• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Øygarden

Sund og søkk følgjer soner med oppbroten berggrunn. Rongøyna og Ono i framgrunnen, Blomøyna bak. (Fjellanger Widerøe)

Med fjorden på innsida og storhavet utanfor ligg 552 mellomstore og små øyar som ein grå, låg og oppsprukken steingard langs ytterkysten; ein skjergard i ordets mest bokstavelege tyding. På avstand ser desse strandflateøyane like ut. På nært hald er landskapet meir skiftande, med mange fargetonar, små bøar, myrer og lyngheier og mørke planteskogar.

Frå Øygarden er det kort utror til fiskegrunnane i vest. Med 236 kilometer strandline er kommunen eit eldorado for sportsfiske frå land. I lyngheiane er det eit rikt fugleliv, og i Tjeldstømarka ligg svanesjøen framfor nokon i Hordaland. Ingen stad på vestlandskysten kjem du så nær innpå dei store fugletrekka som på Skogsøyna. Bruene som bind øyrekkja saman i dag byr på eit storfelt utsyn over det låge landskapet i Øygarden. Særleg er det verdt å stansa på Rongesundbrua, som fører deg i retning Shetland før vi svingar inn att over land. Det kjende seglingsmerket Blomøyknuten (74 moh) er synleg langt av lei for sjøfarande.

Den langstrekte kommunen har utgangspunkt i Hjelme kommune, som vart skild frå Manger i 1910. Dei gamle kommunegrensene frå 1837 ser vi går tvers over fjordane, frå vest mot aust, slik skipreidegrensene gjekk i mellomalderen, då båten og sjøen var sambandet mellom bygdene. Går vi tilbake til skattemanntalet frå 1647, ser vi at heile Øygarden – det området som ligg nord for Sotra – høyrde til Herdla skipreide, saman med dei nordlege delane av Askøy og Holsenøy. Men i mellomalderen, i den skipreideinndelinga som byggjer på Magnus Lagabøtes testamente frå 1277, høyrde Hjelme i nord til Rad skipreide, medan Blomøy, Rognøy og Toftøy lenger sør låg under Herdla skipreide.

Frå 1964 vart Hjelme kommune slått saman med desse sørlege øyane, som tidlegare hadde vore den ytste delen av Herdla kommune, med bakgrunn i dei gamle grensene og sambandet over fjorden . Nord-sør delinga av den lange Øygardskommunen, som har opplevd politiske spenningar nord-sør i moderne tid, går såleis tilbake til mellomalderens skipreidegrenser.

Det er lett å forstå at det måtte vera slik. Når det var fjorden som var ferdslevegen, med Hjeltefjorden (som har namn etter folket frå Hjaltland – mellomalderens Shetland) som den sentrale seglingsleia inn mot Bergen, var øyane i vest og utværet Herdlevær næraste granne til kongsgarden på Herdla. Det var i Herdlevær Håkon Håkonssons store leidangsflåte på 160 skip låg og venta på god bør i byrjinga av juli 1263, før dei segla mot vest, mot Hjaltland.

Oppbroten berggrunn

Med lite vegetasjon står skarpskorne dalar og kløfter ekstra godt fram i Øygarden. Og er dei djupe nok, vert dei til sund, nokre så djupe at det blir passasje for båttrafikken. Desse landskapstrekka er i utgangspunktet danna ved oppsprekking og brot av berggrunnen. Oppsprekkinga skjedde i tida etter den kaledonske fjellkjedefoldinga, før erosjon og ismassar la siste hand på verket. Skilnaden mellom hard, ubroten gneis og brotsonene er stor. Nokre stader kan det vera mest uråd å ta seg fram på tvers av dei bratte sprekkedalane.

To brot-retningar dominerer. Den første, og truleg den eldste, er orientert nordaust-sørvest. Rongesundet, Straumsøysunda og Osundet er berre nokre døme på sund som er gravne ut langs denne retninga. Grunnlaget for desse sunda og dalane er jordskjelv som kan stamma heilt frå devontida, like etter fjellkjededanninga. Det andre brotretninga går parallelt med kysten og Hjeltefjorden, og har gjeve opphav til tallause kløfter og mindre sund i nord-nordvestleg retning. Truleg har mange slike sprekkesoner nær samanheng med danninga av Nordsjøbassenget og oljeførekomstane der.

