• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversity of Bergen

Search form

Buardalen
Frå Buardalen.
Fossane har ført Odda inn i moderne tid. Dei var ein attraksjon for turistane i gullalderen på slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet. Dei siste hundre åra har fossekrafta gjeve grunnlaget for dei store industriverksemdene i kommunen.

Mange av fossane er framleis ei reise verd. Strandsfossen, Tjørnadalsfossen, Vidfossen, Låtefossen og Espedalsfossen - opp gjennom Oddadalen slepper vatnet seg utfor brattlendet slik det alltid har gjort, som sølvstrenger i landskapet. Ferdafolk let seg bergta, især av den 165 meter høge Låtefossen, som eigentleg er to fossar.

300-meters-fossane, det loddrette fallet i Tyssestrengane og Ringedalsfossen, vart industriens offer. Dei vide fjellområda vest på Hardangervidda gav stor vasstilgang. Når alt dette vatnet vart ført frå fjell til fjord i røyrgater, gav det enorme energimengder. Ved inngangen til det tjuande hundreåret var vasskrafta som manna frå viddene for utanlandske investorar. Turistbygda måtte vika plass for to nye industrisamfunn, Tyssedal og Odda.

Industriarv og levande industrikultur pregar kommunen framleis. Miljøulempene, ikkje minst ureininga av Sørfjorden, er langt på veg komne under kontroll. Dei tettast folkesette områda ligg trongt til mellom fjella og fjorden. Likevel får det meste av den nord-sør orienterte Oddadalen sol heile året, om enn berre nokre få timar på dei solrikaste plassane midtvinters.

Kvitno, grenseelva mot Ullensvang på austida av Folgefonnhalvøya, har kjeldene sine i Dettebreen, som var ein av dei veksande brearmane frå Folgefonna på 1990-talet. Då datt det så mykje is frå Dettebreen at det vart danna ein ny bre, Sekundærbreen. Isen er i dag bleike minne om dei store breane som forma landskapet i istidene. Istidsbreane fekk kortare og kortare veg til sjø og vatn, og det gav god fart på breane, enten dei hadde Sørfjorden, Åkrafjorden eller Suldalsvatnet som mål. Isen fekk såleis energi til å grava seg ekstra djupt ned i grunnfjellet i denne delen av fylket. Sidedalar som munnar ut høgt oppe i hovuddalføra, ”hengjedalar”, er eit resultat av meir graving i hovuddalen enn i sidedalen, ofte med fossar som blikkfang i vår tid. Dei bratte dalsidene og det oppsprukne berget har også gjort sitt til at steinurer er eit utbreidd landskapstrekk. Brattlendet skaper dessutan rasfare somme stader - snøskreda i Odda er eit døme på korleis dei store naturkreftene og menneska ikkje alltid samhandlar.

Sambandet opp Oddadalen over Seljestad og til Røldal går tilbake til forhistorisk tid. Røldals-marknaden var ein av dei to store marknadene kring Hardangervidda; viktig for varebytet mellom aust og vest. Tjodvegen – allmannavegen – fortel om dette. Etter den opprekninga vi finn i Magnus Lagabøtes testamente frå 1277, var Røldal og Odda på det tidspunktet to kyrkjesokn i den store Kinsarvik/ Ullensvang skipreide. På 1600-talet ser vi at Kinsarvik er skild ut som eiga skipreide. Eit mellomalderbrev nemner ein gard som ligg «j Rærykdal kirkiu sookna som ligher j hardhen skypredha…». Dette har fått einskilde til å tru at Røldal var eiga skipreide i mellomalderen (Hardvin, Haara). Dette kan ikkje vera rett; Røldal var ei fjellbygd med uframkomelege vegar til sjøen vinterstid. Bygda høyrer kulturelt til Suldal, og den lettaste vegen gjekk dit. I 1848 fekk bygda eigen prest men var annekssokn under Suldal fram til 1885.

Men i den verdslege administrasjonen har Røldal alltid høyrt til Hardanger. Odda vart skild ut frå Ullensvang som eigen kommune og eige prestegjeld i 1913. Røldal var eigen kommune frå 1838 til samanslåinga med Odda i 1964. I tida etter 1900 fekk Odda ei rivande utvikling, frå ein idyllisk turiststad i botnen av Sørfjorden til den største industristaden i Hordaland.

Hordalands eldste grunnfjell

Byen Odda kviler på godt, gammalt norsk grunnfjell. Både her og i Valldalen finst ”klattar” med 1,5 milliardar år gamle omdanna lavabergartar i grunnfjellet. Klattane «sym» i eit hav av granitt. Gneissunderlaget til granitten og lavabergartane er også teke vare på, i Valldalen. Eldre fjellgrunn enn dette er ikkje kjend i Hordaland.

Også på høgfjellet i Odda er det grunnfjell. Men desse bergartane er innvandrarar frå nordvest. Mellom dei to grunnfjellseiningane ligg det fyllitt. Grensene mellom fyllitt og grunnfjell er ikkje så jamne som lenger aust på Hardangervidda. Fjellgrunnen i Odda fekk hard medfart då den kaledonske fjellkjeda kollapsa for rundt 400 millionar år sidan, og vart meir oppbroten enn mange andre stader i fylket. I oppbrotstida vart fleire forkastingar danna. Den største går på tvers av Seljestadjuvet, med fleire hundre meter forskyving. Sørfjorden er utvikla langs ei anna stor forkasting.

