• Nynorsk
  • English

Universitetet i Bergen

Search form

Bergsvatnet

Bergsvatnet er ein del av Berge landskapsvernområde – eit gammalt og særprega kulturlandskap med karakteristiske gras (takrøyr) ved vatnet, gamle eikestuvar og ein lun våg med naust, kvernhus og oppgangssag. (Blom Norkart Mapping)

Edellauvskogen veks frodigare i Kvam enn nokon annan stad i Noreg. Nordsida av Hardangerfjorden er kjerneområdet for denne naturtypen her til lands, og i Kvam er vekstvilkåra ekstra gode.

Klimaet er ideelt, korkje for varmt eller for tørt om sommaren eller for kaldt om vinteren. Den langstrekte kommunen ligg vend mot sør, med solrike lier framfor bratte berg. Mykje av berggrunnen er næringsrike og lettvitrande kambrosilurskifrar. At nettopp Kvam er godt eigna for fruktdyrking, heng saman med tilhøva i klima og jodsmonn. Kravstore orkidear har også funne seg godt til rette i denne hagen ved fjorden.

Mykje av det beste jordbrukslandet ligg ved fjorden, som i Strandebarm, Tørvikbygd, Vikøy og Øystese. Frå Fyksesund og utover langs fjorden strekkjer kambrosilurskifrane seg, med grønskifer, grønstein og fyllitt som dei vanlegaste bergartane. Mange stader er fyllitten sterkt forvitra, eit skikkeleg rotafjell for dei som må arbeida med han. Men ikkje berre mjukt og lettsmuldrande fjell gjev grunnlag for gardsdrift, også morenemassar frå istida syter for gode dyrkingsvilkår. I Steinsdalen og områda ikring er det store, flate jordbruksområde på elvesletter og terrassar av sand og grus. Desse lausmassane når opp til det høgste nivået for havet etter istida, den marine grensa, som på Neteland inst i Steinsdalen er 84 m o.h. Den marine grensa er også øvre grense for det meste av busettinga i kommunen, gardar som ligg høgare er gjerne rydda på vitringsjorda av grønskifer og fyllitt.

Straks aust om Fyksesund reiser fjellsidene seg brattare, og jorda vert dårlegare. I dette området er det dei harde granittane, kvartsittane og gneisane i Bergsdalsdekka som rår. Desse lausrivne grunnfjellsbergartane som kom langt frå nordvest har synt seg seigliva i møtet med erosjonskreftene. I fjellsidene ved Ålvik er det derfor ikkje berre industrirøyk som har hindra vegetasjonen i å etablera seg. Den skrinne og motstandsdyktige granittgneisen må óg ta noko av skulda.

Kvam, den lange storkommunen som vart skipa i 1965 langs Hardangerfjorden, frå Ålvik til Hatlestrand, kryssar ei gammal kulturgrense mellom Strandebarm og Kvam, frå Hårjono ved Straumastein i Tørvikbygda til Belsnes nord for Torsnes i Jondal. I vikingtid og mellomalder var dette grensa mellom Hardanger sysle og Sunnhordland, i seinare hundreår mellom Hardanger og Søndhordlehn Fogderi. Strandebarm høyrde til Sunnhordland, Kvam til Hardanger. Det gamle kultursambandet med sunnhordlandsbygdene treng ingen vera i tvil når vi høyrer målføret i Strandebarm.

Kvam prestegjeld – som fram til 1911 hadde namnet Vikør – omfatta soknene Vikøy og Øystese. Strandebarm prestegjeld var fram til 1802 delt mellom to prosti: Strandebarm og Varaldsøy i Sunnordland og Jondal i Hardanger. Frå dette året vart heile Strandebarm prestegjeld lagt til Hardanger. Jondal vart eigen kommune frå 1846, med same grenser som mellomalderens skipreide. Tørvikbygd nord for fjorden høyrde då til Jondal. Grensa mellom Kvam og Jondal gjekk i eldre tid mellom to tun på Heradstveit i Tørvikbygd. «Innitun» Høyrde til Kvam og «Utitun» høyrde til Jondal. Forklaringa er at Tørvikbygd heilt fram til den store revisjonen av kommunegrensene i 1964 var ein del av Jondal skipreide og kyrkjesokn. Sambandet over fjorden var lettare enn over det bratte Vangdalsberget.

