• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skjeljaboden fyrlykt på Storekalsøy, Austevoll

Skjeljaboden fyrlykt på Storakalsøy. Marsteinen i bakgrunnen ligg som eit landemerke midt i innseglinga til Korsfjorden – mellomalderens Hardsjo. Ei namnetolking går ut på at det nettopp er seglingsmerke eller landemerke som ligg i ordet stein i slike samanhengar. (Helge Sunde)

Austevoll ligg som ei halvsirkelforma gruppe av låge øyar ut mot Nordsjøen, frå Marsteinen og Storakalsøy i nord til Selbjørn og Stolmen i sør. Dette er ein av Noregs største fiskerikommunar, og gjennom mange århundre er det fisket som har prega næringsgrunnlaget. Vegen til rike fiskefelt er kort, og det meste av det som skjer på land, har samanheng med det som hender på havet. Fiskarane i Austevoll kjøpte sine færingar og seksæringar frå Os og Tysnes; ein klassisk næringssymbiose mellom fjordbygdene og kystbygdene.

Austevoll høyrde til Sund prestegjeld fram til 1910. Men alt i 1886 vart dei to soknene Austevoll og Møkster skilde ut som eigen kommune. Gardane sør på Selbjørn og Stolmen høyrde til Bekkjarvik kapellsokn, som låg i Fitjar kommune fram til 1964. Før 1867 høyrde noverande Austevoll kommune heime i Våg skipreide. Fram til 1848 var heile denne skipreida ein del av Sunnhordland, men då vart soknene Austevoll og Møkster overførte til det nye Midhordland sorenskrivardøme. Dette er grunnen til at Austevoll heilt fram til i dag har høyrt til to regionar; Sunnhordland og Midthordland. Lensmannsdistriktet er det siste av dei administrative inndelingane med røter i skipreideinndelinga.

Det landskapet du møter når du kjem til Austevoll, er prega av småkupert bakkelandskap og den kystnære furuskogen på Huftarøy. Lengre ut mot havet er det den djupraude purpurlyngen som pryder steinrabbane seinsommars. Og på Huftarøy og Selbjørn går villsauen ute året rundt; ein av dei eldste sauerasane i Europa.

Kommunen, med namn etter ein gard på Hundvåko, er ein av landets vestlegaste og mest forblåste utpostar. Storhavet har opp gjennom åra teke mykje frå Austevoll. I dag gjev det likevel mykje meir tilbake. Austevollingane har lært seg å odla havet og pløya blåmyra både nært og fjernt. Dei har gjort kommunen til eit av dei mest livskraftige samfunna på vestlandskysten.

Nedslipt land

Austevoll er eit landskap av hard og fast granitt og gabbro, utan høge fjell. Under dei mange istidene og dei kalde, men isfrie periodane mellom kvar istid (mellomistidene), vart området der Austevoll ligg påverka av prosessane som forma strandflata langs kysten. I mellomistidene vart fjelloverflata sterkt nedbroten av frost og bølgjer i strandsona som låg 40-60 meter høgare enn i dag. Grus og steinar la seg opp på stranda. Men isen kom tilbake gong på gong, fôr att og fram over fjelloverflata, fjerna lausmassane frå mellomistidene og førde dei ut på djupare vatn. Det Austevoll vi ser i dag er såleis restar etter denne slipinga.

Isbreane har også delt Austevoll opp i ei mengd små og store øyar. Breane grov i dei mange sprekkene i fjellet. Men det var to svære isstraumar, ein langs Selbjørnsfjorden og ein langs Krossfjorden, som gjorde det grøvste arbeidet. Desse fjordane er uvanlege, dei har djupe renner som fører heilt ut til Norskerenna. Under istidene strøymde mykje av innlandsisen i Hordaland ut nettopp langs desse fjordane.

