• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Sund

Den sørvestlege delen av den store Sotraøya høyrer til strandflata, eit lågt, men kupert landskap mellom storhavet og kystfjella. Dei mange småøyane kring hovudøya skaper mange sund, så kommunenamnet er lett å skjøna. Øyane utanfor Glesvær viser tydeleg retninga på lagdelinga i gneisberget. (Helge Sunde)

Det vidstrekte låglandet på den søre delen av Sotra høyrer til ei landskapsform som strekkjer seg langs heile norskekysten, frå Ryfylke til Finnmark. Strandflata er eit lågt men kupert landskap mellom storhavet og kystfjella. Dei mange småøyane kring Sotra formar mange smale sund, så kommunenamnet er lett å skjøna. Det meste av Sund får plass på denne havbremmen av harde, men stundom utifrå vakre gneisar. Andre bergartar finst knapt; også fjella, med Veten som det høgste punktet, er gneis. Sjølv om kystfjella ikkje er særleg høge, gjer dei mykje av seg i dette låge landskapet.

Om fjellgrunnen er hard og ugjestmild, er havet raust, men lunefullt. Fisket har alltid vore viktig i denne kystkommunen – fisket var sjølve livberginga. Dei blankskurte svaberga ut mot storhavet lokkar dagens sportsfiskarar og ferdafolk ut på fine sommardagar. Medan det er vêrhardt på vest- og sørvest-sida av kommunen, kan det vera lunt og relativt stille på austsida, mot Raunefjorden. Nedbøren gjer mest av seg på austsida. Ved Raunefjorden kjem det gjennomsnittleg 1800 millimeter nedbør i året, 400 millimeter meir enn på vestsida. I bygdene med storhavet som nabo er det ikkje uvanleg med tørke om sommaren.

Mellomalderens skipreide, Sotr eller Sartor, omfatta heile øya; Sund kyrkjesokn i sør og Fjell sokn i nord – eit hopehav som varte heilt fram til 1800-talet. I den kyrkjelege administrasjonen ser vi korleis sjøvegen batt bygdene saman, om enn som her, over den vêrharde Korsfjorden mellom Sund og Austevoll. Nordre del av Austevoll høyrde til Sund prestegjeld, medan Austevoll administrativt høyrde til Våg skipreide i Sunnhordland.

Etter reformasjonen omfatta Sund prestegjeld soknene Sund, Austevoll, Møkster og Fjell. I mellomalderen låg også ein del av fastlandsgardane i Ytrebygda i Fana inn under Sund. Fjell var eige prestegjeld saman med Askøy nokre år mellom 1813 – 1819, før sokna atter vart lagd under Sund. I 1841 vart så Fjell på ny eige prestegjeld saman med Askøy. Austevoll-soknene vart eige prestegjeld i 1910. Sund høyrde til Sartor skipreide fram til 1867. Då vart skipreida – eller tinglaget som det vart kalla på 1800-talet – delt, og Sund fekk eigen lensmann saman med Austevoll. Frå 1964, ved gjennomføring av kommunereforma, har Fjell og Sund hatt lensmann i lag.

Vidstrekt strandflate

Dei slettaste strandflatene ligg kring Glesvær, Golta og Telavåg. Men havbremmen når heile vegen rundt denne delen av Sotra, mot Kleppe og Høyland, over Klokkarvik og til Lundaneset.

Dette er gneisens rike. Dei ulike grunnfjellsgneisane har ei markert lagdeling som i sør heller ned mot Korsfjorden. Lenger nordaust dreier dei med fall mot Raunefjorden. Gneisane bøyer seg kring ei akse som strekk seg fra Vorland- Hamre og over til Golta. Det finst fleire slike kjempefaldar i fylket. Bergensbogane er dei største.

Dei fleste av dei små gardane i Telavåg ligg på jord forvitra frå ein mørk amfibolitt. Forvitringsjorda er lett synleg langs vegen forbi gravplassen og Telavåg stadion. I ytre strok er det elles mykje rein myrjord i mindre dalsøkk.

