• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tunet på Fitjargarden

Tunet på Fitjargarden, teikna av Johannes Flintoe tidleg på 1800-talet. Her låg truleg Kongsgarden, på bøane ned mot Fitjarvika, der dagens sentrum ligg (frå: Sturluson, S. (1838-1839) Snorre Sturlesons norske Kongers Sagaer. Christiania, Guldberg & Dzwonkowski.).

Fitjar ligg langt mot vest men har likevel god dyrkingsjord. Derfor har bøane på Fitjar vore dyrka i uminnelege tider. For over tusen år sidan vart den grøderike Fitjar garden ein av dei fem kongsgardane i Harald Hårfagre sitt vestrike. Det er breframstøyten for 15 000 år sidan som la grunnlaget for grøderikdommen i Fitjarøyane. Breen la etter seg store massar av morenejord, som sidan skulle gi gode avlingar gjennom tusenåra i desse havbygdene.

Fram til 1867 høyrde Fitjar til Våg skipreide, bortsett frå øyane lengst vest, som var ein del av Føyen skipreide. Frå den tid har grensene for tinglaget og lensmannsdistriktet vore identiske med grensene for kommunen og prestegjeldet. I 1964 vart gardane på sørsida av Selbjørnen overførte til Austevoll, og frå 1995 har dei nordvestlege øyane høyrt til Bømlo kommune.

Skipreideordninga har sin bakgrunn i leidangen; eit sjøforsvar som Håkon den gode innførte på 900-talet. Kvar skipreide skulle stilla eit fullt utstyrt leidangsskip med mat og mannskap, og det er skipreidene som ligg bak kommunegrensene frå 1837. Våg skipreide omfatta fire sokner: Tysnes, Fitjar, Møkster og Austevoll, og denne inndelinga går tilbake til mellomalderen. Bakgrunnen for namnet Våg skipreide er usikkert. Våge på Tysnes er nemnd som tingstad i 1590, men også sju vågar i Fitjar ligg sentralt i området, og i ein av desse vågane låg leidangsskipet. I Tveitevågen er det registrert tufter etter eit langskipsnaust. Grannegarden Levåg var tingstad i eldre tid.

Før 1660 hadde allmannatinget eit preg av folkestyre. Ved innføringa av eineveldet vart tinget til eit lokalstyre underlagt futar og andre embetsmenn. Bondelensmannen var embetsstyret sin forlenga arm i lokalsamfuunet. Det var eit slikt lokalstyre som møttest for siste gong i Engesund i 1837. Etter dei nye formannskapslovene omfatta den nye kommunen soknene Stord, Fitjar og Valestrand. Frå 1862 vart Fitjar prestegjeld skilt ut som eigen kommune, og kommunestyremøta var i byrjinga haldne på handelsstaden i Færøysund.

Tunet på Fitjargarden, teikna av Johannes Flintoe tidleg på 1800-talet, viser oss truleg kongsgarden, på bøane ned mot Fitjarvika, der dagens sentrum ligg.

Øyriket

Få stader på Vestlandet finn vi eit øyrike som i Fitjar. Dei mange øyane er for det meste fråflytta, men i sommarmånadene trekkjer småbåtfolket til idylliske holmar og vikar.  Det vakre øyriket har vore vurdert i samband med oppretting av ein framtidig kystnasjonalpark. Det er fleire hundre øyar, små og mellomstore, som utgjer strandflata i denne skjergarden. Strandflata er eit gammalt landskap, truleg forma i eit kaldare klima, i dei periodane av istidene då kysten var isfri. I desse periodane var innlandet dekt av isbrear som pressa landet ned, slik at havet stod høgare enn i dag. Frostsprenging og bølgje-erosjon i strandbeltet jamna ut landskapet og slipte det ned til eit lågland – ein lang prosess som skapte den store strandflata frå Lindesnes til Finnmark. I den nordvestlege delen av Stordøya med den breie Fitjarbygda går den vide strandflata går over til lågland. Her gir morenejorda og det lune klimaet grunnlag for det gode jordbrukslandet. 

Gabbro og granitt

Berget i Fitjar vart til då store mengder smelta stein kom opp frå djupet og størkna i eller på jordskorpa fleire gonger i perioden mellom 490 og 420 millionar år sidan. Dei eldste nådde heilt opp til jordoverflata. Desse lavabergartane er godt bevarte søraust i Fitjar. Ei noko yngre, kvartsfattig smelte trengde inn og størkna i lavabergartane og er no å finna som omdanna gabbro i nordaustlege delen av kommunen og i den næraste delen av Tysnes. Etter dette braut svære granittmassar seg plass og fylte det området som i dag er Fitjarøyane. Den same granitten held fram nord i Bømlo. Han har fått namnet Rolvsnesgranitten og har i lang tid vore nytta til bygningsstein. Dei siste granittane kom på plass i silurtida og fylte sprekker i Rolvsnesgranitten.

