• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Øvre Eidfjord mot Eidfjordvatnet

Øvre Eidfjord mot Eidfjordvatnet. (Svein Nord)

Hardangervidda er Nord-Europas vidaste høgfjellslette, ei av dei mest vidgjetne og Noregs største nasjonalpark. Riksveg 7 og Norsk Natursenter har gjort Eidfjord til den viktigaste innfallsporten til dette veldige riket. Rik vegetasjon, beite for mange tusen villrein, eit fugleliv det ikkje finst make til elles i Hordaland, og ikkje minst, eit makelaust landskap, gjer vidda til sjølve skattkammeret i kommunen.


På Vidda ligg og det høgaste punktet i fylket, Hardangerjøkulen med sine kring 1860 meter, rett nok i hopehav med grannekommunen Ulvik. Kommunen hevdar seg og i fleire ”disiplinar”: Den 11 km2 store Nordmannslågen er den største innsjøen i Hordaland, og fylkets tørraste område finn vi i dalane innanfor Eidfjord. I områda ved Vivelid og sørover kjem det normalt mindre enn 800 mm nedbør i året. Også Øvre Eidfjord får vanlegvis mindre enn 1000 mm.

Trass i manglande væte ovanfrå er Eidfjord like fullt Hordalands mest dramatiske fosserike, sjølv etter omfattande vasskraftutbygging i kommunen. Isens grundige gravearbeid i det gamle viddelandskapet har skapt skarpe og bratte overgangar til dei yngre dalane. Slik har fossane fått store høgder å kasta seg utfor; Skykkjedalsfossen, Vøringsfossen, Vedalsfossen og Valursfossen.

Det er neppe rett å utelata Eidfjord frå Hardanger, slik P. A. Munch gjer det i «Norges geografi i middelalderen». Rettnok høyrde Eidfjord i geistleg samanheng til Stavanger bispedømme og vart rekna til Hallingdal fram til 1631. Grunnen til denne spesielle ordninga er at vegen for Stavangerbispens visitasreiser til Hallingdal og Valdres gjekk over fjellet frå Eidfjord. For at biskopen skulle kunna skriva ut skyss i sitt eige bispedømme, vart Eidfjord sokn lagt til Stavanger.

Men i skipreideordninga høyrde Eidfjord til Hardanger. Eidfjord var eiga skipreide på 1200-talet; i seinare hundreår var Eidfjord og Ulvik i lag, i periodar saman med Granvin. Eidfjord fekk kommunalt sjølvstyre i 1891 men vart slått saman med Ullensvang i 1964, under kommunereforma. Etter ein seig kamp mot samanslåinga klarte så eidførene på ny, i 1977, å verta herrar i eige hus, som dei var det i mellomalderen.

Gamal havbotn

Eidfjord er bygd på grunnfjell, mest granitt og gneis. Den såkalla Eidfjordgranitten som finst i området kring bygdesenteret Eidfjord og langs Simadalsfjorden, har vore henta ut av fleire steinbrot, mellom anna som råstoff for bergensbrostein. På vidda er dei flataste områda restar etter eit 600 millionar år gammalt landskap, forma gjennom langvarig nedtæring av grunnfjellet. I den kambriske tidsbolken vart flata overfløymd av havet. Undersjøiske avsetningar av leire og slam som då vart lagt igjen, vart seinare omdanna til fyllitt som dekte heile vidda. Ved slutten av den geologiske storhendinga i silurtida - den kaledonske fjellkjedefaldinga - gleid skuvedekka på plass over fyllitten.

Når den gamle grunnfjellsflata no er komen til syne att, er det fordi fyllitten og skuvedekka for det meste er tærte bort. På mange små toppar og haugar ligg det likevel att leivningar av den mineralrike og lett nedbrytlege fyllitten. Og oppover mot Hardangerjøkulen ligg dei einslege restane etter skuvedekka – ein må like til Hallingskarvet eller Vassfjøra i Ulvik for å finna neste rest i dei eingong samanhengande dekka.