Jorda på Tyssøy skil seg ut. Den leirhaldige morenejorda der vart avsett på grunt vatn framom ein isbre som kryssa Raunefjorden, samstundes som morenen på Bildøy i Fjell vart forma. På Tyssøy dekkjer morenen heile den nordlege delen av øya. Denne jorda har vore dyrka i fleire tusen år. Like aust for toppen av øya (80 m o.h.) ligg ein lyngdekt morenerygg. Hit opp strekte kanten av isbreen seg for 11 700 år sidan. Også fjellet på Tyssøy og dei små øyane aust for Tyssøy merkjer seg ut.

Det meste av skogen i Sund er planta. Buskfuru og sitkagran vart dels planta for produksjon av trevirke, men kanskje mest for å gi variasjon i landskapet og le for vind. I dag, etter at skogen har blitt i tettaste laget, vil nok mange heller ynskje at det opne landskapet vart halde betre i hevd. Men noko naturleg barskog finst i kommunen: Ved Børnes nordvest for Klokkarvik ligg eit område med gammal furuskog. Det aller første hekkefunnet av bandkrossnebb i Sør-Noreg vart gjort i denne skogen i 1988.

Sjølv om skogen no er i framvekst, har den i fleire tusen år måtte vika for lyngheier og myrer i det meste av kommunen. Myrene har i lange tider vore nytta til brenntorv. Mange av dei vart til slutt heilt utspadde, slik at berre nakne berget står att. Særleg på vestsida er dette eit vanleg trekk i landskapet. Langs strendene finst små strandenger, som i eldre tid vart nytta til slått og beite.

Kvalveidinga - tradisjonen som tok slutt

Sund har heilt spesielle tradisjonar for kvalfangst. Fram til 1960 vart småflokkar med grindkval og vågekval drivne inn i Skogsvågen, der dyra vart avliva - grindkvalane etter å ha blitt drivne opp i fjøresteinane, andre kvalar vart skotne i sjøen. Også i andre vågar på Sotra var det kvalveiding. Nokre stader var kvalen stengd inne, slik presten Christie skildrar det i andre halvdel av 1700-talet: ”Det lille Stekasundet (i Telavåg), som er 20 favner bredt og 7 favner dypt, kunne de stenge med en grind. Den var gjort av lange furuspirer, som ble senket ved at de bandt steiner i enden av dem. Den stod som en not over sundet.” I dag er dei gamle fangstmetodane ulovleg. Ikkje er det nok kval att i havet til å kunne utøva dei heller.

Sørvest i Sund finst fleire livskraftige sjøfuglkoloniar. I koloniane er gråmåse, sildemåse og svartbak vanlegast. Dei som kjem seg ut på sjøen på vestsida om vinteren, vil også sjå mykje ærfugl, svartand og storskarv.

For fuglelivet i Sund – og elles på den ytre kyststripa, viste seg å vera meir artsrikt enn dei fleste visste om. På 1970-talet vart det sett opp ein ornitologisk stasjon på Sele, søraust på Tofterøy. Fram til eit stykke ut på 1980-talet, då stasjonen vart nedlagt, vart det gjort fleire interessante oppdagingar her. Fleire fugleartar som er mest utbreidde austpå vart funne i uventa store tal. Det vart blant anna slege fast at den sjeldne hauksongaren ikkje er så sjeldan på Vestlandet.

På sølv grunn ei blå fyrlykt

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 22.7. 1988 og er teikna av Even Jarl Skoglund. Sund nytta i mange år ei fyrlykt over bølgjer. Det motivet hadde som motto «Stø kurs» og var vel meint å vera motto for all verksemd i kommunen.Frå 2020 kommunevåpen for nye Øygarden kommune.

valknute

Medan Sund og Klokkarvik er sjølvforklarande, er øynamnmet Sotra omstridt. Mogeleg er det ei avleiing av gno. sjóƒa «koka», eller súga «suga», i båe høve om straumtilhøva. I mellomalderen vert det skrive «Soter», på 1600-talet «Saater». Også Lerøyna, skrive «Lædirøy» 1329, er problematisk. Til grunn ligg kanskje eit bortkome ord med tyding «stong(gjerde)», anten om det rette løpet mellom Lerøyna og Sotra, eller slik at øya dannar eit gjerde mellom Sotra og fastlandet. Golta er kanskje oppstått av ei sideform av galte, nytta om eit høgdedrag på øya. Førsteleddet i Risøyna tyder «ris, (kratt)skog», medan Trælevika (Trellevik) truleg inneheld træl «slave».

