• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Stad kjem av Staðr som tyder ”stansing”, som kan sikte til at dei sjøfarande måtte skifte kurs her og ofte stanse for å vente på bør. Stadlandet er eit 500–600 meter høgt fjellplatå som skyt ut i havet som ein knyttneve. Ukjend fotograf (Fylkesarkivet)

Stad kommune blei til ved samanslåinga av dei gamle kommunane Selje og Eid i 2020, og fekk dessutan tilført krinsen Bryggja frå tidlegare Vågsøy kommune. Stad er svært langstrekt, frå Selje og halvøya Stadlandet lengst ute mot storhavet, til grendene Navelsaker og Holmøyane ved Hornindalsvatnet lengst i aust. Storparten av nordsida av Nordfjorden ligg i Stad. Kommunen er den nordlegaste i Vestland fylke, ved grensa mot Møre og Romsdal. Kommunesenteret er Nordfjordeid.

Stad kjem av Staðr som tyder ”stansing”, som kan sikte til at dei sjøfarande måtte skifte kurs her og ofte stanse for å vente på bør. Stadlandet er eit 500–600 meter høgt fjellplatå som skyt ut i havet som ein knyttneve. Havet utanfor er fritt for skjergard og har ein rotete undervasstopografi der grunnar og båar vekslar med større djupner. Dette gjer Stadhavet til ein av dei mest vêrharde strekningane langs Norskekysten, og mang ein sjøfarande har funne eit våt grav her. Bølgjene inn mot dei vide strendene ytst på Stadlandet gjev gode forhold for surfing.

Berggrunnen i Stad består av gneis og høyrer til den vestlege gneisregionen. Innover langs Nordfjorden er landskapet prega av 600–1200 meter høge toppar med mindre dalføre mellom. Langs fjorden og i dalane ligg det lausmassar av sandhaldig moldjord, ofte i terrassar. Hornindalsvatnet i aust er 514 meter djup og dermed den djupaste innsjøen i Europa. Vatnet er næringsfattig og klart, utan brear i nedslagsfeltet.

Stadlandet er dekka av djupforvitra jordsmonn frå jorda sin mellomalder, noko som tyder på lite eller inkje isdekke under istidene. Fjellplatået er dominert av lynghei og myr, og endar i bratt klippekyst. Floraen er artsrik, og femnar om mellom anna hinnebregne, purpurlyng, mosesildre og blåstjerne. I Høgfjellet mellom Ervik og Hoddevika ligg eit lite fuglefjell med bestandar av havhest, toppskarv og krykkje. I saltvasspollen Tungevågen på nordsida av halvøya er det registrert 55 artar av våtmarksfugl. Årleg overvintrar 10–20 songsvaner i området.

Hoddevika-Liset er eit av 46 utvalde unike kulturlandskap i Noreg. Området har høgt biologisk mangfald og er prega av beitebakkar og lyngheiar, som har blitt til gjennom beiting og fôrsanking gjennom tusenvis av år. Ved sandstranda i Hoddevika har vind og hav danna sanddyner og eit større felt med flygesand, Sandmælen.

Innover langs Nordfjorden og Hornindalsvatnet ligg fleire område med edellauvskog dominert av alm og lind, og med kravfulle artar som hassel, søtkirsebær, rognasal, hagtorn og villapal. I Åsane naturreservat aust for grenda Lote finn vi kalkfurskog som er rik på kvit skogfrue og eit stort tal edellauvskogplantar, noko som er sjeldsynt i Norden. Lindeskogen i naturreservatet Lindvik nord for Hornindalsvatnet
ligg nær nordgrensa for velutvikla alm-lindeskog. Her er påvist fleire artar av sjeldne flaggermusartar, mellom anna ein koloni av nordflaggermus som truleg er den einaste kjende i berg her i landet.

Eid og Hornindal var ein kommune til 1863, då Hornindal blei skilt ut som eiga kommuneeining. Det same var Selje og Vågsøy fram til 1910, då Nord-Vågsøy og Sør-Vågsøy blei etablerte som eigne kommunar.