• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Nordfjord er regionen kring Nordfjorden, Noregs femte lengste fjord. Han tek til ved Olden og Loen og munnar ut i havet 106 km lenger vest, ved Husevågøy mellom Bremangerlandet og Vågsøy. Fjorden har fleire sidearmar: Ålfoten, Eidsfjorden, Hyefjorden og Gloppefjorden. Nordfjord omfattar følgjande kommunar: Stryn, Gloppen, Stad, Bremanger og den nordlege delen av Kinn (tidlegare Vågsøy kommune). Sørlege delen av Bremanger høyrde tidlegare til Sunnfjord. Hornindal høyrde til Nordfjord fram til 2020, men blei då lagt inn under Volda kommune og Møre og Romsdal fylke.

Nordfjord har eit dramatisk landskap med høge og bratte fjell, djupe dalar og vatn, og høge fossefall. Lengst mot aust ligg Jostedalsbreen, fastland-Europas største isbre, med velkjende sidearmar som Briksdalsbreen og Kjenndalsbreen. I sør ligg Ålfotbreen med det vestlegaste villmarksprega området her til lands. Hornindalsvatnet, som har utløp i fjorden via Eidselva, er den djupaste innsjøen i Europa. Nær utløpet av Nordfjorden ligg fjellet Hornelen, høgaste sjøklippa i verdsdelen. I nordvest strekkjer halvøya Stadlandet seg ut i havet som ein knyttneve, med steile bergveggar mot det vêrharde Stadhavet.

Fleire av vassdraga i Nordfjord er utbygde og gjev betydeleg straumproduksjon. I kystområda bles det mykje, og her finst fleire vindkraftverk. Langs kysten av Nordfjord er fiskeri ei viktig næring, med Måløy – einaste byen i regionen – som sentral fiskerihamn. I dei indre delane av Nordfjord er næringslivet basert på industri, landbruk, turisme og sørvisnæringar, med Nordfjordeid, Sandane og Stryn som dei største tettstadene. Bygdene Olden og Loen inst i fjorden har stor cruisetrafikk.