I Øygarden finst få høgdedrag som gir ly for vind og vêr, difor er det berre små lokale variasjonar i klima. På fine sommardagar med solgangsbris bles vinden på ettermiddagen frå nordvest. På vestsida vil han vera kaldare enn på austsida og ha retning meir rett mot land. Det er ikkje mange dagar utan vind, og vegetasjonen er mange stader tydeleg forma av dette. Det kan ein best sjå på rognetrea, som er skeive i stamma og heilt flate i toppen.

Levande lynghei

I uminnelege tider har lyngheiene og myrene gitt farge til Øygarden. Floraen er meir variert og spanande enn ein gjerne skulle tru så langt vest. På strender og klipper i Øygarden veks det fleire sjeldsynte planter; havburkne, hjortetunge, skjoldblad og strandkål er nokre av dei. Kvar du enn tek deg fram, kan du høyra fløytande storspovar, om tida er lagleg. Tjelden ser du mest overalt. Øygarden har ein god bestand, som i 1999 vart rekna å vera om lag 280 hekkande par. Måsar og terner hekkar ikkje berre på dei ytste skjera, men like gjerne langt inne på dei større hovudøyane ⎯ som t.d. ved industriområdet på Tjeldstø.

Mest kvar dag, særskilt i sommarhalvåret, kan ein sjå hobbyfiskarar med fiskestong i handa langs vegane i Øygarden. Dei er på veg ned på eit av dei mange svaberga for å freista fiskelukka. Mellom dei større øyene går det sterke tidvassstraumar. Straumane tek med seg mykje fisk som er lett å få på kroken. Viktigaste fiskeplassane har likevel alltid vore grunnene på vestsida. Det er ikkje så lenge sidan mest alle som budde her var fiskarbønder eller berre fiskarar. Frå 1930-talet og framåt til 1960-åra vart det tatt store fangstar av håbrann i Nordsjøen, og mellom dei største håbrannfiskarane var folket frå Øygarden. I dag finst det klekkeri for kamskjel på Rong, det einaste i sitt slag i landet.

Magre kår gjorde at gamle tradisjonar fekk eit langt liv i Øygarden. Med ilandføringa av olje kom også auka tradisjonsmedvit og pengetilskot for å halda arven i stand. Gamle steingardar vart vølte, torvtekthusa i Tjeldstømarka vart sette i stand, lyngbrenninga i dette området vart teke opp att, og gamle naust i kommunen vart tekne vare på. Kulturminna og landskapsvern inngår i verksemda til Kystmuseet i Ovågen, som er eit såkalla økomuseum . Det er ikkje langt frå museumsbygningen til anlegga på Kollsnes og Sture. Olja har omskapt Øygarden på mange vis.

På blå grunn ein svart og sølv båke

Merket er godkjent av Øygarden kommunestyre i 1966 og er teikna av Magnus Hardeland. Det er ikkje godkjent som våpen etter heraldiske reglar. Kommunen er danna av større og mindre øyar og holmar, og fiske er den viktigaste næringsvegen. For å kunne ferdast trygt på sjøen er det naudsynt med sjømerke. Kommunen har difor valt eit sjømerke på ein holme i sjøen. Fargane er blått, svart og sølv.

valknute

Øygarden er eit karakteristisk namn på den lange rekkja av øyar som dannar ein gard «gjerde» ut mot havet. Hernar, i målføret Hædlane og Hædnøynæ, er nemnt fleire gonger i sagalitteraturen. Namnet høyrer til same rot som gno. hjarsi «isse» og gno. hjarni «hjerne» og siktar vel på den hovudliknande høgda på øya. Hjelmo heng saman med gno. hjalmr «hjelm, stakkforma høgd» og er truleg eit eldre namn på Selsøyni. Sele er dativ eintal av sel «stølshus». Stura ser òg ut til å vera ei gammal dativform med usikker tyding. Alveim, òg skrive Alvheim, inneheld eit eldre ord alfr «grus». Hjartøyni er truleg namngjeven etter likskapen med eit hjarta. Tjeldstø er samansett av gno. tjald «telt» og stǫđ «(båt)stø». Oni, skrive «O» i mellomalderen, er det gamle namnet på Breidvikøyni. Namnet kan vera ei sideform av gno. á «å, elv», men det er uvisst kva som er opphavet. Same ordet er førsteledd i Ovågen. Rong kan vera ordet rong «rom i framskut eller bakskut i båt», i slekt med rang «skeiv, vridd». Toft er laga til ei sideform av tuft. Førsteleddet i Blomvåg er gardsnamnet Blom, som mogeleg kan setjast til eit eldre blá «noko bleikt, lyst».

