• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Utsikt frå Kyrelvstupet. Ein får med seg Vetløyri, Vikøyri, heile vestlege delen av Vik og Bøadalen. Foto Arne Inge Sæbø, 1998 (Fylkesarkivet)

Vik ligg på sørsida av Sognefjorden og er blant kommunane i midtre Sogn. Lengst i aust ligg småbygdene Fresvik og Feios på terrasseforma strandflater, og med dalar sørover mot Fresvikbreen (1642 moh). Sognefjorden svingar her mot nord før han rundar Vangsnes, som er ein bakkerygg som skrånar relativt svakt ned frå Kvitenjuk (752 moh) og endar i ei lita strandflate ved fjorden.

Sjølve hovudbygda ligg kring Vikjabukti der elvane Vikja og Hopra renn ut i Sognefjorden. Elvane har sett av tjukke lag med lausmassar som gjev grunnlag for eit rikt jordbruk på Vikøyri. Dei to elvane har greve ut kvart sitt dalføre i sør, Bøadalen og Ovrisdalen, der det også finst mykje morenemateriale. Nedre del av Vikja er lakseførande og der har blitt teke laks på opp til 9,6 kg. Elva er nasjonalt laksevassdrag.

Lengst vest i Vik skjer to tronge sidearmar av Sognefjorden seg mot sør og inn i fjellheimen – Arnafjorden og Finnafjorden. Særleg sistnemnde har nærast stupbratte fjellsider dei fleste stader. Berggrunnen i denne delen av kommunen består av grunnfjell og høyrer til den vestlege gneisregionen. I dei sentrale delane av Vik finn vi kambrosiluriske skyvedekke av glimmerskifer og kalkstein, mens i aust ligg Jotundekket med hardare bergartar som gneis og gabbro over skiferen. I Framfjord har geologien gjeve grunnlag for gruvedrift med uttak av talkum.

Vest i kommunen ligg delar av Stølsheimen landskapsvernområde. Dette blei oppretta i 1990 og strekkjer seg frå Sognefjorden til høgfjellet oppi 1200–1300 meters høgde. Liane opp frå fjorden er dekka med frodig lauvskog med innslag av lind, hassel, alm, ask, bjørk og or. Eit spesielt område er Eiterstrondi naturreservat på austsida av Arnafjorden, der det finst førekomstar av sjeldne plantar som moskusurt, skogrøyrkvein, krattfiol og kvitmaure. Bestanden av hekkande småfugl, særleg av holrugarar, er svært tett her, og den gode tilgangen på hole tre er truleg ei avgjerande årsak. På Eiterstrondi er det også registrert bøksongar, ein sjeldsynt art på Vestlandet.

Liane går over i eit kupert fjellandskap med dalar, botnar og talrike elver og vatn. Eit markant landmerke er Raudberg, ein topp som inneheld mykje serpentin, og som skil seg ut frå dei andre fjella gjennom sin tydelege raudfarge. I søraust ligg delar av Nærøyfjorden landskapsvernområde, som i 2005 vart oppført på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv.

Fjelltraktene i Vik har opp gjennom tidene vore eit sentralt område for villreinjakt. På fjellryggane kring Fresvikbreen ligg det store fangstanlegg med bogestille, leiegjerde og dyrestup. I nyare tid er det hjortejakt som er mest utbreidd i kommunen. Gjennom dei siste åra har det blitt felt 300–400 hjort kvar sesong i Vik.

Vik har eit forholdsvis tørt klima, med gode temperaturar om sommaren. Dette gjev grunnlag for ein omfattande bærproduksjon, særleg på Vangsnes og i Fresvik.

Tidlegare høyrde Kvamsøy sokn på nordsida av Sognefjorden til kommunen. Grensene vart endra i 1964 då Vangsnes blei innlemma i Vik, mens Kvamsøy gjekk til Balestrand. I 1992 blei så bygdene Fresvik og Feios overførte frå Leikanger til Vik.