• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Kattnakken–Stovegolvet
I Stord finst den største barlindskogen og nokre av dei mektigaste kristtorntrea i Noreg. Kristtorn er viltveksande i det milde klimaet på Stordøya, i det som er blitt kalla «kristtornbeltet», med fyllittrik berggrunn som har skapt oasar med varmekjære vekstar i låglandet. Men Stord har også nakne, høge fjell og vidder med karrige veksttilhøve og sure, næringsfattige bergartar.

Dagens kommune tilsvarar det området som høyrde til Føyno skipreide i mellomalderen, «Feøya», «beiteøya», saman med heile Bømlo kommune. Mellomalderens skipreide finn vi i kjeldene også omtala som Kåravik skipreide, etter staden der sagahovdingen «Horda-Kåre» heldt til. Den gode hamna i Leirvik skapte eit knutepunkt alt i mellomalderen. Her var det tingstad, og det kom ein gjestgjevarstad på 1600-talet. Men Leirvik fekk aldri kjøpstad- eller ladestad-status. I folketeljinga for 1865 er deler av gardane Nordre Bjelland, Leirvik og Orninggård skilde ut som «Strandstedet Lervig». Slik veks tettstaden fram kring den gamle gjestgjevarstaden gjennom ein hundreårsperiode.

Dei nye handels- og handverkarlovene kring midten av 1800-talet førte til ny vekst. Utbygging av offentlege tenester og nye kommunikasjonar – dampskipsferdsle, post og telegraf – gjorde Leirvik til midtpunkt i eit stort distrikt, og den gamle tingstaden vart i stigande grad også eit administrasjons-sentrum og ein handelsstad for bygdelaga i den sørlege delen i dette øyriket.

Markert forkasting

Stordøya er todelt. Skiljet mellom fjellområda – «Stovegolvet» - og låglandet går langs ein brattkant frå Sagvåg til Jektevik. Nord for brattkanten er det harde størkningsbergartar, som omdanna basaltlava, ryolittlava, gabbro og granitt. I låglandet sør for denne skiljelina er berggrunnen mjukare. Her er det glimmerrike og skifrige kambrosilurbergartar, først og fremst fyllitt, omdanna sandstein og grønstein, men også konglomerat, marmor og jaspis. Dette er for det meste restar etter lava, leire, sand og stein frå eit førhistorisk hav ein gong midt i kambrosilurtida. I grønsteinsgruvene på Litlabø var det drift etter svovelkis heilt fram til 1969.

Sjølve skiljelina er ei geologisk rørslesone, ei forkasting. Langsetter forkastinga mellom Dyvikvågen og sørskrenten av Stovegolvet finn ein mellom anna dei yngste bergartane på Stord. Her er det nokre tynne kalksteinslag med fossil, som fortel at desse laga vart avsette i silurtida for kring 430 millionar år sidan. Kilometertjukke lag av imponerande konglomerat vart danna då forkastinga var aktiv og massivet i nord heva seg og vart slipt ned. Dette konglomeratet inneheld steinar av jaspis og chert i tillegg til granitt, kvartsitt og grønstein.

Sør for forkastinga er strandflata godt utvikla, men strandflata finst og på dei harde bergartane nordvest for Sagvåg, der flyplassen på Sørstokken ligg. Terrassane ved Øvre Økland viser at havnivået ved slutten av istida (marin grense) stod 50 m høgare enn i dag på den sørlege delen av Stord. Dyrkingsjorda på denne delen av øya er anten leirjord, slik som mellom Rommetveit og Leirvik, eller forvitringsjord som ved fjellgardane frå Haugland til Eskeland. Her er det glimmerskifer som har forvitra til god, næringsrik jord. Forvitringsjord ser vi og langs vegen mellom Heiane og Sagvåg, der ein nokre stader kan spa seg ned i «råtafjellet».

Huglo ligg også på sørsida av den same forkastinga. Her er kontrastane ekstra store. På Huglo er det område som høyrer til dei mest og andre til dei minst grøderike i heile Hordaland. Vekslinga mellom kalkfjell, sure lavabergarter og lausmassar forklarer fordelinga mellom skrint og frodig på øya.

Rik flora

På grunn av den topografiske skilnaden mellom nord og sør kan temperaturtilhøva variera mykje innan kommunen. Mange område i låglandet ligg i le for vestavinden, med godt klima for kravfulle vekstar. Eit mangfald av artar sørgjer dei milde vintrane og den lange vekstsesongen for, saman med variasjonar i jordsmonn og næringstilgang. I juni har dei fleste plantene kome lenger i vekst og utvikling på Stord enn på Bømlo, truleg fordi Stord ligg meir skjerma mot havet enn grannekommunen. Det er elles få stader i landet at graset veks så godt som på dei grøderike, næringsmetta bøane på Stord.

Plantelivet er betre kjent enn i dei fleste andre hordalandskommunane. Mange av dei artene som i Noreg har si største utbreiing i Sunnhordland, er godt representerte i Stord. Floraen inneheld planter som er svært sjeldne i landet, av dei er fleire sårbare bregnar. Det er til dømes påvist 14 arter av orkidear, dei fleste i skog, eng eller på myr. Kunnskapen om plantelivet er samla i ein eigen flora for Stord.