Alt berget i Austevoll er frå ordovicium, danna for 500-430 millionar år sidan. Det meste er djupbergartar, oppsmelta fjell som trengde opp frå det indre av jorda, men som størkna djupt nede i randa av eit eldgamalt havområde, lenge før berget såg dagens lys. På øyane vest i Møkstrafjorden finst likevel marmor og andre omdanna avleiringsbergartar. Slikt fjell gir godt jordsmonn for krevjande planter. Derfor har Møkster og Litlakalsøy med småøyane omkring ein interessant flora med fleire sjeldne artar som ikkje finst elles i kommunen.

Velpleia lynghei og veksande furuskog

I fjordane strøymde isen fort og grov djupt. På strandflateøyane var iserosjonen liten og isen la heller ikkje att mykje morenejord. Litt forvitringsjord er danna etter istida, særleg på Møkster og Storebø og vidare nordover mot Hufthamar. I flatt lende er det mykje myrjord, ofte med tjørner som har grodd att i forsenkingane. Austevoll har lyngheiar som vert haldne i hevd året rundt av utegangarsauer. At den gamle sauerasen har overlevd nett i dette området, har samanheng med det milde vinterklimaet. Sauen kunne gå på sjølvstyr i lange periodar når fiskarane var på havet.

På dei austre delane av Huftarøy er det naturleg furuskog, med felt av lauvskog på lune, sør- og aust-vende stader. Furuskogen spreier seg vestover, sørvest på Huftarøy er dette spesielt tydeleg. Funn av furu- og eikestubbar i myrene langt mot vest syner at klimaet heller ikkje tidlegare var til hinder for skog langt ut mot havet. Det meste av furuskogen på Huftarøy i dag er likevel ikkje særskild gammal for furuskog å vera, truleg 130 år eller så på det meste. Her kan du stundom sjå ørn. På Vestlandet er ørnereira gjerne å finna i dei eldste og mest forgreina furutrea. Resten av kommunen er eit lappeteppe av lynghei og myr.

Havklima

Klimaet er sterkt påverka av havet, og sjøtemperaturen er ofte avgjerande for landtemperaturen. Lengst vest er årsnedbøren mindre enn 1400 mm, medan det aukar på lenger aust i kommunen. Skrinn jord og relativt lite sommarnedbør gir ofte tørke. Dei største skilnadene i temperatur oppstår i stille klårvêr om vinteren, då er det kaldast aust i kommunen. I mai, juni og juli er det derimot gjerne kaldast i vest. Skodde er vanleg om sommaren, særleg i vest. Då kan det vera ein dramatisk skilnad i temperatur mellom områda med skodde og dei med klårvêr.

På blå grunn fire sølv sildar på skrå oppover

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 30.11.1984 og er teikna av John Digernes. Austevoll har ein vel utrusta fiskeflåte av relativt store båtar. Sildefiske under kysten, ved Island og Norskehavet er dei viktigaste fiskeria for kommunen. Kommunen har brukt silda som emblem i 30 år.

valknute

Austevoll er opphavleg namnet på ein gard på Hundvåko, namngjeven med bakgrunn i landskapet garden ligg i, aust for Træland og Mælingen. Marsteinen, av gno. marksteinn «grensestein», markerer kanskje grensa mellom Austevolløyane og Korsfjorden. Selbjørn, gno. Salbjorn «bjørnen i salen», etter Magnus Olsen ei omskriving brukt av sjøfolk i staden for eit eldre, bortkome namn på Hund- med tydinga «fangst». Dette ordet har falle saman med dyrenamnet hund, som etter eldre tradisjon ikkje skulle nemnast på sjøen. Eit anna merkeleg namn er Sandtor(v), der sisteleddet er eit gammalt ord som kan tyda «(fangst)utbyte». Same ordet finst i Torvanger. Førsteleddet i Huftarøy synest vera eit gammalt ord for «hofte». Namn som Krosshamn har oftast bakgrunn i at det har vore sett opp krossar til seglmerke og vern; jf. likevel segna om fiskaren og krusifikset under Røldal. Korsfjorden er derimot helst namngjeven etter forma på fjorden. Bekkjarvik har namn etter ein bekk som renn ut i vika ved garden.

