• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Skråmestø, nord på Askøy

Skråmestø, nord på Askøy. Herdla lengst ute, midt på biletet. (Helge Sunde)

Askøy gav, Herdla tok, slik Noreg gav, og Danmark tok. Lausmassar frå Askøy og områder vidt omkring vart frakta nordover på slutten av siste istid. Massane vart spylte ut framfor iskanten, og medan hovudøya vart skrapa rein der isen hadde fare fram, vart enorme sandmassar liggjande att når isen trekte seg attende. Resultatet vart Herdla, eit Danmark i miniatyr, med flate jorder, strender og grunner med sand, stein og mudder – og Askøy, med knausar og fjell, men også lune vågar, grøne bøar og voksterviljug skog.

Kontrastane er store mellom dei to største øyane i Askøy i areal, landskap og naturgrunnlag. Medan grunnlaget for den gode jorda på Herdla vart lagt på slutten av den siste istida, vart jordsmonnet på Ask og Strømsnes skapt etter at siste istid tok slutt for om lag 11 000 år sidan. Så raskt har forvitringa av glimmerskifrane gått i dette området. Glimmerskifrane – rotafjell – frå kambrosilurtida heng saman med like bergartar i Bergen sentrum og er hovudårsaka til den fruktbare jorda på denne delen av Askøy. Austsida av øya har også det beste klimaet. Det er i dette området asketrea trivst, dei har gjeve namn til både bygda og kommunen. I desse bygdene vart det tidlegare stor produksjon av grønsaker og bær på friland. Askøyjordbær var etterspurde på Torget i Bergen.

Det gamle Askøy sokn frå 1741 høyrde før 1853 dels til Skjold skipreide, dels til Herdla. Frå 1837, då det kommunale sjølvstyret vart innført, og fram til 1918 omfatta Askøy kommune den sørlege delen av Askøy og områda på fastlandet sør for Byfjorden. Då er vi enno i båtens landskap. Den nordlege delen av Askøy høyrde til Herdla kommune: øya Herdla, saman med den midtre delen av Øygarden og den nordre delen av Holsenøya. I 1918 vart vart Askøy kommune delt, slik at Laksevåg på fastlandet vart eigen kommune. Ved revisjonen av kommunegrensene i 1964 – overgangen til bilens landskap - vart også dei nordlege områda innlemma i Askøy kommune, som då kom til å omfatta sjølve Askøya, Herdla og nærare 100 mindre øyar.

Strusshamn var kommunens administrasjonssentrum frå 1837 til 1956. Då overtok Kleppestø som kommunesenter. Kleppestø, Øvra Kleppe, Florvåg, Erdal, Strusshamn og Marikoven er blitt dei folkerikaste bygdene, medan dei gamle tettstadene Follese og Hetlevik har stagnert. Etter krigen har Askøy hatt ein markert vekst i folketalet og var sidan slutten av 1960-åra vore den største landkommunen i Hordaland. Tettgrendene på den søre delen av Askøy utgjer i dag ein av fylkets største tettstader. Alt før 1920 var industrien blitt viktigaste næringsveg, og stadig betre samband med Bergen har skapt eit aukande tal dagpendlarar, over 50 % av dei yrkesaktive. Det nye fastlandssambandet, Askøybrua som vart opna 12. desember 1992, har verka inn på dette. Men Askøy har gjennom fleire hundre år vore prega av det nære naboskapet med byen; samhandelen med Bergen har alltid vore viktig og på den grøne øya var det mange byborgarar som hadde landlege eigedommar og bygde seg staselege hus.

Gneis og gabbro

Glimmerskiferen, rotafjellet, er unntaket på Askøy: Det meste av berggrunnen i kommunen er ulike typar gneis ofte med lysegrå og mørkare, nesten svarte, lag i veksling. Gneisane vart til ved utløysing av spenningar djupt nede i jordskorpa. Det skjedde under kollisjonen med Grønland mot slutten av kambrosilurtida. Den bergarten som klarte seg best gjennom Grønlands-kollisjonen, og som ikkje vart gneis, er Follesegabbroen. Den kjem fram i eit fleire kvadratkilometer stort område mellom Strusshamn, Kleppe og Hetlevik. I sentrale deler, som mellom Krokås og Follese, har han gjeve opphav til eit kollete landskap. Dette skil seg frå fjellformene som elles er så typisk for det meste av Askøy og andre gneisområde nord og vest for Bergen: Lange skråningar som stig mot vest, brotne av bratte fjellvegger.

I vegskjeringane mellom Haugland og Ravnanger finst ein mørk, tett amfibolitt. Truleg er dette sterkt omdanna basaltlava, men kvite kvartsittlag ved svingane ved Åsebøvatnet kan best forklarast som omdanna sandstein. Alle desse bergartane er gamle, og har forlengst passert ein milliard år.

