• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Alver kommune har eksistert sidan 1. januar 2020 og er resultatet av samanslåinga av dei tidlegare kommunane Meland, Radøy og Lindås.

Dei to første var øykommunar med fastlandssamband og ligg sørvest i den nye kommunen, berre skjerma mot havet av Askøy og Øygarden. Lindås var den klart største av dei tre, og Lindåshalvøya er no ein del av det samla øyriket, som grensar til sjø på nesten alle kantar. Halvøya heng så vidt fast i landet innanfor i aust, og derifrå sender gamle Lindås – og nye Alver – ein lang kile med dal- og fjellnatur mot nordaust, mellom Osterfjorden, Vaksdal og Modalen i aust og Masfjorden kommune i vest. Her går mellom anna E39 gjennom Romarheimsdalen. Lenger sør passerer E39 kommunesenteret Knarvik, før europavegen held fram over Nordhordlandsbrua til Bergen. I nordvest grensar Alver til Austrheim kommune, mest med sjøgrense, men Austrheim har også hand om nordspissen av Lindåshalvøya, vest for Mongstad. Alver har eit vidt spekter av naturtypar, frå høgfjell til skjergard med meir enn 800 øyar. Dei som vil vite meir om både natur, kultur, næringsliv og historie, kan klikke seg inn på dei gamle kommunane.

Gamle Lindås

Den langstrekte halvøya aust for Radøy, frå nordsida av Osterfjorden og nordvestover mot Mongstad, utgjer den sentrale delen i dagens Lindås. Det er ikkje spesielt mykje lind i denne kommunen, men langs dei sørvende berga ved Osterfjorden er det gode veksestader for dette varmekrevjande treet. På Vollom ved den lune Lurefjorden finn vi også den nordlegaste bøkeskogen i verda, kanskje ein arv frå kongsgarden på Seim inst i fjordbotnen; Sæheim. Les meir her.

Gamle Radøy

For eit par tusen år sidan måtte Radøyskogen vika for eit ope, menneskeskapt landskap av lyngheier og graskledde bøar. Skogen vart brend og rydda, og røsslyngen tok over. Det siste hundreåret har menneskehanda igjen sytt for at naturen skifter karakter. Ingen annan kommune i fylket er så prega av granplanting som Radøy. Les meir her.

Gamle Meland

Ein av dei mest vidgjetne fjelltoppane i sagalitteraturen er veten på Håøy på den vesle øya aust for hovudøya Holsnøy. Vetane låg ikkje på dei høgaste toppane, men på nutane med lengst siktliner. Veten på Håøy vart tent då kong Sverre og birkebeinane gjekk til åtak på Magnus Erlingsson i Bergen i 1183. Århundre seinare brukte fiskarane som låg på havet vest for Øygarden dei tre høgste toppane på Holsnøy som mèd. ”Holsnespenane” vart dei kalla, Eldsfjellet (324 m. oh), Gaustadfjellet (317 m. oh) og Brakstadfjellet (318 m. oh). Om dei ikkje er spesielt høge, ruvar dei over store strandflateområde og er landemerke på kysten. Les meir her.