  • Austevollmannskap på M/S «Sollund II» med fulle sildebingar etter drivgarnfiske utanfor Island i 1959.
  • Bekkjarvik, kremmarleie gjennom 350 år og knutepunkt for sildefisket

Havets sølv

Silda var både «arbeidsløysetrygd, sjuketrygd og pensjon», skriv Finn Bergesen i historia om kremmarleiet Bekkjarvik. Utan sild ville det vore sveltihel for mange på vestlandskysten i naturalhushaldets tid.

 

Silda var òg vår største eksportvare. Innsiget av norsk vårgytande sild var enormt. På det meste i førre hundreåret var denne sildestamma på meir enn 15 millionar tonn – det svarar til vekta av ei folkemengd på 200 millionar vaksne menneske.

 

I Norskehavet åt silda seg god og feit av planktonproduksjonen om våren og sommaren. Om vinteren kom ho så inn til norskekysten for å gyta. I gullalderen låg om lag 2 millionar tonn rogn att på botnen før silda la ut på ny beitevandring. Havstrilane minnest enno korleis sildeflåten lyste opp horisonten i 1950-åra. Først vart det kasta på stimar under sildevandringa til Sørafeltet i Ryfylke og Sunnhordland. Eit par veker seinare trekte silda nordover att og gav rikt fiske på vestsida av Bømlo, i Austevoll og på Sotra. Om sildemengdene er monaleg mindre, er vandreruta fram og attende langs kysten av Hordaland den same i dag.

 

I tillegg til norsk vårgytande sild finst ei rekkje sildestammer langs kysten og i fjordane i Hordaland. Nokre, om ikkje alle av dei, lever og gyter i avgrensa område. Desse stammene kan godt gyta til heilt andre årstider enn den norske vårgytande silda. Den mest kjende lokale sildestamma hos oss held til i Lindåsosane i Lindås, ei anna finst i Heimarkspollen i Austevoll.

 

At silda har vore særleg viktig i Austevoll, og er det framleis, viser att i kommunevåpenet, fire sildar på blå botn. Som matrett kan sild lagast til på mange vis, men austevollingen veit fleire måtar enn dei fleste. Her har dei gamle tradisjonane med å laga nubbesild, eller lubbesild som det heiter lokalt, fått ein renessanse. Når ein har høyrt gauken gala, kan lubbesilda etast, heiter det etter gammalt. Gauken er ikkje like vanleg som før, austevollingane må ha funne andre merke. For eten blir ho, lubbesilda.

  • Fiskar

Frå fjordfiske til ringnotflåte

Austevoll har alltid vore ein av dei store fiskerikommunane. Særleg når det gjeld notfiske, har Austevoll lege langt framme. Etter krigen hadde snurpenota overteke heilt for landnota. Ingen kommune i landet hadde fleire snurpenøter enn Austevoll i 1948. I dei gode sildeåra som følgde, satsa austevollingane meir enn nokon andre på dette fisket, og i 1960 hadde Austevoll ein snurpenotflåte som utan samanlikning var den største i landet. Dette var utgangspunktet då dei byrja ta i bruk kraftblokk i notfisket kring 1962­/­63. Kraftblokka gjorde det mogleg å fiska med større nøter, og ho gjorde også havfisket tryggare. Overgangen frå den kystgåande snurparflåten til den havgåande ringnotflåten kom som ein teknologisk revolusjon, så å seia over natta. I denne utviklinga var Austevoll i fremste rekkje, og kommunen hadde såleis i 1967 ein ringnotflåte som var mest dobbelt så stor som nokon annan kommune. Det er ikkje tilfeldig at Fiskarfagskulen ligg nettopp i Austevoll.

  • I dag er det laksen som dominerer i norsk havbruk, men også regnbogeaure blir produsert i store kvanta
  • Lakselus, eit problem i oppdrettsnæringa, forplantar seg også til villaks og sjøaure
  • Kveite i naturleg miljø

Havbruk

Folket ytst på Hordalandskysten har dyrka jorda i meir enn 3000 år – havet berre i vel 50 år. Austevollingen har nok vore tidleg ute i begge høve. Heilt sikkert er det at han var blant dei første «havbøndene» i landet. Austevoll er ikkje berre ein av landets største kommunar for oppdrett av laks. Havforskingsinstituttet sin havbruksstasjon på Storebø er også i fremste linje i verda med omsyn til å utvikla teknikkar for å dyrka andre fiskeslag.

