• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Det er dei store høgdeskilnadene og mange vassdraga som gjev grunnlag for moderne levekår i Årdal. Dei fem kraftverka i kommunen produserer årleg meir enn 2 TWh og gjev energi til aluminiumsproduksjon og anna industri i bygda. Øvre Årdal ukjent årstall, Foto Widerøe (Fylkesarkivet)

Lengst inne i Sogn ligg Årdal kommune. Ved Ombandsnes deler Sognefjorden seg i to greiner, Lustrafjorden som går nordover, og Årdalsfjorden som går mot aust. Langs fjorden ligg fire korte dalføre: Vikadalen på sørsida av fjorden, og Ytre Offerdalen, Indre Offerdalen og Seimsdalen på nordsida. Årdalsfjorden er 18 km lang og endar opp på Årdalstangen, eit smalt eid på ein morenerygg som demmer opp for det ei mil lange Årdalsvatnet. Ved øvre enden av vatnet ligg bygda Øvre Årdal på avsetningar frå elva Utla. Her renn også Fardalselvi ut i vatnet. Frå litt oppe i fjellsida går det ein hengedal mot søraust, Moadalen. Gjennom dette dalføret går hovudvegen til Austlandet.

Landskapet i Årdal er vakkert og vilt. Frå fjorden og dalbotnen reiser fjellsidene seg mest loddrett opp i over tusen meters høgd, med fjellbekkar og fossefall dansande utover. Utladalen fører beint inn i Jotunheimen, med fjellrekka Hurrungane mot nord. Ei rekkje trauforma hengande dalar munnar ut i hovuddalføret. Høgaste nuten i dette området er Store Skagastølstind (2406 moh) på grensa til Luster, tredje høgaste fjellet i landet. ”Storen” vart første gong lagt under menneskefot i 1876 då briten William Cecil Slingsby nådde toppen, og han verkar framleis som ein magnet på fjellklatrarar. I aust ligg Falketind, ein linjerein og finmeisla topp som fekk namnet sitt av sjølvaste Aasmund Olavson Vinje. På dødsleiet proklamerte han at sjela hans skulle fly opp dit: ”So vil eg sitja der paa Falketind og sjaa utyver Norig, og Fjellradirne skal stiga fram.”

Det er dei store høgdeskilnadene og mange vassdraga som gjev grunnlag for moderne levekår i Årdal. Dei fem kraftverka i kommunen produserer årleg meir enn 2 TWh og gjev energi til aluminiumsproduksjon og anna industri i bygda. Utlavassdraget er derimot verna og dalføret med fjella ikring utgjer eit eige landskapsvernområde. Største fossen er Vettisfossen, med ei fallhøgde på 275 meter. Dette er den høgaste fossen som renn fritt i Noreg.

Berggrunnen i Årdal er prega av Jotundekket, eit massiv av sterkt omforma prekambriske djupbergartar med innslag av mellom anna gneis, gabbro, amfibolitt, anortositt og granodioritt. I Gruvefjellet nordvest for Øvre Årdal er det årar av kopar. Her vart det gruvedrift på byrjinga av 1700-talet. Mot Tyin i aust finst det soner med fyllitt og sparagmitt. Sistnemnde er sediment som er litt eldre enn kambrium, og som er skuva saman med Jotundekket.

I liene langs fjordane og dalane i Årdal er det mykje skredjord som gjev gode vilkår for artsrikdom. Her veks varmekjære treslag som lind, hassel, svartor og alm. Det er også rikeleg med furuskog. I Kvitingsmorki sør for Årdalsfjorden finn vi urskogprega furuskog som kan følgjast frå fjorden og opp til 1000 moh. Dette området er verna.

Årdal er eit namn vi finn fleire stader i landet. Førsteleddet kjem av det gammalnorske á (elv), og Årdal tyder altså ”elvedalen”. Årdal låg frå 1837 under Lærdal kommune, men blei utskilt som eigen kommune i 1860. Årdal grensar mot Lærdal i sør, mot Vang i Innlandet fylke i aust, og mot Luster i nord og vest.