Men granitt var ikkje den siste smeltebergarten som størkna i Fitjar. I jorda si mellomtid for 250-220 millionar år sidan trengde det på ny kvartsfattig smelte opp og fylte nokre få av dei mange sprekkene vest i kommunen. Oppsprekkinga av granittberggrunnen er nok mykje av årsaka til det låge landskapet og øyriket. Lenger aust, i gabbroområda på Stord, er berggrunnen meir massiv. At granitt sprikk lettare opp enn gabbro og diabas er kjent frå mange stader i verda, men det er særleg synleg i Fitjar. Fjellvidda på Stord held fram inn i Fitjar over Grønafjellet og til dei litt lågare viddene på Midtfjellet og Handfjellet. I byrjinga og slutten av istidene var det lokale brear øvst i dei dalane som fører vestover. Dei grov ut botnar der det no ligg vatn, som Botnavatnet.

Fuktig, lågtliggjande eng

Gabbroen på den nordlege delen av øya har vitra til god jordbotn, men morenejorda i låglandet mellom Fitjar og Storavatnet er viktigast for jordbruket i kommunen. Det lune klimaet er og ein grunn til dei gode avlingane i Fitjarbygda. I periodar med godvér om våren blir dagtemperaturen høgare enn på øyane lenger vest.

Fitjar har mykje lynghei som no gror att av skog og kratt. Granplanting gjer også sitt til at det gamle, opne landskapet har endra seg mykje dei siste femti åra. Frå riksvegen ved sørenden av Storavatnet kan du sjå mange spreidde furutre i lyngmarka. Furuskogen spreier seg no mot aust og oppover i høgda. Eit stort område med furuskog strekkjer seg frå Dåfjorden nord til Storavatnet. Elles i kommunen er det lite samanhengande furuskog. I liene mot Langenuen veks det mykje bjørk og spreidde eiketre. Den vesle hinnebregna kan du treffa på i nordvendte kløfter med høg fukt.

Det er ikkje mykje våtmark i kommunen, men dei områda som finst, er svært ulike. Det var nok meir før; namnet Fitjar tyder «fuktig, lågtliggjande eng». Vestbøstadtjørna og Rimbareidtjørna høyrer begge til dei rikaste våtmarksområda våre, sjølv om dei er små og somme plassar gror att. I Storavatnet kan ein gjerne freista fiskelukka, og vassdraget har godt sjøaurefiske. Sør for vatnet ligg Røydlandsvassdraget, eit lite låglandsvassdrag typisk for kystområda. Det er varig verna mot kraftutbyggjing. Dei tre tjørna øvst i vassdraget er spesielle med tett vegetasjon av takrøyr, elles er dei aller fleste vatna sør i kommunen næringsfattige skogstjørn.

Ein skulle ein tru dei mange øyane vest i kommunen ville vere gode sjøfuglområde. Her er bra med fisk og dei sterke tidevasstraumane i dei mange sunda gjev god vassutskifting. Likevel er det uventa lite sjøfugl å sjå. Dei få hekkekoloniane av måsar og terner som finst, er ikkje stabile. I tidlegare tider var det fleire oppdrettspollar for østers i Fitjarøyane. Det finst enno slike pollar, der østersen trivst godt.

På blå botn ein gullhjelm

Kommunemerket for Fitjar er ikkje godkjent etter heraldiske reglar. Merket er teikna av Magnus Hardeland i slutten av 1940-åra og vart teke i bruk av kommunen noko seinare. Motivet er ein gull vikinghjelm på blå grunn, og gullfargen er vald avdi Håkon den gode bar ein forgylt hjelm i slaget på Fitjar i 961. Snorre fortel at kongen var lett å kjenna; han var større enn andre og det lyste av hjelmen som sola skein på.

valknute

Fitjar er ei fleirtalsform av fit «fuktig, lågtliggjande eng». Rimbareid er ei samansetjing av rimb «låg, avrunda jord- eller grusrygg» og eid. Namneleddet År- i Årskog kjem ikkje av å «elv», men av or, gno. olr, alri «orekratt». Færøy- i Færøysund kjem av gno. fær «sau» og er såleis i slekt med Færøyane. For Engesund, av eng, skulle vi ha venta Engja-, men alt på 1800-talet er namnet notert i den skriftpåverka uttalen Enge-. Slåtterøy er mest kjent som fyrnamn i dag, men førsteleddet viser at det var slåttemarka der som har gjeve opphav til namnet.

  • Utsikt mot Rimbareid og Vestbøstad og øyriket i vest.

Utsikt mot Rimbareid og Vestbøstad og øyriket i vest. (Jan Rabben)

  • Høgreiste furutre

Høgreiste furutre viser at det er gode vekstvilkår på den blokkrike morenejorda ved Rimbareid. (Svein Nord)

  • Skrubbær

Skrubbær er vanleg i furuskogen på Vestlandet, også i Fitjar. (Bjørn Moe)

  • Fiskarbonden

Eit sildesteng ved fjorden, for å hausta av havets sølv, frå Fitjar tidleg på 1900-talet. Ute på fjorden ligg oppkjøparen som tek fangsten vidare til byen. Fisket fortel om fiskarbondens livsmiljø gjennom tusenår:grøne åkerlappar mellom grå svaberg og steingardar ut mot Nordsjøen, og dei rike ressursane i havet. Dette er eit næringsmiljø som det moderne mennesket har kome på avstand frå. (Severin Kannelønning)

  • Aaland, J. (1933) Fitjar: bygdeskipnad og bygdesoga. Sandane.
  • Steinsbø, S. (1986) Fitjar bygdebok. Fitjar, Fitjar kommune.