  • Langhuset i Ovågen

Den nordatlantiske byggeskikken

På «Berget» i Ovågen sto det tidlegare eit eldre langhus, eit fleirromshus med ein interessant grunnplan. Opphavleg høyrde denne bygningen til i det gamle fellestunet, saman med 5-6 andre bustadshus. Der huset låg på Oni, hadde det ein stor steing avl mot sør. Innanfor steingavlen ligg ein torvskut i samband med ei sval på austsida framfor inngangsdøra, så kjem eit framrom eller kjøkken med grue, ei stove med lem over, ein mellomgang som vart kalla «nede i bu» eller «Ildstovo» og så ei bu med tømra kleve langs vestveggen. Tidlegare låg det ein stavbygd kleve langs austveggen og eit rom kalla «børo»; her lagra dei korn i ei stor «kornb øre» (kiste). I dette anlegget er det mange trekk som gjev oss ein peikepinn om at det er mellomalderens byggjeskikk vi her ser spor av, den nordatlantiske byggjeskikken, slik vi kan sjå på Oppheim i Voss og Boga på Radøy.

  • Kart over buplassar i Øygarden

Buplasser ved havet

Skal ein døma etter funnmengda, må Hordalandskysten ha vore eit eldorado for steinalderfolket. Berre i Øygarden kommune er det kjent 91 buplassar som er meir enn 4000 år gamle. Men buplasskartet seier ikkje heile sanninga. Somme område er vorte saumfarne av arkeologar, gjerne i samband med store utbyggingsprosjekt, medan tilhøva andre stader er heilt ukjende. Somme stader kan såleis få store opphopingar av funn, medan andre område verkar funntome, utan at dei treng vera det.

 

I Øygarden er det særleg tre prosjekt som har gjort kommunen til den største «steinalderkommunen» i Hordaland: Industriområdet på Stura, Troll-prosjektet i Kolsnesområdet og Øygardsvegen.

  • Plantefelt med sitkagran på ein holme ved Herdlevær.
  • Toppmeis

«Skogsuset skal igjen høres ved havbruset»

Gunnar Jebsens visjon om ein skogkledd vestlandskyst – «en drøm i 100 år, en virkelighet om 50», slik han skriv i 1960, ser ut til å bli røyndom. Skogplanting, saman med verknadene av mindre beiting, gjer at det gamle lyngheilandskapet mange stader er i ferd med å gro att. I dei ytste strøka er det sådd mest buskfuru og sitkagran, men òg bergfuru – alle er gjester i den norske skogen. I Øygarden gjer dei mykje av seg.

 

Buskfuru og bergfuru kan veksa bra på dårleg jord og på vêrharde stader. Treslaga er hardføre og lyskrevjande, men toler noko meir skugge enn vanleg furu. Dei veks raskt, skaper tette felt og er grøne året rundt. Artane er innførte frå fjelltraktene i Mellom- Europa. Ein annan hardhaus er sitkagrana. Ho kjem frå kysten av Nordvest-Amerika, der klimaet er mykje det same som på vestlandskysten. Treet likar høg luftfukt og er langt meir hardført mot uttørking av vind enn vanleg gran.

 

I første halvdelen av 1900-talet var det ei samfunnsoppgåve å «kle landet». For å skapa livd og variasjon planta ein dei hurtigveksande bartrea. Skuleklassar og frivillige organisasjonar hadde gjerne eigne skogplantingsdagar. Ungdomen gjekk til oppgåva med liv og lyst, og resultatet ser vi i dag.

Tette skogar

Plantefelta er varierande i storleik, men er stort sett tette. Lite lys når ned til bakken, og undervegetasjon manglar heilt mange stader. Dei fleste dyreartane som har tilhald i slike plantefelt, nyttar dei derfor berre over kortare tid. Så framt skogen ikkje er for tett, kan hjorten gøyma seg her – det kan elles vera vanskeleg i det opne landskapet, og hubroen kan sleppa unna mobbinga til kråke og ramn. Men i det heile er det få dyreslag som har slått seg til i dei unge skogane.

 

Ein art har likevel makta tilpassinga til planteskogen påfallande godt.Toppmeisa blir til vanleg rekna som avhengig av gammal barskog. Den sikraste plassen å sjå toppmeisa på Vestlandet er likevel i eit felt med buskfuru. Ofte finn du berre eitt par i ei planting, ettersom skogen ikkje er så næringsrik, og revira derfor må vera store, men i store plantefelt kan du finna både to, tre og fire par med toppmeis. Toppmeisa lever her i stor grad av små insekt og edderkoppar, som ho gjerne hentar frå borken på trea. Ho hakkar sjølv ut reirhol i til dømes rotne stubbar, og det kan vera krevjande i slik skog. Toppmeisa er ein av våre mest heimkjære fuglar, som held seg i same skogen året rundt.

