• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

«Nye» Ullensvang kommune, ei samling av dei tidlegare kommunane Jondal, Ullensvang og Odda, strekkjer seg frå den indre delen av Hardangerfjorden og langt austover på Hardangervidda. Nabo frå fjord til vidde i nordaust er Eidfjord. I søraust og sør ligg Vinje, Sauda og Suldal, og i vest grensar Ullensvang til Etne og Kvinnherad. I nordvest, på andre sida av den store fjorden, ligg Kvam.

Gamle Ullensvang omfatta også ein del av Oksenhalvøya, på nordsida av Hardangerfjorden, grensande til Granvin og Ulvik. I dag verkar det merkeleg at denne landstripa ikkje var kommunalt heimehøyrande på «si» side av fjorden, men tidlegare var ikkje fjorden eit skilje; han var tvert imot hovudvegen. Slik er det ikkje lenger, og Ullensvang har no «mista» denne utposten. 22. mars 2018 fastsette Fylkesmannen i Hordaland at kommunegrensa mellom Ullensvang og Granvin skulle endrast slik at Ullensvang sin del av Oksenhalvøya frå 1. januar 2020 skulle vere ein del av den nye kommunen Voss – som Granvin då vart ein del av.

Elles er heile den nordlege tredjedelen av Folgefonnhalvøya no med i Ullensvang, og den nye kommunen er dermed «medeigar» i to nasjonalparkar. Mellom Folgefonnhalvøya og Hardangervidda ligg Sørfjorden, med Tyssedal og Odda i fjordenden i sør. Detaljert kunnskap om både desse stadene og om naturgeografi og kulturhistorie i heile Ullensvang kan ein få ved å klikke seg inn på dei gamle kommunane.

 

Gamle Ullensvang

Når frukthagane blømer i Ullensvang om våren, er det naturen som takkar for framifrå vekseforhold. Sørfjorden er Ullensvangs varmemagasin. Fjorden stabiliserer temperaturane og vernar mot kulde. Fjellveggene gjev frå seg opplagra solvarme – og dei høge fjella skaper livd for vinden. Les meir her.

Gamle Odda

Fossane har ført Odda inn i moderne tid. Dei var ein attraksjon for turistane i gullalderen på slutten av 1800-talet og i byrjinga av 1900-talet. Dei siste hundre åra har fossekrafta gjeve grunnlaget for dei store industriverksemdene i kommunen. Les meir her.

Gamle Jondal

Under istidene var breane brutale med Jondal, men resultatet vart bra. Med god hjelp av Folgefonna, dei skogkledde dalsidene og eit levande kulturlandskap, har istidsbreane forma ei av dei vakraste bygdene i Hardanger. Les meir her.