Knausete lynghei

Askøy ligg i overgangen mellom kystlynghei og skog, og skogen tunnast gradvis ut vestover. Skogen er for det meste velvaksen furuskog - den kler store deler av hovudøya. I lyngheia er det røsslyngen som dominerer, men i solvende bakkar veks purpurlyng, fagerperikum og fleire andre planter som krev lune forhold med mykje lys. Kystplanter trivst i heile kommunen, det skuldast det fuktige, vindfulle verlaget og nærleiken til havet.

Det regnar mest i dei sørlege og austlege områda. Her fell om lag 2100 mm i året. Særleg om sommaren kommer ettermiddagsbygene oftare i sør og aust enn elles på øya. Vestsida, mot Hjeltefjorden, får mest vind. Om sommaren kan solgangsbrisen koma opp i kuling på «utsette stader» i vest, medan det på austsida er bortimot stille. Dette kan og gje store utslag på temperaturen.

Hubroland

I tidlegare år var det mykje meir sjøfugl på Askøys holmar og skjer enn i dag. Berre på Ertenøyane vest for Frommereid levde ein sildemåse-koloni på fleire hundre par på 1970-talet. Men då øyane vart verna som sjøfuglreservat i 1987, var fuglane alt flytta. Det same hende med måsane og ternene på Laksholmen i Hauglandsosen og på Hanøyklubben. Etterkvart som sjøfuglane har minka, vart det også lite næring for hubroen i kommunen. Hubroen slår seg gjerne til i nærleiken av stader der det finst fast tilgang på mat, som sjøfuglkoloniar eller bossfyllingar. Hubroen på Askøy skulle såleis vera særskilt hardt råka, ettersom bossfyllinga i Kollevågen også er lagd ned. Det finst likevel framleis 4-5 hekkepar i kommunen.

Men fuglelivet på Herdla har klart seg bra. Ingen stader i Hordaland finst så mange artar som her. Presset på naturperla Herdla auka då øya vart knytt til Askøy med bru i 1969, men fredinga i 1985 redda det meste av herlegdomane for ettertida. Askøybrua vart opna i 1992. Den gjer det lett å koma til Askøy i dag. Har du meir enn to føter og dessutan skarpe og gode tenner, er du ikkje velkomen. Som einaste brua i Hordaland har nemleg Askøybrua fått påmontert «revesperre», ei fotocelle som utløyser eit høgfrekvent signal når ein rev eller hund nærmar seg.

På sølv grunn eit grønt asketre

Våpenet er godkjent av Askøy kommunestyre 28.9.1961 og er teikna av Magnus Hardeland. Motivet er utforma namneallegorisk etter Askøy og førestiller eit asketre som står på ei øy eller kolle med sjø (bølgjeliner) framføre. Fargane er grønt og sølv.

valknute
  • Kart over endringar av kommunegrenser

Kartet viser dei omfattande endringane av kommunegrensene sidan mellomkrigstida i dette øyriket nordvest av Bergen – eit spegelbilete av soga om overgangen frå sjø til land (kart: Nils Georg Brekke/Egil Nysæter, 1993).

  • «En stril»

«En stril». Teikning av Hans Dahl (kring 1880).

  • Klokkelyng

Vest i kommunen er klokkelyng svært vanleg på myr og i lynghei. (Bjørn Moe)

  • Kvit nykkerose

Kvit nykkerose i Merkesvikvatnet. (Svein Nord)

  • Hubro

Hubro. (Stig Tronvold)

  • Askvik, H. 1971. Gabbroic and quartz dioritic intrusions in gneisses on southern Askøy, West Norwegian Caledonides. Norges Geologiske Undersøkelse Bulletin 270:3–38.
  • Asphaug, A. red. (1986) Da va'kje slek so no!: folk i Søre Herdla krins fortel si eiga historie. Askøy, Søre Herdla husmorlag.
  • Clausen, C. (1937) Askøy herad i hundrad år: 1837-1937. Bergen.
  • Fossen, A. B. (1974) Askøy fra de eldste tider til ca. 1800: en fremstilling av Askøys historie i tekst og bilder for ungdom. [Kleppestø], Askøy skolestyre.
  • Fossen, H.; Ragnhildstveit, J. 1997. Geologisk kart over Norge, berggrunnskart Bergen – M 1:50.000. Norges geologiske undersøkelse.
  • Fossen, A. B. & Jensen, T. (1989) Bilder fra Askøy: fra de gode, gamle dager. [Erdal], Clio forlag.
  • Moe, B. 2003. Kartlegging og verdisetting av naturtyper i Askøy. Askøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 12/2003.
  • Overvoll, O.; Talhaug, M. 2003. Viltet i Askøy. Kartlegging av viktige viltområder og status for viltartene. Askøy kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 6/2003.
  • Skjelanger, T. red. (1971) Herdla kommunesoge: 1870-1963.
  • Jul på Askøy (1980-). [Kleppestø], Askøy mållag.