• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Frå 2020 vil Bjørnafjorden skape si eiga historie, men naturgeografien og den tidlegare historia vil ikkje endre seg. Dei som vil vite meir om dette området, kan klikke seg inn og lese det som står om dei gamle kommunane.

 

Frå det store fjordbassenget i Bjørnafjorden går det ein fjordarm mot nord. Den første delen heiter Fusafjorden; lengst inne, mot den tronge fjordbotnen i nord, skiftar namnet til Samnangerfjorden. Tidlegare vart både innløpet og det meste av denne fjordarmen vakta av to kommunar, Fusa på austsida og Os på vestsida. Når desse etter samanslåinga frå 1. januar 2020 er blitt til Bjørnafjorden kommune, ligg den nye kommunen på begge sider, og han avgrensar også den store Bjørnafjorden i aust. Men skal ein frå den eine av dei gamle kommunane til den andre, må ein framleis ta ferje eller køyre nokre mil rundt fjordbotnen, i Samnanger kommune. Elles grensar Bjørnafjorden mot Kvam i aust, Kvinnherad og Tysnes i sør, Austevoll i vest og Bergen i nordvest.

Frå 2020 vil Bjørnafjorden skape si eiga historie, men naturgeografien og den tidlegare historia vil ikkje endre seg. Dei som vil vite meir om dette området, kan klikke seg inn og lese det som står om dei gamle kommunane.

Gamle Os

Som eit stort nes fram i Bjørnafjorden ligg Os, den sørlegaste spissen av Store Bergensboge. Derfor vart mellomalderens skipreide kalla Framnes, som namn på dei solrike, skogkledde bygdene nord for Bjørnafjorden. Men det er det flate sanddeltaet ved munningen av Oselva som har gitt namnet til dagens kommune. Os og bygdene kring Fusafjorden og Samnangerfjorden høyrde til same skipreide og prestegjeld fram til 1800-talet. Og i den lune, austvende Lekvenvågen ved Ferstad har truleg leidangsskipet hatt sin plass. Les meir her.

Gamle Fusa

Vakre kulturlandskap, store utmarksareal, fiskevatn og jettegryter set sitt preg på kommunen aust for Bjørnefjorden. Framleis er det mange veglause dalar i Fusa, og om vi vil til skogs, er dette rette staden. I Yddal finst ein av dei største furuskogane i fylket, og her er det råd å vandra i dagevis med ryggsekk og telt, helst også med kart og kompass. Les meir her.