 

Det var kring 1970 at lakseoppdrettsnæringa skaut fart. Den første matfiskproduksjonen i Austevoll kom i gang i 1977. Når nettopp denne kystkommunen er så stor i næringa i dag, er det mellom anna fordi dei var tidleg ute. I Austevoll har dei eit munnhell om at det viktigaste er ikkje å vera først, men ein god nummer to. Kanskje var det dette som var bakgrunnen då dåverande ordførar, Magnus Stangeland, tok til orde for ein folkeaksjon for å få austevollingane til å søkja konsesjon for lakseoppdrett. Etter folkemøte og mykje overtaling fekk Fiskeridirektoratet nesten femti søknader på bordet. Fleire søknader vart samordna, atten vart innvilga i dei nærast følgjande åra.

 

Den store utviklinga i lakseoppdrettet i Noreg kom midt på 1980-talet. I Austevoll auka årsproduksjonen frå 700 tonn i 1982 til over 6000 tonn i 1988. 10 000 tonn vart passert før tusenårsskiftet. I 2016 var det 20 oppdrettskonsesjonar for laks i Austevoll, med årleg produksjon på kring 40 000 tonn. Tendensen har vore tilsvarande elles i fylket, men ikkje like tydeleg som i Austevoll. Årsproduksjonen av laks i Hordaland var ved tusenårsskiftet over 70 000 tonn, det var då er langt over halvparten av all laks som årleg blir eten i Noreg. I tillegg kom kring 10 000 tonn regnbogeaure. I 2015 var produksjonen i matfiskanlegga i Hordaland kring 210 000 tonn. Nest etter Nordland er Hordaland no det største oppdrettsfylket i landet, og kvar sjette oppdrettslaks i Noreg er hordalending. Rekrutteringa er heller ikkje forsømd: Oppunder 20% av landets produksjonskapasitet for setjefisk høyrer heime i fylket. Og viktigare skal næringa bli. Når oljeproduksjonen går nedover, set ein lit til havbruket. Då er det viktig å liggja i framkant av utviklinga og mellom anna kunna utnytta fleire fiskeslag.

 

Hordalandskysten er særs godt eigna for oppdrettsverksemd. Men først måtte ein skaffa seg kunnskap: Pionerane måtte gjennom ei vanskeleg tid med prøving og feiling. I førstninga starta ein oppdrett på dei mest skjerma lokalitetane som fanst, i sund, pollar og jamvel i ferskvatn. Her vart det fort problem med forureining, og med dårleg vassutskifting kom sjukdom og parasittar. Laksenæringa i Noreg har fått røyna mykje av slikt. I dag ligg lokalitetane helst der det er ekstra god, naturleg utskifting av vatnet. Samstundes er det ei målsetjing å redusera bruken av antibiotika til eit minimum, og ein har langt på veg lukkast med det. Tida då distriktslækjaren skjemtefullt tilrådde inntak av oppdrettslaks tre gonger om dagen i staden for ein antibiotikakur mot influensa, er historie. I dag nyttar ein leppefisk, som bergnebb og berggylte, i merdane for å halda laksen fri for parasittar. Leppefisk beitar òg groe på merdane, og betrar såleis vassgjennomstrøyminga.

 

Om det finst mange «glade oppdrettslaksar», er situasjonen ein heilt annan for villaksen. I dag er villaks og sjøaure i mange av dei viktigaste elvane i vårt fylke meir infiserte av lakselus enn før. Særleg ille har situasjonen vore i Hardanger. Oppdrettsnæringa får ofte skulda for dette, ettersom mange anlegg også har hatt har problem med lusa. Dette er ei alvorleg skulding og eit stort problem. Problemet må løysast dersom havbruksnæringa skal kunna veksa i takt med ambisjonane.