Gåva frå andre sida

Kvam er meir enn kambrosilurbergartar og skyvedekke; kommunen har og fått eit stykke norsk grunnfjell i gåve frå Folgefonnhalvøya. Ikkje grunnfjell som kom rekande langvegsfrå, som i Ålvik, men grunnfjell som alltid har lege på samme plassen. I istidene grov breane ut Hardangerfjorden i grensesona mellom dette grunnfjellet og kambrosilurbergartane. Men isen fylgde ikkje grensesona blindt, og ein snipp av grunnfjellet – som etter rett høyrer til på andre sida av fjorden – vart igjen mellom Ljones og Augastad.

Gjennom dei mange istidene grov breane Hardangerfjorden stendig lenger innover i landet. Då fjorden i dei isfrie periodane etterkvart nådde heilt inn forbi Ålvik, fekk sideelvane bratt fall mot den opne fjorden. Fallet gav elvane kraft til å skjera ned tronge dalar langs forkastingar og sprekker i berggrunnen, dalar som syner lite teikn på breerosjon. Mest kjent er kanskje Tokagjelet, men også Mundheimsdalen i Mundheim, Strandadalen og Engjadalen i Strandebarm, Fitjadalen og Laupsadalen i Øystese og Roaldsdalen ovanfor Ålvik er slike dalar. Annleis er det med Fyksesund – her var det breane som stod for det djupe innhogget i landskapet.

Tidleg vår

Steinsdalselva, med den kjende turistattraksjonen Steinsdalsfossen, vart verna mot kraftutbyggjing i 1986. Ein del vasskraft er likevel utbygd i kommunen. Kaldestad kraftverk, rett sør for Norheimsund, nyttar fallet frå Krokavatnet (597 m o.h.). Bjølvefossen kraftverk, med si lett synlege røyrgate ned fjellsida i Ålvik, er eit gammalt industrikraftverk. Det forsyner Ålvik smelteverk med kraft. Kraftverka dreg nytte av dei relativt store nedbørsmengdene i fjellområda, som i vest kjem opp i meir enn 3400 mm i året. I fjorddistrikta regnar det mindre, normalt mellom 2100 og 2400 mm. Vindtilhøva kan skifta mykje langs fjorden. På avgrensa fjordstykke kan det vera sterke, lokale vindar, medan det er stille både innafor og utafor.

Områda ut mot den breie fjorden får tidleg vår, mykje sol og har lang vekstsesong. Medan snøen enno dekker fjella på Kvamskogen i april, pryder blømande blåveis skogbotnen i Strandebarm. Blåveisen er ein austleg art - kusymre og bergflette kjem frå kysten. Det er ikkje mange stader i landet desse plantane veks i lag, slik som her. Edellauvskogen forsyner seg med dei beste, lågtliggjande veksestadane i kommunen. Dei frodige skogane er dei viktigaste leveområda for viltet i Kvam. Dei mange store, gamle lauvtrea er ettertrakta bustader for kattugla. Mest overalt i kommunen skaper denne fuglen vårstemning i seine april- og maikveldar.

Furuskogen står helst høgare opp i lia. I Kvam er det også eit godt utvikla belte med bjørk mellom furuskogen og høgfjellet. Den lokale botanikaren Torkel Lillefosse frå Strandebarm brukte heile livet sitt til å samla plantar og utforska floraen i dette botanisk sett spanande distriktet.

I blått ein innsvinga sølv stolpe

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 27.11.1981, teikna av Magnus Hardeland. Teiknaren hadde nok det tronge Fyksesundet i tankane då han laga våpenet. Men motivet let seg lett knytta til tydinga av ordet kvam – «stad der eit hovuddalføre knip seg i hop». Dette passar godt med Steinsdalen som endar i ein «kvam» under Tokagjelet.

valknute

Ålvik har helst gno. Qlr «or, older» som førsteledd. Kjepso kan vera eit gammalt elvenamn samansett av gno. kefsir «træl» og skor «avsats» pluss á «elv». Rosseland har gno. ross «hest» som førsteledd. Sisteleddet i Fykse, dvs. -e, går attende på vin. «eng». Førsteleddet er usikkert, mogeleg fok «drev, rok» eller eit eldre ord for «rev», jf. engelsk fox. Tokagjelet inneheld truleg eit ord som er i slekt med tak. Førsteleddet i Ljones, eldre Ljánes, er ljå; samanlikning med forma på landskapet. Førsteleddet i Tangarås, av gno. tqng «tang, stong», har opphav i ei samanlikning med åsen der garden ligg.

