• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ytre Lygra, Lindås

Bøgarden og utmarka på Ytre Lygra, Lindås (Svein Nord).

Det har alltid budd mykje folk langs kysten av Hordaland. Her var det kort veg til sjøen og havet – og til dei rike matkjeldene som der var å finna. Men også ressursane på landjorda vart nytta. Dei mange småbruka med utløer, torvhus, moldhus og steingardar i utmarka, vitner om systematisk hausting av naturen for å sikra livberginga. Så sjølv om dei små gardane gav plass til mykje folk på lite jord, var det sjeldan nokon som svalt. Vanlegvis ville ikkje både fisket, kornhausten og husdyrhaldet slå feil det same året.

Lyngheiane vart nytta på ein måte som var nøye tilpassa klima og naturtilhøve på kysten. På grunn av milde og snøfrie vintrar kunne småfeet klara seg utandørs heile året. Også storfeet fekk gå ute store delar av året. Det var derfor ikkje naudsynt å sanka så mykje vinterfôr som i indre strøk der vintrane er lengre, kaldare og meir snørike. Kystbøndene fekk meir tid til andre gjeremål, som fiske.

Men dei var avhenginge av gode vinterbeite, og her spela røsslyngen ei avgjerande rolle. Medan gras og andre beiteplantar visnar om hausten, står røsslyngen med friske skot gjennom heile vinteren. Størst verdi som fôr har lyngplantane så lenge dei er låge. Då utgjer dei grønne skota omlag heile planten. Vert lyngen høgvaksen og grov, sig straks fôrverdien. Det var difor ei viktig oppgåve å halda lyngen i god hevd.

Der han vart for grov, var det vanleg å svi av lyngen. Dette var det best å gjera på seinvinteren, medan det framleis var frost eller fuktig i marka. Då slapp ein brann i jordsmonnet, samstundes som plantedelane over bakken brann godt. Alt same sommar fekk ein framifrå beite på dei brente flatene, med mykje gras, urter og unge lyngplantar.

Mange stader vart lyngen også slått med stuttorv eller sigd. Lyngslåtten vart blanda med høy og gitt til storfeet i dei periodane dei stod inne. Dei samme flatane vart slått kvart 3.-4. år, og dette var også med på å halda lyngheia lågvaksen og grøn.

Så lenge lyngheia vart nytta fullt ut, var kystlandskapet ein eviggrønn mosaikk av gras- og lyngheiar. I våre dagar har beitet i utmarka gått attende, og grov, høgvaksen lyng gjev landskapet eit brunleg skjær. Men framleis kan vi tidleg på våren somme stader sjå einskilde som svir lyng, som på Lygra i Lindås, og her får vi seinare på året eit inntrykk av korleis heile kyststripa såg ut før i tida.

Brensel henta dei først og fremst frå torvmyra. Torva vart spadd opp frå lange snitt som kunne vere fleire meter djupe. Oftast vart ho teken opp i flate skiver og tørka på myrflaten. På seinsommaren var torva som regel tørr nok til å kunne transporterast i hus. I kyststrøka var det vanleg å spa torv fram til etter siste krig. Vi ser enno i dag spor etter denne verksemda, og då skjønar vi kor viktig dette var.

Dei små gardane hadde avgrensa areal med dyrkningsjord. Åkrane måtte derfor nyttast så hardt som råd var. Dette fekk dei til med å bruka mykje gjødning. Ikkje berre husdyrgjødsel, men og hushaldningsrestar, oske og tare, fiskeslo og mold vart nytta i åkeren. Molda vart henta i utmarka, oftast frå stader i torvmyrane der plantedekket var spadd vekk, slik at torva smuldra opp og tørka ut gjennom vinteren. Om våren kunne den finaste torvstrø rakast saman med ei rive. Dette vart samla i særskilde hus nær innmarka, og nytta som strø under dyra om vinteren. Neste vår var molda blitt til framifrå gjødsel. Denne måten å transportera jord frå utmarka til innmarka førte med tida til at åkrane mange stader fekk mektige lag med matjord.