 

  • Steinsluskar i granittbrotet i Storevik ved Buspollen, 1939.
  • Granitt  er for det meste kvit eller raudleg av kvarts og feltspat.
  • Gabbro er mørk av pyroksen og amfibol, men har også lyse plagioklasmineral.
  • Geologisk kart over granitt-gabbroområdet i Austevoll og tilgrensande kommunar
  • Skapingshistoria for Austevoll for mellom 480 og 430 millionar år sidan

Gabbro og granitt

Mest overalt i Austevoll vil vi finna djupbergartane gabbro og granitt. Fjellet vart til då flytande bergmassar ein gong størkna i djupet – ein stad langt borte. Sidan vart dei frakta til den sørlege kysten av det som no er Hordaland. Her har dei halde seg i ro i meir enn 400 millionar år. Då reknar vi ikkje med byggjesteinen som vart skipa til Bergen i førre hundreåret.

 

Liksom Bømlo, Fitjar og Stord er Austevoll berre gjord av fjell av kambrosilurisk alder. Men i Austevoll er det ikkje snakk om fyllitt, grønstein og skifer, dei vanlegaste bergartane frå den tida. På denne delen av kysten er det ikkje rotafjell vi har med å gjera, derimot granitt og gabbro, faste som grunnfjellet, men her er dei yngre, frå tida då den kaledonske fjellkjeda vart til.

 

Gabbroen finst på Stolmen, Selbjørn og sørlege Huftarøy, men han dekkjer òg delar av Tysnes, Stord og Fitjar. Denne bergarten gir noko betre kår for vegetasjonen enn den kvartsrike granitten, men ikkje dei same fine svaberga. Gabbroen er eldst, 472 millionar år gammal. Han størkna i eit gammalt havområde mellom oldtidas Skandinavia og Amerika, i den ordoviciske tidsperioden. Truleg vart gabbrosmelta danna i det vi kallar ei subduksjonssone, område i djuphavet der havbotnen og havbotnskorpa blir pressa ned, samstundes som vulkanar blir danna på overflata. Bergartar frå vulkanane på denne tida finst på Kattnakken og Siggjo.

 

I oldtidshavet trengde sidan stadig meir kvartsrike eller sure smelter opp frå djupet. Oppsmelta berg er lettare enn fast fjell og prøver å trengja seg opp mot overflata, inntil det størknar. Den svære reksterengranitten nærast pressa seg inn i gabbroen, som framleis var delvis flytande. Resultatet vart ei banding og lagdeling både av granitten og gabbroen. Til slutt kom ei rekkje massive granittkroppar. Dei har fått namna håkre-, drøna-, rolvsnes- og korsnesgranittane. Svære blokker som vart rivne laus frå det omliggjande berget, finst i granittane. Det viser at granittsmeltene nærast åt seg veg gjennom jordskorpa. Granittane var med på å danna fundamentet for ei vulkansk øyrekkje av den typen som i dag finst rundt Stillehavet (t.d. Japan). Dette skjedde for om lag 440–430 millionar år sidan, mot slutten av den ordoviciske tidsperioden.

 

Granittane i Austevoll har spor av å ha vore danna nær eit kontinent. Det går fram av undersøkingar av isotopar og jordelement. Somme geologar meiner danninga kan ha skjedd nær det nordamerikanske kontinentet. På Stord finst steinar av granittane i eit konglomerat frå silurtida. Det tyder at granittane først vart førte opp til overflata, og etter det vart eroderte, transporterte og avsette som rullesteinar i ei forhistorisk elv eller strand på nokre få millionar år. Først under den seinare kollisjonen mellom Grønland og Skandinavia vart austevollbergartane frakta til Hordaland.

 

Granittane har vore mykje nytta som byggjestein i Bergen. Brota på Seiholmen og øyane omkring er dei største. Drønagranitten, som kjem frå desse brota, kjenner vi att på den lyse, grå fargen og på dei mørke steinfragmenta. Steinfragmenta er restar av eldre bergartar som granitten tok med seg då han braut seg veg opp frå mantelen. Søyler, ornament og trapper på Jernbanestasjonen er berre eitt av bruksområda for denne granitten. Også rolvsnesgranitten lenger sør (frå Urangsvågen) og håkregranitten på Reksteren har vore brukte som byggjestein.

