• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Mot Mostraumen, Modalen

Mot Mostraumen – med den smale fjorden innanfor og den lange, tronge Modalen oppover mot fjellheimen. (foto: Svein Nord)

Med hardt og gamalt grunnfjell har kommunen stått seg bra mot dei nedbrytande kreftene - det var berre der Modalen og Mofjorden vart utforma at isen fann brot i fjellet der han kunne pløya seg djupt ned. Her arbeidde ismassane til gjengjeld med all si kraft. Då breen vart borte, stod ei rivne med vatn, sand og grus att - og med ein vind som mest aldri trekkjer pusten.

Ser vi bort ifrå hovuddalføret og nokre mindre sidedalar, er det meste av kommunen  eit kupert fjellområde. Fjella er restane etter eit gammalt, nedslite landskap frå jorda si mellomtid. Seinare, i tertiær- og kvartærtida, vart dette landskapet løfta høgt opp. Då isen sidan gjekk laus på dei nye høgdeområda, fekk han, med nokre få unnatak, ikkje bukt med urtidsgneisane – fjella vart ståande att. Unntaka er grunnlaget for busetnaden i kommunen med færrast innbyggjarar i Hordaland og nest færrast innbyggjarar i landet. Mest alle dei vel 350 som høyrer heime her,  bur like ved Modalselva.

Modalen  var eige kyrkjesokn i mellomalderen, fram til 1350. Under nedgangstidene i seinmellomalderen vart Mo lagd til Hamre prestegjeld, som då strekte seg frå Sandviken og heilt til dei øvste gardane i Modalen og Eksingedalen. I 1749 vart dette lange prestegjeldet delt i to: Hamre og Hosanger, medrekna Modalen kyrkjesokn. Administrativt var Modalen delt mellom skipreidene Eikanger og Hosanger fram til 1853. Dei to kyrkjesoknene Modalen og Eksingedalen – fire til fem mil lange dalføre – vart ein eigen kommune først i 1910. I 1967 vart Mo saman med Ostereidet i Lindås lagt under det nye Osterfjorden prestegjeld. Ved kommunereguleringa i 1964 fekk vi dagens kommunegrenser: gardane i Eksingedalen gjekk over til Vaksdal kommune, og gardane Dyrkollbotn, Nipa og Eiterdalen vart overførte til Lindås kommune. Såleis er den eine lange dalen, Modalen, blitt til ein av Noregs minste kommunar i folketal. Men Modalen er ein stor kraftkommune, med sterk økonomi, gode tenester og nøgde innbyggjarar.

Og ikkje minst: Modalen  er ein av dei fine oppgangane til landskapsvernområdet Stølsheimen – eit rekreasjonsområde i særklasse og nærområdet til ein av Noregs store lyrikarar tidleg på 1900-talet, Olav Nygard: «Til fjells, til høgd og vidd, det er mi trå, til topp og tind, or låge, lyrmne dalar; til fjells der bekken græt og vinden svalar, der ørnen ror i reine himmelblå».

Sand og grus

Breane som forma Modalen gjekk snøggare og grov djupare enn breane i sidedalane. Sidedalane vart såkalla hengjande dalar, som Hellandsdalen og Krossdalen; dalbotnane nådde ikkje ned til  nivået i hovuddalen. Bratte fjellsider vart ståande att då breane hadde gjort seg ferdig med arbeidet. Grunnlaget for dei store fjellskreda som seinara skulle råka dalføret var lagt.

Isen gjorde meir enn å grava – han la også att verdfulle avsetjingar i kommunen: Dei første bøndene kom til lettdriven morenejord i  det lange og flate dalføret, og dei store sandmassane  har vore ei verdfull salsvare i meir enn hundre år. Sanduttak har endra landskapet mange stader og det meste er nok teke ut, men framleis er det nok att til sanddrift i mange år, særleg på Nedre Helland.

Sandsvalene følgjer i industriens fotefar. Om svalene ikkje finn naturlege utrasingar, hekkar dei i skråningar i sand- og grustaka.  Fleire stader kan det i gode år vera opp mot hundre reirhol i sandtaka.  Så har då også Modalen ein av dei største koloniane av sandsvaler i fylket, berre i Etne finst fleire.

Kraftkommunen

Det var ein elveflaum som omskapte Movatnet til Mofjorden. Isen hadde bygt opp eit smalt eide av grus ved Mostraumen. Storflaumen i 1743 reiv vekk dette eidet.  Vassnivået vart truleg senka  med ein til to meter då fjorden vart forlenga 6-7 km innover i landet.  Modalselva sørgjer for at det også er mykje ferskvatn i den meir enn 200 meter djupe Mofjorden, så mykje at han er ein av dei fjordane i fylket som frys lettast til. Vatnet er for det meste daudt i dei djupare laga. Sambandet med fjordsystemet utanfor er så trongt at det blir liten sirkulasjon i vatnet, og dermed for lite av det livgjevande oksygenet.