  • Hjortetunge
  • Strandkål frukter
  • Strandkål

Havburkne og hjortetunge

I det barske klimaet på vestsida av Øygarden er det ikkje mange planter som greier å slå rot. Likevel har ein funne dei to sjeldne, vintergrøne bregnane havburkne og hjortetunge i det ugjestmilde landskapet.

 

Havburkne veks alltid nær havet og mest så langt vest som det er råd å røta seg; namnet ber han med rette. I Noreg er bregnen kjend berre frå ytterkysten av Vestlandet: i Sunnhordland, i Sotra–Øygarden-området og kring Stadtlandet. Veksestaden er bergsprekkar og hellerar vende mot vest eller sør. Sjølv om han kan vera meir eller mindre bortgøymd inni berget, får han ofte godt med lys. Sjøsprøyt kan nå heilt inn til veksestaden når vinterstormane herjar. Nærleiken til havet, med høg luftfukt, er viktig for at ikkje planta skal tørka ut.

 

Havburkne er kjenslevar for frost, og han går neppe heilt i kvile om vinteren. Her ute i havgapet er middeltemperaturen for januar 2 °C.Vekstsesongen er dermed lengre enn nokon annan stad i Noreg. Frostfaren er liten djupt inne i bergsprekkane. Året gjennom kan dessutan solstreif utnyttast på klåre dagar.

 

Hjortetunge veks saman med havburkne både i Øygarden og på Bømlo. Bregnane har økologiske fellestrekk, men hjortetunge krev meir kalk i berggrunnen. Ho veks òg noko lenger inn i landet, til Varaldsøy. At hjortetunge klarar seg med lite lys, vart stadfesta då ho overraskande vart funnen i ein kjellar på Stord.

Strandkål

Strandkål er ein nykomling i Hordaland. Første gongen strandplanta vart oppdaga, var i Sandvikvågen på Fitjar i 1987. Seinare er ho også funnen i Øygarden og i Fjell. Planta er grov, inntil ein meter høg, med store, blågrøne, kålliknande blad og kvite blomar tett samla i ein vakker topp. Fruktene som blir spreidde med havstraumar, kan klara seg fleire veker i saltvatn. Strandkål har hovudutbreiinga si lenger sør i Europa, og førekomstane i Hordaland er truleg spreidde derifrå.

 

Planta er varmekjær, og spirande frø er spesielt sårbare for låge temperaturar om våren. Meteorologiske data frå kysten viser at middeltemperaturen for mars, april og mai har stige med 0,5 °C dei siste hundre åra. Dette kan vera medverkande til at strandkål har slått seg til på nye stader langs norskekysten. Kanskje blir han meir talrik i Hordaland i åra som kjem?

  • Herdleværsundet
  • Ved Ovågen på One
  • Kartlagde skjelsandforekomstar i Øygarden.

Skjelsand

Vassande barneføter på kvit skjelsand ein sommardag – ei bortgøymd badevik i skjergarden: Skjelsand får fram gode minne hos mange av oss. Men skjelsand er også eit viktig råstoff. Sanden blir henta opp frå sjøen og seld til kalking av plen, eng eller vassdrag. I tidlegare tider vart skjelsanden endåtil brukt i hønsefôret for å sikra harde eggeskal.

 

Skjelsanden i Hordaland finn vi i ytre strøk, ikkje berre i Øygarden, men òg mellom holmar og skjer lenger sør i fylket. Øygarden er likevel den kommunen i Hordaland som har dei største førekomstane. Ikkje utan grunn ligg det einaste tørkeanlegget for skjelsand på Vestlandet i Øygarden.

 

Skjelsanden er best på stader der det er lite andre lausmassar som gjer sanden «urein», med lågare kalkinnhald. For at det skal bli skjelsand, krevst det god straum og bølgjer. Straum må til for å gje skjela vekstvilkår, og bølgjene trengst for seinare å knusa skjela og avsetja dei som sand på botnen.