Øystese er eit namn som granskarane har vanskar med å tyda. Truleg er det eit samansett namn der siste leddet er -vin. Øystese var namnet på skipreida i mellomalderen, og tufta etter langskipsnaustet ligg i Skipadalen mellom gardane Nes og Valland. Lengda er 35 meter, breidda 15,5 meter. Eit liknande, men mindre naust låg i Øystesevika; truleg eit gardsnaust.

  • Eit karakteristisk «skautskrin» frå Hardanger med storlagd rankedekor

Skautskrinmålarane

Faldaskautet er ein karakteristisk del av hardangerbunaden. Skautet hadde konene med seg i eit «skautaskrin» når dei fór til kyrkje; eit gåveskrin som jentene fekk frå friaren når dei skulle gifta seg. Ikkje overraskande er difor skautaskrina i Hardanger – i området for det gamle faldaskautet – dekorerte med motiv som knyter seg til bryllaup og ekteskap: ektepar på veg til kyrkja i firhjuls karét, mann og kone, ryttarmotiv og store firbladroser i alle slag fasongar og format; utan tvil med ein lukkefremjande symbolverdi. Skautaskrin i tusental har vore spreidde utover hardangerdistriktet; på 1700-talet med skoren dekor og frå kring 1800 måla i vakre, fargeglade former. Det er den storlagde rankedekoren frå blomebarokken som er motivkjelde for desse målarane i Kvam tidleg på 1800-talet; rankar, roser og ryttarar på sinoberraud botn. Den leiande av dei var Per Andersson Århus (1757/58-1831).

  • Kjenge frå Kjepso

Denne fargerike og velforma kjenga frå Kjepso er måla av Per Anderson Århus frå Steinsdalen. Kjepsokjengene, truleg laga av dyktige handverkarar på Kjepso og måla av dei sentrale «skautaskrinmålarane» i Kvam, høyrer til dei mest særprega gruppene i norsk og europeisk folkekunst (Svein Skare, eigar: Universitetsmuseet i Bergen (X14953, bryllaupskjenge, Skutevik Kvam)).

  • Som ein barm mot fjorden ligg Strandebarm

Som ein barm mot fjorden ligg Strandebarm, her med utsyn frå Linga mot Mauranger og Varaldsøy. I eldre tid var desse bygdene ein del av det gamle Sunnhordland, men geologisk er så godt som heile nordsida av Hardangerfjorden, heilt inn til Fykse, eit samanhengande belte, ein region som i dag ligg i den store kommunen Kvam, eit frodig landskap på god skifergrunn. (Svein Nord)

  • Bergfrue

Bergfrue

Bergfrua er litt av eit syn der ho heng ut frå fjellsida med sine store, kvite blomeklasar. Det er utruleg at den vesle bladrosetten kan springa ut i ei slik blomeprakt, rett frå nakne fjellet. Store planter kan bli over halvmeteren høge og med kanskje så mykje som tusen kvite blomar på ein einaste stengel. Det er heilt bortkasta å flytta ei blømande bergfrue heim i hagen. Planta blømer og set frø berre ein gong. Dette krafttaket tappar rota for så mykje næring at planta visnar og døyr når det er over. Før bløminga lever bergfrua anonymt som ein bladrosett. Rosetten veks litt kvart år, inntil han er mogen for den bugnande bløminga det sjuande året.

 

Bergfrua veks like gjerne ved sjøen som i høgfjellet. Sjølv om blada er tjukke og kan lagra vatn, må ikkje veksestaden vera for tørr. Derfor trivst bergfrua best der det sildrar litt vatn nedover berget, eller der det er ein foss i nærleiken. Ho veks i heile Hardanger, men helst på næringsrik berggrunn.

  • Gammal eik i eikeskogen ved Skeianeset
  • Tredokter David Woodland
  • Trekryparen

Eika – kongen i skogen

Som andre edellauvtre stiller eik store krav til temperaturen. Det bør vera minst 12,5 ºC i om lag fire månader av sommarhalvåret for at ho skal trivast. Eika er dessutan var for frost, og trivst ikkje om vinteren blir for lang og kald. Dette treslaget er derfor bunde til kyst- og fjordstrøka. I Hordaland har nordsida av Hardangerfjorden dei beste vekstvilkåra. Aller mest eik veks det i Kvam. Men sjølv om kommunen har mange gode veksestader, manglar dei store eikeskogane. Samanlikna med kysten av Sørlandet er det helst lite eikeskog på Vestlandet.