Tørt klima og vassmangel

Sjølv om dei mange fjella kastar mykje skugge sommartid, kan sommaroppvarminga vera stor. Men for mange planteslag hjelper det lite med varme somrar når vintrane er kalde og frosten kjem tidleg. I det store og heile er det nemleg den kalde fjellufta som sig ned hovuddalføra som er avgjerande for klimaet i kommunen. Det veks ein og anna alm og lind i liene, men edellauvskog finst knapt. Hengjebjørka synest likevel å meistra desse kåra, ho veks godt på berg og i ur. Vert det for tørt og skrint, tek eineren over. På gamal beitemark frå Øvre Eidfjord og opp gjennom Måbødalen veks det mange stader mykje einer. Nær elva er det gråora som greier seg best. Ho veks godt også i liene, berre det ikkje vert for tørt. Bjørkeskogen breier seg utover den vide Sysendalen, ingen andre stader i fylket veks skogen så høgt som her, 1050 m o.h. Over dette nivået er det dvergbjørk og vier som tek over.

Sandjorda som isen la igjen er lettdriven. Kombinasjonen av sandjord og lite nedbør fører ofte til vassunderskot i jorda Frå mai til august fell det i eit gjennomsnittsår mindre enn 250 mm nedbør nede i Eidfjord. Dette er om lag dei same vassmengdene som fordampar direkte frå jordoverflata i same perioden. Avsvidde marker og gul bjørkeskog er eit vanleg syn. Difor er det vanleg å vatna dyrkingsjorda heile sommaren. Ein stor del av drikkevatnet i kommunen kjem frå grunnvatn.

Kraftkommunen

Tidleg på 1970-talet vart det lagt fram planar om kraftutbygging i stor målestokk på Hardangervidda. Etter rikspolitisk strid førte dette til oppretting av Hardangervidda nasjonalpark. I Eidfjord vart Veig-, og Erdalsvassdraga verna. Desse elvane har mange flotte fossar, særleg kjent er fossane i Veigvassdraget, som Valurfossen med 272 meters fall, og Vedalsfossen som kastar seg 650 meter langs fjellsida, 200 meter om lag loddrett ned.

Eidfjordutbyggjinga, som var ferdig i 1983, vart likevel omfattande. Sima kraftstasjon har Noregs største fall på 1065 m. Tidlegare styrta Skykkjefossen omlag 300 m loddrett ned mot Simadal. Etter overføring av vatn til Langevatnmagasinet og reguleringa av Rembesdalsvatnet, er det lite vatn att i Simavassdraget. Lenger søraust, i øvre del av Bjoreio, vert vatn overført til Sysenvatnet. Men Vøringsfossen lenger nede i dalen, med eit fall på 182 m, er framleis eit syn om sommaren. 655 000 menneske stoppa ved Vøringsfossen, Noregs største naturattraksjon, sommaren 2006.

Det er vedteke at det som eit minimum skal vera ei vassføring på 12 m3/s i denne fossen i sommarsesongen. Dette er om lag 1/3 av den uregulerte sommervassføringa.

Men fjellet skapar og livsgrunnlag frå andre kjelder enn fossevatnet. For bygdene i kring er også garnfiske, bærsanking, villreinjakt og sauebeite viktige næringar – ressursane er store og interessene mange. Hertil kjem riksvegen over vidda, fotturisme og hyttebruk. Forvaltinga av nasjonalparken er såleis eit vanskeleg balansespel mellom vern av den sårbare høgfjellsnaturen og ulike og stundom kryssande menneskebehov.