  • Frå Litla Kalsøy mot Fugløya
  • Villsau hos frisøren på Horgo.

Villsau

Villsauen på Vestlandet er stamfar til sauene på Færøyane og Island, og ein fjern slektning av spelsauen her til lands. Flest villsauer er framleis å finna i Austevoll, opptil 4000 dyr.

 

Etter norsk lov er det ikkje tillate å ha husdyr utan at ein samstundes har hus til dei. Villsauen treng ikkje slikt,og har det heller ikkje. Ikkje alle norske lover gjeld i Austevoll.

 

Utegangarsauen tapte seg raskt i hushaldet i Noreg for om lag hundre år sidan. Men i Austevoll klarte dei å halda liv i tradisjonar som kan henda går fleire tusen år tilbake i tida. Etter at sauerasen igjen er vorten populær, verkar villsauflokken i Austevoll som ein nasjonal genbank. At villsauen ikkje forsvann heilt frå Austevoll, har mest av alt samanheng med lokalt pågangsmot, men òg at her ikkje finst rev eller andre rovdyr som greier å få has på desse velsmakande dyra.

 

Villsauen kastar ikkje så mykje av seg som dei nyare og meir utbreidde sauerasane. Berre når beita er særs gode, føder søyene tvillingar. Rasen er nøysam, hardfør og svært motstandsdyktig mot sjukdom. Ulla er samansett av mjuk botnull med grovare dekkhår utanpå. Tidlegare vart ulla nytta til veving av seglduk. I vår tid er ho mest brukt til vottar av ekstra høg kvalitet. Men ulla kjem ikkje av seg sjølv. Klippinga av dyra kan vera eit strev. Kvinnene i Austevoll sparer på gamle strømpebukser når dei raknar, og mennene legg til side glorete slips dei fekk til jul. Slikt utstyr blir nytta for å binda opp beina til sauen når han skal klippast.

 

Kjøtet har kraftigare smak og er grovare enn anna sauekjøt, med meir viltpreg. Det har fått delikatessestatus, med tilhøyrande prisar. Men det er eit svare strev å få villsau på bordet. Fullblods og inngifte austevollingar frå fjern og nær blir bodsende på haustparten for å sanka saman dyra som skal slaktast. Utegangarane er ikkje berre ville, dei er utkropne òg. Dei skal fangast levande, og dei skal fraktast levande. I Austevoll går mange av sauene på øyar utan vegsamband, så dei må i båt før dei kan slaktast.

 

Då kan jula koma. For austevollingen et sjølvsagt pinnekjøt til jul. Av villsau.

  • Krigserklæring mot sitkagrana

Krigserklæring mot sitkagrana

På 1960-talet vart det planta ut store mengder sitkagran i kystkommunane. Dette hardføre treslaget trivst heilt ut mot havskjera. Sitkagran veks utruleg raskt, og ein god del av planteskogen er no kommen i hogstmoden alder. Det tidlegare opne, varierte landskapet, med kystlynghei, beitemark og myr, har gradvis vorte endra til eit skogkledd og einsformig landskap.

 

I Austevoll er det mange som vil ha vekk skogen, som dei meiner er eit framandelement i kystlandskapet. Folk kjenner seg innestengde og har mist utsynet.

 

Eit prøveprosjekt med stønad frå kommunen opna for nedhogging av sitkagran på Stolmen for ein del år sidan, og villsauen vart nominert for den lokale kulturprisen, nettopp fordi sauebeite hindrar sitkagrana å veksa opp. Kanskje vil andre kystkommunar i fylket følgja Austevoll sitt førebilete?