 

Eika kan veksa mellom knausar der det er skrint og heller næringsfattig. Men ho blir ikkje stor på slike stader, og stammene får gjerne ein knudrete og skeiv fasong. Mange stader veks eika i lag med furu. Ho krev godt med lys, og i konkurransen med furua har ho ein god sjanse til å klara seg. Ho trivst best på lune, varme stader, gjerne solrikt og framfor ein bergvegg. Men også på vindutsette stader veks det eik. Treet står støtt i storm og uvêr, og vindfelte eiketre er sjeldne.

 

Eika symboliserer kraft, stabilitet og tradisjon. For at ho skal bli stor og sterk, må det vera djup jord til den solide pelerota. Med full utnytting av det kraftige rotsystemet kan eika få eit enormt omfang. Det finst mange kjemper spreidd kringom i fylket. Fleire er freda, med skilt på stamma. Mange gamle eiketre er knytte til tradisjonar og segner,og har fått eigne namn. Mest kjend er Brureiki på Lote i Ullensvang,det tjukkaste treet som er målt i Noreg, med omkrins på 10,3 meter. Berge i Tørvikbygd i Kvam er ein annan stad der det veks eikekjemper. Det er uvisst kor gamle desse trea er, tusen år har vore nemnt. Alderen kan ikkje fastsetjast med å telja årringar – rote gjer at alle dei gamle eikene er hole innvendig. Sjølv om eika kan bli svært gammal, er det nok vanleg å vurdera alderen til dei ærverdige trea til å vera for høg. Dei veks nemleg raskt i starten. Der jorda er djup og næringsrik, kan eika bli ganske tjukk dei to første hundreåra.

 

Sidan eikeskogen veks på ulike markslag, er det stor variasjon i plantedekket. I den næringsfattige eikeskogen veks det mykje blåbærlyng, marimjelle og smyle, medan liljekonvall og storfrytle, saman med vårmarihand og mange andre urter, er karakteristiske i den næringsrike eikeskogen. Det veks fram ung eikeskog på gammal eng og grasmark som ikkje lenger blir nytta til beiting. Treslaget er derfor i spreiing, og kanskje i ferd med å vinna tilbake noko av det arealet det rådde over for fleire tusen år sidan.

 

Det har tidlegare vore rovdrift på eikeskogen, tømmeret var høgt skatta og kunne nyttast til mangt. Den verdifulle eika har ein hard ved som er svært haldbar, og ho var derfor spesielt godt eigna til emneved for båtbyggjarindustrien som voks fram i Hardanger. Eikeemna kunne nyttast til ulike føremål i båtane, til kjøl, lot, stamn og keipar, alt etter dimensjonen og om dei var krokete eller rette.

  • Lauvskogliene langs Hardangerfjorden
  • Grønkurle
  • Fjellkvitkurle
  • Engmarihand
  • Korallrot
  • Flekkmarihand
  • Myggblom
  • Småtviblad
  • Grov nattfiol
  • Knerot
  • Raudflangre
  • Vårmarihand
  • Brudespore
  • Nattfiol
  • Styvt eiketre ved Gravdal
  • Stortviblad
  • Kvitkurle
  • Fuglereir
  • Kvit skogfrue
  • Breiflangre

Orkidéar

Så mange som tretti tusen ulike orkidéar finst, dei fleste i tropane. Dette gjer orkidéane til den mest artsrike plantefamilien i verda. Av dei 35 artane som finst i Noreg, veks 19 i Hordaland. Kvar einaste av hordalandsorkidéane har veksestader i Kvam, fleire av artane er sjeldne.

 

Namnet orkidé er gresk og tyder «testikkel». Forklaringa er assosiasjonen til dei to runde knollane som sit på røtene til mange orkidéartar. Somme artar er staselege planter, med tydeleg farga eller kvite blomar, medan andre har små blomar, med nøytral, brunleg farge. Heile planta kan vera brunleg, så det skal godt gjerast å finna alle.

 

Dei fleste orkidéane krev kalk i jorda. Mykje kalkrik fyllitt i berggrunnen er nok ei viktig årsak til artsrikdommen i Kvam. Men også i næringsfattig lyngmark og furuskog veks somme artar, som flekkmarihand, småtviblad og knerot. Småtviblad er mykje vanlegare enn dei fleste trur. Han er berre så vanskeleg å få auga på, fordi han går i eitt med lyngen og torvmosen.