Kraftutbyggjing og vassdragsvern

Vasskraftutbygginga starta i 1906 med regulering av Tyssovassdraget med Ringedalsvatnet som magasin. Mange vatn innover vidda vart regulerte og fossar lagt i røyr. Tyssedal kraftstasjon er i dag freda, som ein del av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Øvre del av Suldalsvassdraget i Røldal vart utbygd på midten av 1960-talet. Utbygginga var omstridd, særleg den store neddemminga av Valldalen. Røldalsvatnet er 101 m djupt ved fullt magasin. Det er lagt planar for fleire utbyggingar, også for Tokheims- og Eitrheimselva.

Sjølv om store deler av vasskrafta i Odda er utbygd, er vassdragsvernet omfattande. Hovudvassdraget Opo, som renn ut i Sørfjorden ved Odda, vart verna alt i 1973. Vassdraga som ligg innanfor Hardangervidda nasjonalpark er naturlegvis også verna.

Varmekjær skog ved breen

Fjellsidene i Odda er bratte, men skogen har likevel fått feste mange stader. Eit stort område med edellauvskog ligg i den sørvendte dalsida av Buerdalen. Varmekjær edellauvskog så nær brekanten er sjeldsynt, og viser kontrastane i Odda-naturen. Vegfarande legg gjerne ikkje så lett merke til furuskogen, ettersom han veks etter måten høgt oppe i dei hengjande sidedalane til hovuddalføret mot Skarsmo. Meir iaugefallande er furuskogen med mange grovvaksne, gamle tre langs vegen mellom Vintertun og Seljestad. Kring Røldal rår bjørka grunnen. Få stader i fylket er bjørkeskogen så utbreidd som i denne fjellbygda og meir skal det bli. Bjørka veks stadig tettare og spreier seg høgare opp mot fjellet.

Fuglelivet er rikt i dei frodige lauvskogliene. Langs fjellkantane svever kongeørn, fjellvåk og tårnfalk. Indre del av Sørfjorden har truleg mellom dei aller beste bestandane av grønspett i Hordaland, og den truga kvitryggspetten er velkjend her inne.

Dei høge fjella og dei mange undersolte liene i Odda gjer livet vanskeleg for vekselvarme dyr. Firfirsle og stålorm er sett, men ikkje aust for Sørfjorden. Ein kan vera trygg på å ikkje møta hoggorm i Odda – han er så langt ein veit aldri observert i kommunen.

Kommunevåpen for tidlegare Odda kommune. På blå grunn ein opprett sølv pilodd

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 8.10.1982 og er teikna av Hallvard Trætteberg. Kommunen valde å illustrera namnet med ein pilodd då det skulle fastsetjast eit våpenmotiv. Piloddar var eit vanleg motiv i slektsvåpen i mellomalderen.

valknute

Odda er ei eldre dativform av odde «spisst nes». Førsteleddet i Eitrheim er elvenamnet Eitro, som her helst tyder «den iskalde». Elvenamnet har òg vore sett til ei rot med tydinga «svella opp». Tokheim inneheld mogeleg gno. ϸoka «tåke» eller eit ord i slekt med tak. Kvitno kan vera avleidd av gno. kvikr «levande», med tanke på tidleg vokster. Førsteleddet i Tyssedal er elvenamnet Tysso «den tvidelte»; den todelte fossen Tyssestrengene – som no er regulert – ovanfor Ringedalsvatnet. Reinsnos har fått namn etter samanlikning med mulen på eit reinsdyr. Førsteleddet i Røldal er ei avleiing anten av gno. reyrr «steinsamling» eller kanskje eit ord som tyder «siv».

  • «Udsigten fra Gaarden Ejde i Odde»

«Udsigten fra Gaarden Ejde i Odde» av Catharina Kølle. Eitrheimsneset til venstre.

  • Raunsdalen

I Raunsdalen veks revebjølla høgare enn nokon annan stad i landet, over 700 moh. (Bjørn Moe)

  • Grønspett

Grønspett. (Jan Rabben)

  • Knud Knudsen

Knud Knudsen - fruktdyrkar og fotograf

  • Bårtvedt, R., Gravdal, J. & Sørensen, B. red. (1989) Dei finaste band: vår historie om Odda 1890-1960. Odda, Odda industristadmuseum.
  • Dalen, K. & Dalen, A. (1960) Røldal bygdebok. Røldal, Røldal kommune.
  • Griffin, W. L.; Garmo, T.; Løvenskiold, H.; Palmstrøm, A. Anatase from Norway. Mineral. Record 1977:266–271.
  • Jorde, K. 1977. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Røldal – M 1:50.000. Norges geologiske undersøkelse.
  • Kolltveit, O. (1962-1967) Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid, bind I-III. Odda, Odda, Ullensvang og Kinsarvik bygdeboknemnd.
  • Naterstad, J.; Andresen, A.; Jorde, K. 1973. Tectonic succession of the Caledonian nappe front in the Haukeli-Røldal area,southwest Norway. Norges Geologiske Undersøkelse Bulletin 292:1–20.
  • Trædal, L. (1988) Odda: arbeidsfolk fortel: glimt frå soga til ein industrikommune. Odda, Odda kommune.
  • Odda i manns minne. Odda, Odda mållag.