne eklogitten i det fjerne.

Ein av dei mest vidgjetne fjelltoppane i sagalitteraturen er veten på Håøy på den vesle øya aust for hovudøya Holsnøy. Vetane låg ikkje på dei høgaste toppane, men på nutane med lengst siktliner. Veten på Håøy vart tent då kong Sverre og birkebeinane gjekk til åtak på Magnus Erlingsson i Bergen i 1183. Århundre seinare brukte fiskarane som låg på havet vest for Øygarden dei tre høgste toppane på Holsnøy som mèd. ”Holsnespenane” vart dei kalla, Eldsfjellet (324 m. oh), Gaustadfjellet (317 m. oh) og Brakstadfjellet (318 m. oh). Om dei ikkje er spesielt høge, ruvar dei over store strandflateområde og er landemerke på kysten.

Saman med lågare toppar og høgdedrag medverkar desse fjella til store kontrastar i vêr og vind innanfor korte avstandar på Holsnøy. Sommarstid, i strålande solskin, med vind frå nordvest, kan det midt på dagen vera 5-10 grader kaldare ved Mangersfjorden enn på Meland og Fløksand. Våren kjem gjennomsnittleg ei veke tidlegare søraust i kommunen enn i nordvest.

Kommunen har namn etter garden Meland – midtlandet eller mellomlandet – som ligg i «kulturlandskapsdalen» frå Frekhaug til Fløksand, der den gamle hovudvegen mellom dei to bygdene gjekk. Kanskje er det denne dalen som i jordeboka Bergen Kalvskinn kring 1320 blir kalla Mædaltz sokn. På 1600-talet høyrde heile Holsnøy og heile Askøy til Herdla skipreide, med unntak av Flatøy, som låg i Alenfit (Olundfit) skipreide.

Garden Meland har vore kyrkjestad sidan midten av 1200-talet. Stavkyrkja var i bruk fram til 1616. Då vart det bygt ny tømmerkyrkje på same staden. Den kyrkja som står i dag, vart bygd i 1866. Her finn vi eitt av dei sjeldne instrumenta til orgelbyggjaren Schulze frå Hannover. Meland sokn låg under Hamre prestegjeld på sørsida av fjorden til det i 1885 vart ein del av det nye Alversund prestegjeld og kommune. Det kommunale sjølvstendet kom i 1923. Alversund kommune vart då delt; ein del av Holsnøy og litt av Askøy fekk namnet Meland.

Ved kommunereguleringane i 1964 overtok Meland øya Flatøy frå Hamre, i tillegg til Herdla sitt område nord på Holsnøy. Også eit utmarksstykke på Holsnøy, som tidlegare høyrde til Sæbø kommune på Radøy, vart ein del av den nye kommunen. Samstundes vart Hanevik krins overført til Askøy kommune. Vi ser at mellomalderens aust-vest grenser, over fjordar og sund, blir avløyste av nord-sør grenser som føl topografien.

Ein tur over over Holsnøy viser eit innhaldsrikt kulturlandskap med mange spor etter historia; steinhus, terrassemurar, sjøbruksmiljø og setegardar for kondisjonerte byborgarar. I fleire av dei små gardssmiene på øya held ein enno i hevd kunsten å smi navar – ein av vikingtida sine klassiske reiskapar, ved sida av tømmermannsbila og sigden.

Uvanleg fjell

Berggrunnen i Meland er vidgjeten blant geologar, men næringsfattig for plantene og mager for jordbrukarane. Mest heile kommunen er samansett av storkningsbergartar – flytande berg som storkna på veg opp mot jordoverflata i jordas urtid. Seinare, under den kaledonske fjellkjededanninga, dukka desse bergartane ned på store djup, for så å verta frakta fleire kilometer austover, til dei enda på Holsnøy.

Den harde medfarten elta om på dei opphavlege storkningsbergartane og skjenkte Holsnøy uvanleg fjell: I aust-vest retning, over Storavatnet og Eldsfjellet, kryssar ein kvit og svartspetta anortositt Holsnøy. Anortosittane skil parti med gneis og mørkare djupbergartar, mellom anna mangerittar og eklogittar. Av desse er eklogitt hovudattraksjonen – denne bergarten har gjort Holsnøy-geologien verdskjent.