Innvandrarar frå Tysnes

Nedbøren varierer mykje. Vest på øya, mot Stokksundet, er middel årleg nedbørsmengd om lag 1900-2000 mm, medan tilsvarande for nedbørstasjonen på Børtveit ved Langenuen er 2871 mm. Talet på nedbørsdagar er derimot om lag det same. I middel er det 190 dagar i året med regn i dei nedbørfattige områda, medan det er 200 regndagar der det er mest nedbør.

Dei fleste pattedyra på våre kantar har forlengst funne fram til Stord. Innvandringsvegen kjem frå aust via Tysnes, og det er truleg berre eit tidsspørsmål før rådyr og elg også finn varig fotfeste her. Men somme dyreartar har forsvunne. Ingen veit sikkert når den siste bjørnen på Stord vart skoten. Reven vart utrydda med stryknin kring 1845. Dei få revane som har greidd å ta seg fram til øya sidan, har ikkje fått leva lenge.

Kristtorn trivst godt så godt på Stord at lauvskog og furuskog med det særmerkte treet er blitt eit av kjenneteikna i kommunen. I desse skogane er det eit rikt fugleliv. Dette gjeld særleg Hystadmarkjo, der det også veks sumpprega svartolderskog. Saman med blautbotnfjørene utanfor, Sævarhagvikjo og Mjelkevikjo, er dette eit av dei mest sjeldsynte naturområda i Hordaland.

På raud grunn ein gull kvisttornkvist

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 19.06.1987, teikna av Truls Nygaard etter ein idé av Harry Herstad. Kristtorn eller beinved er viltveksande i det milde klimaet på Stord. Stord ligg i det vi kan kalla «kristtornbeltet»; på næringsrik fyllittgrunn som gjev gode vokstervilkår for varmekjære vekstar; kristtorn og vivendel.

valknute

Stord, uttala «Storen» i dialekten, kan setjast i samband med ein ordkrins som tyder «vera stiv, raga opp». Ei anna forklaring er det gno. ordet storð «ungskog, krattskog». Føyno, det gamle namnet på skipreida, er ei samandraging av Feøy i bunden form, altså «beiteøya». Huglo er i slekt med haug, som tysk Hügel. Hystad er ei forkorting av Hysingstad, samansett med eit gammalt mannsnamn Hysing. Også Kåravik er samansett med eit gammalt mannsnamn; kanskje sagahovdingen «Horda-Kåre». I mellomalderen er det fleire gonger tale om Káravíka(r) skipreiða. Eit tredje kjent stadnamn med personnamn i førsteleddet er Rommetveit, av eldre Rómundr og tveit «(flat) rydning». Ådland inneheld ei eldre genitivform av å «elv». To reine naturskildringar er Skjersholmane, av skjer og holme, og Langenuen, der sisteleddet er nu(v) «koll, topp», her nytta om fjorden mellom høge kollar. Agdestein inneheld kanskje ei ordstamme med tydinga «spiss, utstikkande»; truleg i slekt med Agder.

  • Hans Langeland er i gang med haustinga i kristtornskogen på Søre Bjelland
  • Kristtorn

Kristtorn

I kristtornskogar langs kysten frå Sørlandet til Nordmøre blir det årleg produsert julebukettar for mange hundre tusen kroner. Stord, som satsar på kristtorn som næringsveg, har valt treet med dei vintergrøne, vakre skota og korallraude fruktene til kommunesymbol.

 

Kristtorn blir òg kalla beinved i somme dialektar på Vestlandet. Namnet er kjent frå sagaen som beinvi∂r, og viser til den svært tette og harde veden. Sjølv om veden held så lite vatn at han kan brenna i frisk tilstand, slår han seg lett, dersom han ikkje blir tørka og handtert på rett måte. Dei gamle kunne kunsten, og beinved var derfor høgt skatta som emne til reiskapar, til dømes høvlar, og han vart brukt til finare treskurd. Også den gråkvite fargen, utan tydeleg struktur, gir ein kvalitet mykje lik bein. Veden tek lett farge, og har mellom anna vore brukt som erstatning for ibenholt.

 

Kristtornbladet varierer mykje i form, glans og tanning. Det er skilnad frå tre til tre, og det same treet kan ha tenner på dei nedre greinene, medan blad høgare oppe kan mangla det. Dei sylkvasse tennene fungerer som forsvar mot beiting. Når ein skjer plantene, vil dei utvikla meir strittande og «sinte» blad også høgare oppe.

 

Til jul skal det òg vera raude frukter. Denne grøda varierer enormt frå år til år. Ei god avling kjem gjerne året etter ein varm sommar, der grunnlaget for knoppane blir lagt. Om ikkje kulde og frost øydelegg knoppane, vil vêrforholda under bløminga sommaren etter vera avgjerande. Det er alltid hoer og hannar i ulike blomar, og dei sit aldri på same treet. Dei raude fruktene får vi berre på hotrea.