I Hummelsund finn vi ei form av humul «tett lag av småstein under jordskorpa». Kanskje står vi her overfor eit eldre namn på Toftøyna. Førsteleddet i Tælavåg, stundom skrive med e, kan vera ei avleiing av gno. tál «list, luring», kanskje med bakgrunn i at vågen der kan forvekslast med eit sund. Tyssøyna er helst avleidd av gno. ϸurs «tuss, troll», kanskje om noko mørkt og avgøymt. Førsteleddet i Vorland – skrive «Wordaland» 1463 – er i slekt med varde, og namnet har truleg bakgrunn i fjellet Førdesveten (Sundsveten). Kausland inneheld gno. kausi «katt», her nytta som tilnamn.

  • Kvalvågen i Skogsvågen 20.juni 1960
  • Rasmus Martin «Tinen» Sangolt

Den siste kvalen som vart skoten i Kvalvågen i Skogsvågen 20.juni 1960. (Sund kommune,Sund folkebibliotek,nr.12,11.)

 

 

 

Rasmus Martin «Tinen» Sangolt var ein av dei fremste kvalskyttarane i Sund. (Sund kommune, Sund folkebibliotek,nr.12,11)

Havskodde

Det ligg ofte havskodde vest i Sund og innover Korsfjorden. Dette er den vanlegaste forma for skodde, danna når fuktig og relativt varm luft blir avkjølt av sjøoverflata. Temperaturskilnaden mellom sjø og luft kan då vera liten, berre lufta er fuktig nok. Men dersom denne temperaturskilnaden er stor, kan det bli skodde jamvel om lufta er relativt tørr.

 

Slik skodde kjem oftast om våren og sommaren, når det er høgtrykk og fint vêr. For at havskodda skal trekkja inn over land, må det vera ein svak pålandsvind. Etter kvart som ho sig inn over øyar og fjordar, vil varme frå land og lokale vindar lyfta henne til vêrs. Den fuktige skoddelufta blir til låge skyer, som raskt løyser seg opp. Samstundes som det er rått og kaldt ute ved kysten, kan det derfor vera varmt og fint vêr inne på fastlandet.

 

Ein varm solskinsdag om sommaren kan temperaturen brått falla 10 °C når havskodda overtek. Skoddelaget er vanlegvis tynt, under 50 meter. Stundom viser sola seg som ei bleik skive i disen, utan at ho gir nokon varme. Om kvelden, når oppvarminga frå sola minkar, og medan det enno er solgangsbris frå sjøen, vil havskodda trekkja inn over land. Og ho kan nå langt – det låge landskapet gjer at skodda lett når inn over fastlandet. No og då skaper ho problem for flytrafikken på Flesland.

  • Purpurlyng

Ei typisk plante på strandflata er purpurlyng – eit fargerikt innslag i lyngheia. (Bjørn Moe)

  • Rekonstruksjon av kornskurd med sigd

Rekonstruksjon av kornskurd med sigd, kring 1900. Kausland (Hans-Kr. Bukholm).

  • Raudstrupe

Mildt vinterklima gjer at nokre få raudstrupar overvintrar på den ytre kysten. Langt dei fleste forlèt landet når kulda set inn. (Thor Østbye)

  • Fiskar frå «Sunds Præstegield», figur av Jørgen Garnaas

Jørgen Garnaas’ fiskar frå «Sunds Præstegield», er ein kvardagsfigur frå det folkelege kulturmiljøet på 1700-talet; eit realistisk portrett (Svein Skare, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (Bd. 5909)).

  • «Havstriler ved Bergen», Chr.Tønsberg, 1852

«Havstriler ved Bergen», Chr.Tønsberg, 1852

  • Asphaug, A. (1987) Bygdesoge frå Sund: 1320-1660: tre hundre armods år?. Sund, Sund kommune.
  • Bering, D. Tektono-metamorf utvikling av det vestlige gneiskompleks i Sund, Sotra. Cand. real avhandl., Thesis, Univ. of Bergen 1984.
  • Hummelsund, J. E. (1970) Bygdebok for Sund: eit lite utsnitt av Sund si soge. Sund, Sambåndets trykkeri.
  • Kobbeltveit, O. red. (1986) Sund kommune: ein livsfrisk hundreåring. Sund, Sund kommune.
  • Overvoll, O.; Bjørkevoll, I. (under arbeid). Viltet i Sund.Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Sund kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.