  • Alterskåp frå Austevoll

Kyrkjene i Austevoll

Stavkyrkja på Sandtor var den eldste kyrkja i Austevoll. Håkon Håkonsson vitja kyrkja i 1240, og det er første gongen ho er nemnd i skriftlege kjelder. I 1635 vart kyrkjestaden flytta til Austevoll på Hundvåkøy. Delar av den gamle Sandtorkyrkja vart òg flytta, og nytta til våpenhus i den nye, tømra kyrkja som vart bygd der. Den nye kyrkjestaden gav namnet til soknet, og i sin tur til kommunen. Då det vart bygt ny kyrkje på Storebø i 1891, vart tømmeret frå gamlekyrkja selt på auksjon, og det hamna som vyrke i florar og grisehus og andre uthus kring i bygda. Alterskåpet er teke vare på, og finst i dag på Universitetsmuseet i Bergen. Dette er eitt av dei finaste seinmellomalderlege alterskåp vi kjenner på Vestlandet. Truleg er det eit arbeid frå ein nordtysk verkstad. Eit så påkosta inventarstykke i ei lita soknekyrkje, ut mot Nordsjøen og storhavet, fortel litt om kor sentralt kyrkja på Sandtor har lege i mellomalderen, i hovudleia til Bergen.

 

Den andre gamle kyrkjestaden i Austevoll var på Møkster. Den første kyrkja her var truleg ei stavkyrkje, som vi finn nemnd første gong i 1360. Ei ny tømmerkyrkje vart bygd på same staden i 1686. Dette var ei lita, låg kyrkje utan tårn, og det vart sagt at ho såg ut som ei løe. I 1892 vart det ny soknekyrkje på Stolmen, og Møkstrakyrkja vart riven. Møkster er framleis namnet på kyrkjesoknet. I 1892 vart det også bygt kyrkje på Storakalsøy, eller rettare sagt eit kapell, som høyrde til Austevollsoknet. Både Austevoll og Møkster sokner høyrde til Våg skipreide i mellomalderen. Med den nye kommuneskipnaden fekk Austevoll endå eit kyrkjebygg, kapellet i Bekkjarvik. Dette kapellet er innvigd i 1898 og høyrer til Møkster kyrkjesokn.

  • På dei mange berga i øyriket er kystbergknapp ei vanleg plante

På dei mange berga i øyriket er kystbergknapp ei vanleg plante. (Bjørn Moe)

  • Austrevågen, Horgo

Austrevågen, Horgo, ein av dei lune vågane ved havet. (Helge Sunde)

  • Havørn

Austevoll er eit godt område for ørn – både havørn (biletet) og kongeørn. Det har samanheng med god tilgang på sjøfugl og velvaksne furutre som reirstad. (Tore Larsen)

  • Andersen, T. B.; Jansen, Ø. J. 1987. The Sunnhordland Batholith, W. Norway: regional setting and internal structure, with emphasis on the granitoid plutons. Norsk Geologisk Tidsskrift 67:159–183
  • Håland, A.; Måren; I. E.; Mjøs, A. T. 2003. Kartlegging og verdisetting av naturtyper i Austevoll kommune, Hordaland 2002. NNI-rapport nr. 100.
  • Heldal, T.; Jansen, Ø. 2001. Steinbyen Bergen. Fortellingen om brostein, bygg og brudd. Nord 4.
  • Pedersen, R. B.; Dunning, G. R. 1997. Evolution of arc crust and relations between contrasting sources:U-Pb (age), Nd and Sr isotope systematics of the ophiolitic terrain of SW Norway. Contributions to Mineralogy and Petrology 128:1–15.
  • Rykkelid, E. 1987. Geologisk utvikling i Møkster (Selbjørnområdet) i Sunnhordland. Cand.scient.avhandl.,UiB.
  • Steinsvåg, M. J.; Overvoll, O. (under arbeid). Viltet i Austevoll. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Austevoll kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Tufteland, J. (1978-1991) Gard og ætt, bind I-III. Austevoll. Austevoll kommune.
  • Tufteland, J., Solbakken J. & Fagerbakke, S. (1986) Kultursoge. Austevoll. Austevoll kommune.
  • Nøkkeltall fra norsk havbruksnæring. 2002. Fiskeridirektoratet.– http://fiskeridir.no