 

Vårmarihand er den orkidéen som blømer først om våren, i byrjinga av mai. Planta er fager å sjå til med dei mange raude blomane. Ho gjer ganske mykje av seg i Kvam, både i edellauvskog, på ugjødsla enger og i vegkantar. Tidleg bløming gjer at vårmarihanda slepp konkurranse frå annan vegetasjon. Før lauvsprett når då også sola lettare ned på bakken enn seinare på våren.

 

Når vårmarihanda er på hell, i slutten av mai, byrjar bløminga til ein av juvelane i lauvskogen, kvit skogfrue. Mange meiner dette er den vakraste orkidéen i fylket, ja, kanskje i heile landet. Det er ei sjeldsynt plante i Noreg, men i Kvam finst fleire rike veksestader. Arten veks helst i eikeskog, oftast austvend på lune stader, og ikkje langt unna fjorden. Kvit skogfrue finst òg i gamle frukthagar som ikkje blir gjødsla og slått. Her har ho kome inn i seinare tid, og planta er derfor meir utbreidd i Kvam i dag enn for femti år sidan. Det veks gjerne
andre orkidéar saman med kvit skogfrue, som breiflangre, fuglereir og stortviblad.

 

Insekt syter for pollineringa av orkidéane. Blomane til nattfiol angar spesielt godt om natta, og derfor blir dei bestøva av nattsvermarar. Pollenet festar seg på hovudet til insektet. Som takk for hjelpa tilbyr planta nektar i den lange sporen på blomen. Ikkje alle orkidéane er like trufaste som nattfiolen: Dei lokkar til seg insekt og blir bestøva, men i blomen finst det ikkje alltid nokon nektar som løn. Nattfiol og slektningen grov nattfiol blømer i juli. Slektningane veks helst i kulturlandskap og skogkantar. Begge er vanlege mange stader i Kvam.

 

Det er ikkje berre pollineringa orkidéane treng hjelp til. Frøa,som forlèt planta etter mogninga, er heilt hjelpelause og kan ikkje spira på eiga hand. Dei har ikkje opplagsnæring slik som andre plantefrø. Sopphyfar – lange, tynne trådar, som er den delen av soppen som ligg i jorda – syter for næring til orkidéfrøa. Orkidéane kan produsera enorme mengder frø, fleire tusen på ei plante. Dess fleire frø, dess større er sjansane for at somme av dei skal finna fram til den livreddande soppen.

  • Skogmarihand

Orkidéar i Hordaland og Kvam

Lista viser dei typiske veksestadene til dei 19 artane:

 

breiflangre, skog

brudespore, eng

engmarihand, rikmyr

fjellkvitkurle, høgfjell

flekkmarihand, lyngmark

fuglereir, lauvskog

grov nattfiol, eng

grønkurle, høgfjell

knerot, furuskog

korallrot, myr

kvitkurle, eng

kvit skogfrue, lauvskog

myggblom, myr

nattfiol, eng

raudflangre, furuskog

skogmarihand, skog

småtviblad, lyngmark

stortviblad, lauvskog

vårmarihand, skog

  • Aarrestad, P. A. 2000. Plant communities in broad-leaved deciduous forests in Hordaland county, Western Norway. Nordic Journal of Botany 20:449–466.
  • Askeland, Ø. (under arbeid). Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Kvam. Kvam herad og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Askeland, Ø. 2002. Viltet i Kvam. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Kvam herad og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport.
  • Børset O. 1985. Skogskjøtsel I. Skogøkologi. Landbruksforlaget.
  • Eide, D. (1974) Kvam kommune: ein lokalbiografi. Hovudoppgåve, Statens bibliotekskole.
  • Laupsa, O. M., Røyrvik, J. & Høysæter, A. red. (1987) Lokalt sjøvstyre 1837-1937: Kvam - Strandebarm. Kvam.
  • Næss, A. & Kolltveit, O. (1947-1950) Strandebarm og Varaldsøy i gamal og ny tid. Strandebarm og Varaldsøy bygdeboknemnd.
  • Olafsen, O. (1921) Kvam i fortid og nutid. Norheimsund.
  • Oma, A., Kolltveit, B. & Røen, A. (1937) Strandebarm: utgjeve i høve kommunejubileet 1837-1937. Oslo, Fabritius.
  • Bygdejol (1945-1970).
  • Kvam heradstyre 1837-1937: til hundradårets minne (1937). Norheimsund.