 

Dei små, kvite blomane har lett tilgjengeleg nektar. Søtsakene trekkjer til seg svermar av insekt. Men godt flygevêr er nødvendig. Bier er mest effektive i pollineringa. Det blir rapportert om isolerte hotre som set frukt sjølve utan pollentre i mils omkrins. Mykje tyder på at nokre individ kan danna frukter utan befrukting. Men det blir ikkje frø i slike tilfelle, og fruktene blir små og fell gjerne tidleg av. Etter befruktinga krev mogninga ein relativt lang og helst varm ettersommar og haust.

 

Å pynta med grøne kvister vinterstid er ein eldgammal tradisjon. Grønfargen symboliserer naturen som vaknar etter vinterdvalen. Det norrøne kristtornnamnet, hulfr, har samanheng med anglosaksisk holegn, seinare endra til holly frå førkristne midtvintersblot. Julebukettar for sal har vore produserte her til lands i om lag hundre år ved hausting av dei naturlege bestandane. Lite tyder på at dette utgjer ein trussel mot arten, for kristtorn har ei ukueleg evne til å skyta opp nye skot etter skjering. Når ein i som bygder no plantar kristtorn meir systematisk, vil ein få spreiing av framandt genmateriale. Det aukar faren for påførte sjukdommar.

  • Utbreiinga av kristtorn i Europa.

I Noreg har kristtorn tyngdepunktet for utbreiinga i Sunnhordland, men planta veks og langs kysten vidare mot nord, til Nord-Vestlandet. Avgjerande for utbreiinga er kravet til at middeltemperaturen for januar ikkje går under frysepunktet. Kristtorn er vanleg sørover i Europa. Dei norske veksestadene er såleis siste utpost for dei eviggrøne lauvskogane ved Middelhavet. I Noreg er kristtorn det einaste lauvtreet som ikkje feller blada om vinteren.

  • Gråtrast som et rognebær

Trast i trekrona

Kvifor har kristtorn, rogn og mange andre planter raude bær? Truleg fordi fuglane lettare skal finna og eta dei.Vanlegvis er det viktig å unngå å bli mat for andre, men det er fullt mogleg å snu på det: Samspelet mellom bærproduserande planter og trekkfugl, hos oss ofte trast, er eitt av dei beste døma på samevolusjon. Inne i bæra ligg plantefrøa omgitt av saftig fruktkjøt. Det er fruktkjøtet fuglane vil ha, men når dei et det, spreier dei òg frøa mykje meir effektivt enn treet kunne makta åleine. Mykje tyder dessutan på at frøa spirer betre etter å ha passert tarmane hos ein fugl.

 

Truleg er trekkfuglane, som gjerne hopar seg opp langs kysten om hausten, ei årsak til at det er meir rogn og andre bærproduserande lauvtre på kysten av Sørvest-Noreg enn lenger inne i landet.

  • Stord

Det er ei forkasting, ei rørslesone i berggrunnen, som har gitt opphav til det skarpe skiljet i landskapet mellom låglendet sør på Stord og fjellområdet frå Kattnakken og vidare mot nord. I fjern geologisk tid må det ha vore mange og store jordskjelv langs denne sona (digital høgdemodell, perspektiv mot nord).(Haakon Fossen)

  • Landåsen
  • Hønsehauk

I Stord er det mykje gammal og storvaksen furuskog, som her på Landåsen (foto frå tidleg på 1900-talet). Hønsehauk er ein typisk art i gammal furuskog.

  • Jan Rabben, naturfotograf busett på Stord

Måren – Skogens skugge

Jan Rabben, naturfotograf busett på Stord, i arbeid med å dokumentera mårens familieliv, eit tolmodsprosjekt utan sidestykke.Den nattaktive måren er den mest vare og mistenksame skapningen som finst i vestlandsskogen.150 netter i kamuflasjetelt, godt over eit tonn fiken, store mengder honning, druer og andre godsaker resulterte i bok og film. (Eirik Brekke)

  • Færseth, R. B.1982. Geology of southern Stord and adjacent islands, Southwest Norwegian Caledonides. Norges Geologiske Undersøkelse Bulletin 371:57–112.
  • Gullberg, J. & Dragsland, Ø. (red) (1987) Stord kommune 1837-1987: jubileumsskrift. Stord, Stord kommune.
  • Høyland, O. (1966-1973) Stord bygdebok. Bd I-III, 2. utg. bd II 1985. Stord, Stord herad.
  • Kvale, A. Et Kaledonsk intrusiv- og effusivfelt på Stord. Bergen Mus. Årbok, Naturv. Rekke 1937,1.
  • Moe, B. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar på Stord. Stord og Fitjar kommunar og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Paulsen, T. R. 1998. Bird-berry interaction: More than just seed dispersal? Cand. scient. oppgave, UiB.
  • Resser, T. (1986) Stord: 30 år i utvikling.
  • Resser, T. (1991) Stord-Fitjar og øyane.
  • Steinsvåg, M. J.; Overvoll,O.2004. Viltet på Stord. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Stord kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 3/2004.
  • Sørheim, K. 1969. Floraen på Stord. Eige forlag.