• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Hyllstad med Lifjell i bakgrunnen som er geologisk ein del av Solundbassenget, med devonske bergartar som sandstein og konglomerat og særs motstandsdyktige mot nedbryting og forvitring.  Foto Widerøe Fjellanger (Fylkesarkivet)

Hyllestad kommune er forma på lag som ein halvmåne og strekkjer seg frå grensa mot Fjaler i nord, til ytste delen av Sognefjorden i sør. Fleire mindre fjordarmar skjer seg inn i dette landskapet. Åfjorden er den største og lengste av desse, Skifjorden, Lifjorden og Bøfjorden er smalare og kortare. Hyllestad har ingen skjergard, og berre nokre få øyar. Dei største er Skorpa, Risnesøyna og Sakrisøyna, og dei er alle utan fast busetnad. Hyllestad har likevel eit solid vern mot havet, nemleg øyriket Solund i vest. Aust i kommunen finn vi dalføret Åfjorddalen, med eit vassdrag som går frå høgste fjellet og renn ut i Bøfjorden. Heilt i søraust går grensa mot Høyanger kommune.

Lendet i Hyllestad er kupert, med mange fjellnutar opp i 500–700 meters høgde. Høgst er Risnesnipa (777 moh), ein av toppane på Lifjell, som ligg mellom Åfjorden og Lifjorden. Dette fjellmassivet har bratte stup på dei fleste kantar. Lengst mot aust ligg Gygrekjeften med den såkalla ”tanna”, ein fjellformasjon som heng utfor kanten på fjellet. Lifjell er elles kjend for ei av dei første store flyulukkene i Noreg, som skjedde i 1936 då ”Havørn” flaug rett i fjellveggen her. Alle dei sju om bord omkom.

Lifjell er geologisk ein del av Solundbassenget, med devonske bergartar som sandstein og konglomerat, som er særs motstandsdyktige mot nedbryting og forvitring. Rett aust for fjellet finn vi ei sone med kambrosiluriske skyvedekke av skifer, sandstein, grønstein, medan bergartane elles i kommunen består av grunnfjell av gneis, granitt og gabbro.

Geologien i Hyllestad har skapt grunnlag for ei heilt særeiga næring. I dei skifrige bergartane på nord- og austsida av Åfjorden blei det frå vikingtida hogd ut kvernsteinar som vart leverte langs kysten og eksporterte til andre land som Danmark og England. Kvernsteinsbrota i Hyllestad er det største steinbrotet i Nord-Europa frå mellomalderen, og eit av landets største kulturminne i utstrekning. Dei hogg også ut steinkrossar i dette området.

Landskapet i Hyllestad er ei blanding av jordbruksareal, skogledde lier, lyngheiar og snaufjell. Skogen består både av fureskog og edellauvskog med treslag som ask, hassel, eik og osp. Det finst mange vatn og vassdrag, og fleire av dei er fattige på næring. Eit av desse er Aksavatnet, som har fleire vegetasjonsrike bukter med lite næringskrevjande artar som til dømes flaskestorr, strandrøyr, tjønnaks, røyrkvein og bukkeblad.

Aksavatnet er del av eit våtmarkssystem der ein har registert i alt 42 fugleartar, og området er verna. Det same er vassdraget i Skor, som består av fleire grunne vegetasjonsrike vatn, og som er eit særs viktig hekke- og trekkområde for ande- og vadefugl. Her har ein mellom anna funne sjeldsynte artar i regionen som sørleg gulerle og sivsongar. Det finst to naturreservat for sjøfugl på øyane i Hyllestad – Ønaholmane og Sakrisøyna.

Hyllestad var lenge delt mellom Sogn og Sunnfjord. Områda nord og aust for Åfjorden sokna tidlegare både kyrkjeleg og verdsleg til Askvoll, medan dei sørlege delane høyrde til Lavik prestegjeld, tinglag og skipreide. I 1861 vart Hyllestad skilt ut som eige prestegjeld og eigen kommune, og innbyggjarane har sidan rekna seg som ytresogningar.