• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kinn kyrkje, 1954. Kinn er ein kystkommune, med namn etter øya som også har gjeve namn til prestegjeldet   Foto Malvin Horne (Fylkesarkivet)

Kinn er ein svært særprega kommune, den einaste i Noregshistoria som er slått i hop av fleire gamle kommunar utan sams grense. Flora og Vågsøy, som gjekk saman i 2020, har mykje til felles, men dei har Bremanger liggjande mellom seg.

Kinn er ein kystkommune, med namn etter øya som også har gjeve namn til prestegjeldet og den første kommunen som seinare vart til Flora. Utanfor byen Florø, grunnlagt i 1860, ligg eit vidstrekt øyrike med Hovden, Batalden, Skorpa, Kinn, Reksta, Askrova, Svanøya og Stavøya som dei største. I aust ligg eit fastland sundskore av mindre fjordar: Norddalsfjorden, Eikefjorden og Høydalsfjorden. Det tidlegare Vågsøy i nord består av hovudøya Vågsøy, Husevågøy og nokre mindre øyar, forutan fastlandet inn forbi Allmenningen og Sørpollen.

Den eldste fjellgrunnen i Kinn finn vi i nord, der Vågsøy med øyane og fastlandet rundt ligg i eit belte med grunnfjellsgneisar som strekkjer langs kysten nordover til Trøndelag. Den særeigne Kannesteinen ved Oppedal – ein stettforma nesten tre meter høg stein i fjæra – viser korleis hav og bølgjer har påverka landskapet her gjennom tusenvis av år. Området er svært vêrhardt, noko som gjev mykje haverosjon. Kråkenes fyr ytst i nordvest på Vågsøy er den vêrstasjonen som oftast måler storm og orkan her i landet.

I det gamle Flora er berggrunnen yngre og sterkt prega av den kaledonske fjellkjedefaldinga. Her finn vi fleire skyvedekke av sedimentære og vulkanske bergartar som består mykje av skifer og som gjev godt jordbruksland. I Store Batalden ligg bergartane lag på lag i fjellsida slik at ein kan følgje utviklinga: I ”kjellaren” metamorfe bergartar omdanna under høgt trykk, deretter konglomerat, siltstein, eit nytt lag med konglomerat og så sandstein øvst.

I sør finn vi òg fleire fjellmassiv danna i devon, nemleg Håsteinmassivet søraust for Høydalsfjorden, og Hornelmassivet, som strekkjer seg nordover og inn i Bremanger. Høgaste punktet i Kinn er Ålfotbreen (1385 moh), og nær halve breen ligg innanfor kommunegrensa. Under yngre dryas, den kalde perioden under siste istida, strekte breen seg frå Ålfoten og nesten til Florø. Då han trekte seg tilbake, let han etter seg rikeleg med botn- og endemorenar.

Mykje av landskapet i Kinn vart utforma i istida, somme stader med spesielle naturfenomen som resultat. Det kløyvde fjellet Kinnaklova på øya Kinn har opp gjennom hundreåra vore eit kjend seglmerke for sjøfarande som passerte i leia. Det har truleg blitt til ved at smeltevatn frå breen grov ut sprekker i fjellet som så vart ein tunnel, slik som Torghatten lengre nord. Det rasa frå taket i tunnelen, og til slutt rausa sjølve taket ned, slik at tunnelen blei ei opa kløft.

Vegetasjonsområda i Kinn er svært varierte. Fleire stader finst der rikare furuskog og edellauvskog, og det førekjem kravfulle artar som barlind, kristtorn, lind, eik, junkerbregne, skogsvingel og raudflangre. Naturreservatet Brandatjørna ved Lykkjebøen er eit område med gammalskog og førekomst av huldestry. Andre vegetasjonstypar det finst mykje av er kystlynghei og myr. Eit særprega område er Refviksanden nord på Vågsøy, med 1–2 meter høge sanddyner der det veks sørlege artar som til dømes sandstarr. Refvikvatnet i nærleiken er ein strandsjø som er trekk- og overvintringsområde for minst 44 artar av våtmarksfugl.

I Kinn finst det i alt 20 naturreservat for å verne om sjøfugl. Einevarden nordvest på Vågsøy var tidlegare det største fuglefjellet i Sogn og Fjordane, og det nest største fuglefjellet i Sør-Noreg. Her hekka dei fleste fuglefjellsartane i landet, men talet på fuglar er no redusert. Av påvist hekkande artar kan nemnast havhest, toppskarv, gråmåse, svartbak, alke, lomvi, lunde og teist.