På blå grunn eit sølv reinsdyrgevir

Våpenet er godkjent ved kgl.res. 13.7.1984 og er teikna av John Digernes. Dei første menneska i Eidfjord dreiv jakt på reinsdyr, og i alle år seinare har reinen vore eit viktig næringsgrunnlag for folket. Motivet har òg eit vidare innhald. Geviret uttrykkjer styrke, og taggane kan stå som symbol for vekst. Geografisk kan motivet symbolisera elvane frå fjellet som møtest ved fjorden.

valknute

Eidfjord, Hæreid og Lægreid er namn som er lette å forstå: det høgareliggjande og lågareliggjande eidet ved fjorden. Simadal kan vere ei avleiing av eit eldre simi «reip», kanskje opphavleg om fjorden. Sæ (ofte skrive Sæd) tyder «garden ved sjøen», medan det noko yngre Kjeåsen har ordet (geite)kje i førsteleddet og fortel altså om husdyrhald. Førsteleddet i Varberg (eigentleg Vardberg) heng saman med varde. Hjølmo er ei dativ fleirtalsform av gno. hjalmr «hjelm», her brukt om terrengformasjon. Måbø er ikkje sikkert tolka, førsteleddet kan vera eit mannstilnamn av gno. már «måse». Den mektige Vøringsfossen ber namnet sitt med rette, av gno. virðingr «den vørdelege, agefulle». Halne, opphavleg namn på Halnefjorden, har vore sett i samband med eit ord som tyder «midtvegs», vel mellom Hallingdal og Hardanger. Sumtangen i Finnsbergvatnet kan setjast i samanheng med symja.

  • Slik vart Hardangervidda til

Slik vart Hardangervidda til – i fire trinn. (Haakon Fossen)

Frå steinhoggeriet på Hæreid.Granittbrotet leverte i ei årrekkje brustein og kantstein til byane på Vestlandet, framfor alt Bergen. Stein vart òg levert til utlandet. (Eidfjord kommune FSE-00244 jpg. Naterstad,J.1979)

  • Kornskurd på Lægreid

Den første slåmaskinen tek del i kornskurden på Lægreid. Foto frå kring 1916 (foto: Anders P. Wallevik, eigar Hardanger Folkemuseum).

  • Fjelltjøreblom

Fjelltjøreblom. (Miranda Bødtker)

Hyllestad

Sommaren 2005 la fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes merke til ein kvernstein i Lerwick. Bergarten likna unekteleg på glimmerskifer-bergarten i Hyllestad. Kunne steinen ha kome frå Sogn og Fjordane? Mengdevis av spor etter vasskverner finst på heile Shetland. Dei vert omtala som Norse mills. Det står murar etter ei vasskvern på øya Mousa.

 

 

Hyllestad2

Sommaren 2005 la fylkesgeolog Bjørn Falck Russenes merke til ein kvernstein i Lerwick. Bergarten likna unekteleg på glimmerskifer-bergarten i Hyllestad. Kunne steinen ha kome frå Sogn og Fjordane? Mengdevis av spor etter vasskverner finst på heile Shetland. Dei vert omtala som Norse mills. Det står murar etter ei vasskvern på øya Mousa.Les meir på Fylkesleksikon

  • Barth, E. K. (red.): Hardangervidda. Norges Nasjonalparker 11:66–96. Luther forlag.
  • Byrkjedal, I.; Håland, A. 1984. Dyrelivet på Europas største høyfjellsvidde.
  • Kvåle, A. 2002. Biologisk mangfald i Eidfjord kommune. Naturtypar, raudlisteartar, vilt. Kandidatoppgåve i studieretning landskapsforvaltning. Høgskulen i Sogn og Fjordane.
  • Lægreid, A. & Lægreid, T. (1992) Gards- og ættesoge for Eidfjord. Eidfjord, Eidfjord kommune
  • Naterstad, J. 1979. Vidda vert til. I: Nyqvist, F. P. Hardangervidda: 18–33. Grøndahl & Søn forlag.
  • Overvoll, O.; Kvåle, A. (under arbeid). Viltet i Eidfjord. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Eidfjord kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.