• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

I uminnelege tider har hovedvegen mellom aust og vest gått over Filefjell og gjennom Lærdal. "Gallene ved Lærdal", Thomas Fearnley, 1839 (Nasjonalmuseet)

Lærdal kommune ligg på sørsida av Sognefjorden i området kring sidearmen Lærdalsfjorden og dalføret Lærdalen. Lærdal har eit svært tørt klima. Årsnedbøren ligg rundt 400–500 mm, og lærdølene har lange tradisjonar for kunstig vatning. Allereie i mellomalderen tok dei til å byggje seg vatningsrenner for å leie vatnet inn på dyrka mark. Klimaet er gunstig for jordbruk, og Lærdal har mykje bærdyrking.

Berggrunnen vest for det mindre dalføret Erdal og i fjella i søraust er prega av Jotundekket, eit massiv av overskuva, harde bergartar som gabbro og gneis. I fjellområda mellom Aurland og Lærdal og øvst i Lærdalen har erosjonen greve gjennom dei yngre bergartane, slik at grunnfjellet dukkar fram att. I ytterkantane av dette vindauget finn vi soner med fyllitt som har blitt pressa til side av grunnfjellet. Somme stader inneheld fyllitten store mengder kvartsskifer.

Fjella kring Lærdalsfjorden og Lærdalen er steile og høge. Toppane når opp til 1500–1800 meters høgde. Lærdalen er greven ut av Lærdalselvi, som har sett av mykje lausmateriale fleire stader i dalbotnen. Ho renn slakt mellom Borlaug og Borgund, før ho kastar seg brå og vill nedover den neste halvanna mila mot Mo. På denne strekninga er dalføret svært trongt, før det vidar seg ut att lenger nede. Tidlegare tok elva ofte nye løp og skapte store flaumar, men i dag er vassdraget regulert. Lærdalselvi er ei av dei store lakseelvane i Noreg, men dei seinare åra har førekomstar av parasitten Gyrodactylus salaris vore eit gjentakande problem.

Lengst i vest ved Sognefjorden er fjordliene dekka av store fureskogar. Frønningen er ein av dei største skogeigedommane på Vestlandet, og ligg på eit platå i 400–500 meters høgde over fjorden. I ura på nordsida av fjellet Bleia har den sjeldne urvalmuen fått vekse og gro i fred mellom ras og steinsprang. Denne blomsten er ein pionerart som veks i mineraljord på lysopne flater utan konkurranse frå eit etablert vegetasjonsdekke.
Han er berre funnen ein annan stad i Noreg og i verda. Området frå Bleia og sørover er restar av det gamle slettelandet, som fortel om korleis landformene var før istidene, og utgjer eit eige landskapsvernområde. Fjella her er beiteland for villrein. I liene langs Lærdalen finn vi somme stader edellauvskog med bestandar av alm, lind, gråor, hegg og hassel. På Husum finst det karplante- og lavflora med eit kontinentalt preg som ikkje er vanleg elles på Vestlandet. Dette området er verna.

Førsteleddet i namnet Lærdal er truleg genitiv av det bortkomme elvenamnet Lærr, som har uvisst opphav. Då det kommunale sjølvstyret vart innført med formannskapslovene i 1837, femnde Lærdal kommune om heile Lærdal med Borgund og noverande Årdal kommune. I 1860 vart Årdal skild frå som eigen kommune, og frå 1864 til 1964 var Borgund eigen kommune. I 1992 blei så Frønningen overført frå Leikanger kommune til Lærdal. I dag grensar Lærdal kommune mot Årdal på høgfjellet frå Bermålsnosi til Krekanosi, mot Vang i Innlandet fylke på Filefjell, mot Hemsedal, Ål og Hol i Viken fylke på Hemsedalsfjellet og Nordfjella, og mot Aurland frå Nordfjella til Aurlandsfjorden sør for Frønningen.