• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

I Gulen låg eldste samlingsstaden for det regionale tinget Gulatinget. Kvar tingstaden nøyaktig var, er usikkert, truleg har han blitt flytta rundt. I Håkon Håkonssons saga heiter det at kongen lét byggje ei kyrkje på Guløy og flytta tinget dit, omkring midten av 1200-talet. I Landslova av 1274 står det at "rett tingstad no er i Guløy".Minnesmerke over Gulating av Bård Breivik, 2007. Ukjent fotograf (Fylkesarkivet)

Om du reiser nordover langs kysten, er Gulen siste kommunen du dreg gjennom før du passerer Sognesjøen eller Sognefjorden. Her finn du både eit øyrike og eit fjell- og fjordrike. Dei fire største øyane er Sandøyna, Hisarøyna, Byrknesøyna og Mjømna. Innimellom dei går lange, smale sund, hovudsakleg i retning nord–sør. Vestlegaste delen av fastlandet er oppskore av Gulafjorden, som har armar mot nord, sør og aust. Lengst i aust strekkjer Gulen seg forbi Risnesfjorden, ein sørleg sidearm av Sognefjorden, og nesten til Ikjefjorden.

Øyane lengst i vest er låge. Her er landskapet småkupert, med ein mosaikk av myrar og småvatn mellom låge rygger. Myrane på øya Grima er verna, og her finn vi ei rekkje moseartar. På fastlandet stig toppane i høgde mot aust. Fjella kring Eivindvik, Dalsøyra og Brekke er for det meste 400–600 meter høge, medan Svadfjellet aust for Instefjord kjem opp i 878 moh. Berggrunnen består stort sett av gneis med struktur frå kaledonsk tid. Helt i sørvest ligg Vassøyane med eit hundretals øyar, holmar og skjer. Denne øygruppa med fjellgrunn av konglomerat høyrer til devonfelta på Vestlandet.

Klimaet i Gulen er mildt og nedbørrikt. Brekke er den staden i landet med størst registert nedbør i løpet av eit kalenderår, nemleg 5546 millimeter i 1990. I 1983 fall det 1117 millimeter berre i oktober, det er noregsrekord for den månaden.

Jordsmonnet i Gulen er surt, men det finst god dyrkingsjord i moreneområda inne i fjordane. Floraen er svært variert, med innslag av både kyst-, skog- og fjellflora. Ytst på kysten finst fleire område med atlantisk lynghei, som tidlegare er nytta til sauebeite. Skogen består av furu, einer og bjørk, men det finst òg edellauvskog. Dyrelivet omfattar hjort, raudrev, røyskatt, mår, mink, ekorn, snømus, markmus, lemen og hare. Vassøyane lengst vest er eit verna skjergards- og gruntvassområde der ein har observert over 40 forskjellige fugleartar. Det finst elles fire andre naturreservat i Gulen for vern om sjøfugl.

Gulen har fått namnet sitt frå gul som tyder ”sterk vind”. ”Landgule” blir på Vestlandet ofte brukt om frålandsvind, medan ”havgule” er pålandsvind. Begge orda knyter seg til vind av moderat styrke, gjerne sjøbris som oppstår ved variasjonar i temperaturen over land.

I Gulen låg eldste samlingsstaden for det regionale tinget Gulatinget. Kvar tingstaden nøyaktig var, er usikkert, truleg har han blitt flytta rundt. I Håkon Håkonssons saga heiter det at kongen lét byggje ei kyrkje på Guløy og flytta tinget dit, omkring midten av 1200-talet. I Landslova av 1274 står det at "rett tingstad no er i Guløy". Guløyna er halvøya som ligg utafor Flolid aust for Eivindvik. Gulatinget vart seinare flytta frå Gulen til Bergen (omlag 1300).

Då Gulen kommune blei oppretta i 1837, var namnet Eivindvik. I 1850 vart Brekke skilt ut som eigen kommune, i 1858 også Sulen (Solund). Kommunenamnet vart endra til Gulen i 1890. I 1964 blei Brekke og det meste av Gulen slått saman til det som i dag er Gulen kommune. Øya Losna vart då overført til Solund.