 

Skjelsandførekomstane i våre farvatn vart bygde opp på grunt vatn i tida etter at kysten vart isfri (dei siste 14 000 åra). Til å byrja med stod havet om lag 30 meter høgare enn i dag i ytre strøk. Derfor var vekstområda større den gongen, ettersom område som no er låge øyar, låg under havflata. Ein stor del av skjelsortane som levde i det kalde vatnet, var òg større og hadde til dels tjukkare skal enn dei som finst no. Då landet steig, førte bølgjer og straum skjela ned i sunda mellom grunnane og øyane, slik at det no kan vera over 10 meter tjukke lag nokre stader. I vår tid er vekstområda avgrensa til desse sunda. Sjølv om det enno veks skjel som blir til skjelsand, går prosessen mykje seinare. Sanden er derfor å rekna som ein ikkje fornybar ressurs. Skjelbankane er òg gyte- og oppvekstområde for fisk. Uttak av skjelsand er underlagt konsesjon.

 

Om vi køyrer på vegane i Øygarden, er det lettast å sjå den kvite sanden under nokre av dei mange bruene i kommunen, anten det no er langs riksvegen, eller i sundet ved Herdlevær. Men det er meir skjelsand mellom øyane lenger ute.

 

Sanden er ein god buffer mot sur jord, og kalking med skjelsand varer lenger enn med finkorna dolomitt. Når skjelsanden blir vaska ut av jorda, renn oppløysinga før eller seinare ut att i havet, der dagens skjel nyttar kalsiumet på nytt.

  • Halvdan Rong om bord i Rongøy, 1954.

Håbrannfisket i Øygarden

Det finst stor hai i Hordalands havgap. Mellom dei aller største er håbrannen, som kan bli over 200 kilo, og svært gammal. Slike ruggar er sjeldne i våre farvatn, men hordalendingane – og særleg strilane i Øygarden – har vore mellom dei aller fremste i fisket etter denne arten.

 

Håbrannfisket i Hordaland har vore drive sidan slutten av 1930-åra, og då som eit kystfiske. Dåverande Herdla kommune hadde 15 av dei 16 båtane som høyrde heime i vårt fylke. Med tida utvikla dette fisket seg til eit havfiske med drivline og trål, der mannskapet oftast måtte vera på sjøen i tre veker om gongen. Fiskarane frå Øygarden drog for det meste til Vikingbanken, Doggerbank og farvatna kring Shetland, Orknøyane og Hebridane. Vest i havet var både bestanden og fiskane større enn på Hordalandskysten. I 1960 og 1961 var båtane «Havøy» og «Rongøy» frå Øygarden med på eit prøvefiske i Irskesjøen, med godt resultat. I slutten av 1960-åra var den samla norske håbrannfangsten oppe i 960 tonn.

 

Det meste av fangsten vart eksportert til Italia, Tyskland og Tsjekkoslovakia gjennom håbrannfiskarane sitt salslag i Bergen. I 1964 vart kontoret flytta til Ålesund. Då hadde møringane teke til med storfiske etter håbrann ved Newfoundland. Det enda med overfiske, og det kom til å gå lang tid før det vart mogleg å driva dette fisket på våre kantar att. I dag er ikkje håbrannfisket lønsamt, men haien er velsmakande og ein ettertrakta sportsfisk, ei dugleg utfordring for havfiskarar med stong.

  • Tjeld

Tjeld. (Helge Haukeland)

  • Tuer av fjørekoll fargeklattar på bergknausar og svaberg

I Øygarden, som i dei andre kystkommunane, er tuene av fjørekoll fargeklattar på bergknausar og svaberg. (Bjørn Moe)

  • Øygarden har tradisjonar for kvalfangst

Øygarden har tradisjonar for kvalfangst. Frå Blomvåg kvalstasjon kring 1920. Stasjonen var i drift frå 1911 til 1955. (Kystmuseet i Øygarden.Cd 0097/34)

  • Asphaug, A. (1992) 1850-1885. Øygarden, bind I. Tjeldstø, Øygarden kommune.
  • Fossen, H. 1998. Advances in understanding the post-Caledonian structural evolution of the Bergen area, West Norway.Norsk Geologisk Tidsskrift 78: 33–46.
  • Guntveit, S. 1997. Nye forekomster av hjortetunge Asplenium scolopendrium og havburkne Asplenium marinum i Øygarden og Fjell kommuner, Hordaland. Blyttia 57:88–93.
  • Guntveit, S. 2003. Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Øygarden.
  • Revheim, J. (1955-56) Det gamle fiske i Øygarden. Land og hav. Bergen, Hordaland landbruksmuseum, s. 175-201.
  • Skjelanger, T. (1971) Herdla kommunesoge: 1870-1963.
  • Øygarden kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 14/2003. Hanson,S.2000.Viltrapport for Øygarden kommune.Øygarden kommune.
  • Dugnad (1978), nr. 1. Oslo, Novus