Furu på skrinn jord

Eklogitt finst i soner både på sjølve Eldsfjellet og kring fjellet. Eklogittane er så næringsfattige at berget gjerne blir ståande nake. På nordsida av Eldsfjellet finst det knapt jordsmonn, heile fjellsida er på det næraste vegetasjonslaus. Furutrea som har klamra seg fast er smalstamma og har så vidt greidd å strekkja seg til nokre få meters høgde.

Dei andre bergartane i kommunen gjev heller ikkje særleg næringsrik jord. Likevel er her mykje skog, spesielt glissen furuskog som kler berg og åsar overalt i sentrale og sørlege delar av kommunen. Saman med dei mange granplantefelta medverkar all furuen til at Meland prosentvis har meir produktiv skog enn nokon annan kommune i fylket. Sør for Storavatnet, ved Gripakletten, finst restar etter ein gammal grovvaksen furuskog som når heilt ut mot vatnet. Mellom blåbær og annan lyng veks her knerot, ein orkide som er sjeldan på denne kanten av landet. Meland byr på heller vanskelege kår for edellauvskog, men mange stader er hassel vanleg. Elles er det mest i blandingskogen ein finn varmekjære treslag , som ask, eik, lind , svartor og alm. Om våren står kvitveis og vårkål tett, og fleire stader er det rom for kravstore artar som kusymre, ramslauk og grov nattfiol.

I det skrinne landskapet er det dalsøkka med djup forvitringsjord i skråningane, og myrjord nede i forseinkingane som gjer det mogeleg å driva jordbruk. I områda ved Skjelanger og Husebø er det istidsavsetjingar som har gjeve grunnlag for gardsdrift.

På nordaustsida av Eldsfjellet er det enno att mykje tilnærma villmark, der viltet har gode kår. Av dei om lag 30 vatna og vassdraga med fisk på Holsnøy merker Storavatnet seg ut med spesielt godt aure- og røyefiske.

Brusamband og betre kommunikasjonar til Bergen har auka arealpresset i Meland. Strandflata på Frekhaug sørvestover mot Galteneset er attraktivt byggjeland. På Fløksand har golfentusiastane teke i bruk myrane på strandflata. Det gamle kulturlandskapet er no på vikande front: Bjørk, hassel, hegg, selje og svartor kryp innover enger og bøar. Planta granskog gjer også mykje av seg. Men det finst og område der kulturlandskapet enno vert halde i hevd: Sør i kommunen, på gardane ved Dale og Sakstad, og i nordvest, særleg ved Husebø, kan ein få inntrykk av korleis det såg ut på gardane i tidlegare tider.

På raud grunn ein sølv navar-spiss som vender nedover

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 15.5.1987, teikna av Inge H. Rotevatn. Navarsmiing har lange tradisjonar i Meland. Navar er namn på lange spiralbor, trebor, som òg vert kalla tømmermannsbor. Det har vore stor produksjon av navarar i Meland sidan tidleg på 1800-talet. Borsmedyrket er krevande og symboliserer eigenskapar som skaparevne, dugleik og flid.

valknute

Det vanlege namnet Meland er laga til gno. meðal «mellom». Førsteleddet i Frekhaug er kanskje ett bortkome elvenamn i slekt med gno. freka «strengleik, hardleik» eller gno. frekr «grådig». Io, skrive «Hia» 1427, er usikkert. Ei tolking er «barlind». Håøyni inneheld gno. hár «høg». Førsteleddet i Fløksand kan setjast i samband med gno. flóki «flyndre, noko flatt». Gaustad er ei samansetjing med mannsnamnet gno. Gauti og staðir «bustad». Ådland, av eldre Årland, tyder «garden ved åa». Hopland er usikkert, mogleg ligg det til grunn eit eldre Hofsland «land som ligg til ett hov».

  • Meland

Dalevatnet midt i biletet. Utsyn mot sør.

  • Krypvie

Som andre vierartar blømer krypvier før blada kjem om våren. Planten veks blant gras og lyng i kulturlandskapet. (Bjørn Moe)

  • Flatøy, O. (1973) Meland kommune gjennom 50 år. Meland.
  • Hegland, S. J. 2002. Naturtypar i Meland kommune.Rapport med verdisetting av biologisk mangfald. Rapport,Meland kommune.
  • Overvoll, O.; Wiers, T. (under arbeid). Viltet i Meland. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Meland kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Skjelanger, T. (1971) Herdla kommunesoge 1870-1963.
  • Meland Jul (1985-). Meland, Meland mållag.