• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Øygarden er ei fem mil lang samanhengande rekkje av godt og vel 1500 øyar, som strekkjer seg frå grensa mot Austevoll i sør til Fedje i nord.

Med front mot Nordsjøen i vest er kommunen i heile si lengd eksponert mot storhavet. I aust har Øygarden kommunane Bergen, Askøy og Alver i ryggen, rekna frå sør mot nord.
Alle hovudøyane i Øygarden er knytte saman med eit tredvetals bruer, og ein kan køyre «tørrskodd» frå sørspiss til nordspiss. Den største øya er Sotra, som utgjer halve lengda av øyrekkja og så mykje som tre femdelar av det totale landarealet.
Fram til 2020 bestod dette øyriket av tre kommunar. Sund og Fjell delte Sotra mellom seg, med Fjell i sør, medan Øygarden tok hand om dei resterande øyane i nord. No har altså «Øygarden» fått eit nytt geografisk innhald, og namnet høver minst like godt som før. Kommunevåpenet, som viser ei fyrlykt, har den nye kommunen arva frå tidlegare Sund kommune. Også Fjell er godt eksponert gjennom det gamle kommunesenteret sitt – som no er kommunesenter i Øygarden.

Dei naturgjevne forholda, med geologi, klima og plante- og dyreliv endrar seg ikkje om ein flyttar nokre kommunegrenser. Det gjer heller ikkje historia til desse øyane. Detaljert informasjon om dette får ein ved å klikke seg inn på dei gamle kommunane.

Gamle Øygarden

 

Med fjorden på innsida og storhavet utanfor ligg 552 mellomstore og små øyar som ein grå, låg og oppsprukken steingard langs ytterkysten; ein skjergard i ordets mest bokstavelege tyding. På avstand ser desse strandflateøyane like ut. På nært hald er landskapet meir skiftande, med mange fargetonar, små bøar, myrer og lyngheier og mørke planteskogar. Les meir her.

 

Gamle Fjell

I litteraturen er øyane vest for Bergen karakeriserte som «det grå riket». Det er innbyggjarane i Fjell som sjølve har forma dette landskapet. Først vart skogen rydda og svidd, slik at lynghei og myr fekk overtaket. Gjennom mange tusen år vart lyngen vart brent regelmessig for å få fram grøne nyskot som god attåtnæring til husdyra, og torva utvikla seg til eit teppe over fjellet. Dette teppet vart den viktigaste energikjelda for folket ved havet. Torva vart skoren og brend, og etter hundre generasjonars utnytting kom nakne berget fram. Det grå riket vart til. Les meir her.

Gamle Sund

Det vidstrekte låglandet på den søre delen av Sotra høyrer til ei landskapsform som strekkjer seg langs heile norskekysten, frå Ryfylke til Finnmark. Strandflata er eit lågt men kupert landskap mellom storhavet og kystfjella. Dei mange småøyane kring Sotra formar mange smale sund, så kommunenamnet er lett å skjøna. Det meste av Sund får plass på denne havbremmen av harde, men stundom utifrå vakre gneisar. Andre bergartar finst knapt; også fjella, med Veten som det høgste punktet, er gneis. Sjølv om kystfjella ikkje er særleg høge, gjer dei mykje av seg i dette låge landskapet. Les meir her.