• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Indre Sogn er eit kjerneområde i fjell- og fjord-Noreg. Regionen ligg ved Noregs og verdas lengste fjord, under fastlands-Europas største isbre og innåt noko av den villaste fjellheimen i landet. I denne samanhengen reknar vi kommunane Årdal, Lærdal, Luster, Aurland, Sogndal og Vik til Indre Sogn.

Sognefjorden har fleire lange sidearmar i den indre delen. Dei lengste er Arnafjorden, Fjærlandsfjorden, Sogndalsfjorden, Aurlandsfjorden, Lærdalsfjorden, Årdalsfjorden og Lustrafjorden. Nærøyfjorden har, saman med Geirangerfjorden i Møre og Romsdal, status som Vestnorsk fjordlandskap på UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv.

Fjorden mildnar vintrane og svalnar somrane i Indre Sogn. Klimaet gjev gunstige vilkår for jord- og hagebruk, og her er mykje bær- og fruktdyrking. Dei mange elvane som renn ned frå høge fjell gjev god tilgang på vasskraft, og fleire av kommunane i Sogn er store krafteksportørar. Samtidig er ein stor del av høgfjellsområda verna mot menneskelege inngrep. Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen er nasjonalparkar, medan Utladalen, Nærøyfjorden og Stølsheimen er landskapsvernområde.

I bondesamfunnet si tid sette landskapet i Indre Sogn sterke avgrensingar mot folkevekst. Dette medførte av regionen låg i landstoppen når det galdt utvandring til USA. I dag har Indre Sogn eit variert næringsliv basert på industri, turisme og sørvisnæringar. Fylkesmannen i Vestland har hovudsete i Leikanger.

Indresogningane talar ein karakteristisk dialekt. Sognemålet har diftongen ao, slik at båt vert til baot og på til pao. I Indre Sogn har dei a-mål (å kasta, ei visa) i motsetnad til dialektane i Ytre Sogn og elles på Nordvestlandet.