I torvmyrane finn vi mange stader røter og restar etter storvaksne stammar, som vitnar om at kystlandskapet ikkje alltid har vore så trelaust som idag. Spørsmålet om når denne skogen vart borte – og kvifor – har det vore mange teoriar om. I dei seinare åra har vi fått ny kunnskap om utviklinga av lyngheiane ved å studera innhaldet av gammalt blomsterstøv i ulike torvlag. Saman med andre planterestar held blomsterstøvet seg i torva gjennom tusenvis av år, og dette vil som oftast spegla av den vegetasjonen som har vore i området. Vi kan difor studera endringane i vegetasjonstilhøva så langt attende som torvlaga rekk. Alderen på dei ulike torvlaga kan vi finna med å måla den naturlege radioaktiviteten i laga (C14-metoden).

På denne måten har ein kunna visa at dei eldste lyngheiane i Hordaland er meir enn 4000 år gamle. På denne tida var det meste av kysten dekt med storskog av furu, eik og bjørk. Denne vart gradvis fjerna ved hogst og brenning – ikkje av sjørøvarar, som mange har trudd, men av kystbøndene, etter kvart som dei rydda seg lyngbeite. Dette kjem tydeleg fram i torvlaga, der restane etter skogstrea forsvinn og vert avløyste av blomsterstøv frå lynghei- og beiteplantar. I tillegg kjem ei stor mengd små trekolpartiklar, ikke berre i det nivået der skogen vart borte, men og i dei seinare torvlaga. Dette syner at lyngsviing har vore nytta til å halda beita i hevd så lenge ein har hatt lyngheiar på kysten. Arkeologiske og botaniske granskingar har synt at skogen i utmarka til den einskilde garden oftast vart rydda samstundes som sjølve busetnaden tok til. Lyngheiane på ei øy kan difor vera fleire tusen år eldre enn på naboøya, dersom dei høyrer til kvar sin gard med busetnad frå ulik tid.

Lyngheiane på kysten er såleis ein menneskeskapt naturtype og ikkje eit resultat av dei klimatiske tilhøva.

Gjennom 3000 år, til ut i mellomalderen, vart stadig nye område rydda for skog og tekne i bruk som lyngbeite. Dei yngste lyngheigardane ligg i indre strøk. Der møter denne naturtypen si avgrensing. Snømengda vert for stor til at det høver å ha dyra på vinterbeite.

Det er utegangarsauen og lyngslåtten som har halde lyngheiane i hevd, ein kulturarv etter fiskarbonden, som i tusenvis av år har livnært seg her ute på kysten av Skandinavia.

  • Engevik, A. K. & Munksgaard, J, H. (1975) Byggeskikk i Nordhordland: utvikling av bustadhus på 1700 og 1800 talet. Rapport, Universitetet i Bergen, Lindåsprosjektet, nr. 14. Bergen, Fylkeskonservatoren i Hordaland.
  • Litleskare, J. (1918-1924) Gamle bunadshus i Nordhordland. Nordhordland og Midthordland: årsskrift. Bergen, Nordhordland og Midthordland sogelag.
  • Saa Maata (1972). Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag. Bergen, Sogelaget, s. 7-60.
  • Skagen, A. K. (1992) Oppbyggjing av kulturhistoriske attraksjonar i Nordhordland. Knarvik.
  • Solheim, T. (1978) Ei strilekrønike. Oslo, Samlaget.
  • Det store tidsskiljet: boka om Nordhordland (1989). Knarvik.
  • Frå Fjon til Fusa: årbok for Nord- og Midthordland sogelag (1948-). Bergen, Sogelaget.
  • Nordhordland og Midthordland: årsskrift (1918-1927). Bergen, Nordhordland og Midthordland sogelag.