I vår tid er elvane i kommunen langt på veg temte av kraftutbyggjarane. Fallet frå Stølsheimsfjella ned til Steinsdalsvatnet gjev den største energimengda. Steinsdalsvasssdraget vart utbygt i etappar gjennom 1970-, 1980- og 1990-talet. Steinsland kraftverk yter 566 GWh. Åsebotn kraftverk som stod ferdig i 1995 og yter 77 GWh, medan Nygard pumpekraftverk, som den førebels siste kraftutbygginga i området, vart sett i drift i 2005. Dette kraftverket yter 91 GWh. Ein del vatn er overført til Evanger kraftverk og kjem ut i Vosso. Denne overføringa kan ha forsterka forsuringseffekten i Modalsvassdraget – vatnet som vart overført til Vosso er av det minst sure slaget sidan det ligg kalkrikt fyllittfjell i tilsigsområdet. I Modalselva har forsuringa råka rogn og ungfisk, spesielt av laks.

Sjeldan vindstille

Ved vêrstasjonen, som ligg vel hundre meter over havet ved garden Farestveit er det sidan målingane starta i 1945 registrert berre nokre få dagar med vindstille. Stasjonen ligg særs utsett til for vind og daltrekk, men i snitt er vindstyrkane små. Andre stader i kommunen kan det vera vindstille i periodar.

I Modalen er det topografien som styrer vinden: Vindretninga er anten oppover eller nedover dalen. Om sommaren blir vinden jamvel i stor grad skapt av topografien - på dagtid vil soloppvarminga danna svake vindar opp dalen. Oppvarminga skaper også luftstraumar som stig oppetter fjellsidene. Kongeørn, fjellvåk og falkar veit å gjera seg nytte av dette, dei kan observerast ”hengjande” over åskammane i dalføret. Om sommarnatta og vinterstid, dag som natt, er forholda motsett: Sterkare avkjøling av lufta i fjellområda enn i låglandet gjer at dei kaldare luftmassane sig nedover dalen. Særleg er denne fjellvinden merkbar nedst i Modalen.

Det er mykje furuskog langs Mofjorden og oppover nordvestsida av dalen til Steinsland. På søraustsida er det furuskog inn til Farestveit, og mest bjørk lenger inn i dalen. Otterstadstølen har den vestlegaste, naturlege granskogen i landet.  I skogsmarka finst det mange gode blåbærområde. Blåbær har vore hausta som salsvare, og i eldre tid vart bæra eksporterte direkte frå Modalen til England. Om plantelivet i Modalen kanskje ikkje er så rikt, veit vi likevel mykje om det. Det kan vi takka den lokale botanikaren Idar Langedal (1905-1992) for. Gjennom eit langt liv samla han planter og lagde detaljerte skildringar over veksestadene deira.

På grøn grunn tre sølv spadar

Våpenet er godkjent ved kgl. res. 2.11.1984 og er teikna av Egil Korsnes. Dei tre spadane vart valde avdi jordbruk og sanddrift har vore og er hovudnæringa i Modalen. Jordbruket ligg òg til grunn for valet av grønfargen i skjoldet.

valknute

Modalen har namn etter garden og kyrkjestaden Mo «flat sandstrekning». Førsteleddet i Otterstad er helst mannsnamnet Ottar, medan Nottveit truleg er ei avleiing av gno. not «nøtt». Helland er skrive Hælghalande i Bergens kalvskinn (1360). Førsteleddet er avleidd av gno. heilagr «heilag». Same opphav har Herland i Arna, også skrive á Hælghalande i 1360.

  • Nygardsstøtta

Olav Nygard (1884-1924)

  • Storavatnet i fjellet mellom Farestveit i Modalen og Flatekvål i Eksingedalen

Storavatnet i fjellet mellom Farestveit i Modalen og Flatekvål i Eksingedalen. Gjennom dette passet går ei gammal ferdselsåre som tidlegare batt desse bygdene saman. (Helge Sunde)

  • Mofjorden (nedst), Modalen med Steinslandsvatnet (midten) og Stølsdalen (øvst)

Mofjorden (nedst), Modalen med Steinslandsvatnet (midten) og Stølsdalen (øvst) (digital høgdemodell). (Haakon Fossen)

  • Mo

Med kaldluft som sig ned frå fjella og frost som breier seg frå den islagde fjorden, kan vinteren vera streng på Mo. (Svein Nord)

  • Grung, T. (red.). 2000. Hundre elektriske år. Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap. BKK
  • Langedal, I. 1990. Plantelivet i Modalen. I: Farestveit, O (red.). Bygdebok for Modalen. Bd.II : 22–64. Modalen kommune.
  • Langedal, I. 1985. Karplantefloraen i Modalen. UiB. Botanisk institutt. Rapport 39.
  • Lillejord, S., Steinsland, E. & Farestveit, O. (1976, 1990) Bygdebok for Modalen herad. Modalen, Modalen sogenemnd.
  • Moe, B. 2004. Kartlegging og verdisetting av naturtypar i Modalen. Modalen kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 4/2004.
  • Overvoll, O.; Wiers, T. 2004. Viltet i Modalen. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Modalen kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 5/2004.
  • Ei historisk reise i bilete. Modalen kommune i 50 år. 2000. Modalen kommune.