• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fedje

Den faste busetnaden på Fedje skriv seg attende til 1600-talet (Svein Nord).

Dei mektige torvmyrene, som dekkjer til og med bakkane i det låglendte landskapet på Fedje, har hatt 3500-4000 år på å veksa fram. Torva vart ei god varmekjelde for folket på Fedje. Frå heile øya er det henta ut torv til brensel, eksportert til Bergen, og det var torva som førte til at Fedje hadde jernbane fleire år før Vossebana kom.

Men om torva var viktig for folket på Fedje, var havet viktigare. Innsiget av sild i dei store sildeperiodane frå 1700-talet og fram til byrjinga av 1900-talet gav gode inntekter. Når vårsildfisket svikta, var heimefisket kring øyane etter sei, torsk, lange, kveite og brosme redninga. Lenger ute låg rike fiskegrunnar som ”Kveitehavet”, ”Lineberget” og ”Karahavet.” 6000 åretak tok det å koma på «Kveitehavet».  På slutten av 1930-talet starta kvalfangsten; ei viktig næring for fedjingane. Fangsten fann stad først i lokale farvatn, men etterkvart under fjernare himmelstrøk som Vesterhavsøyane og Barentshavet.

Dagens Fedje høyrde som kyrkjesokn frå mellomalderen til Lindås prestegjeld og skipreide,   og etter 1837 til Lindås kommune. I 1910 vart Fedje ein del av Austrheim kommune, for så å  få sitt kommunale sjølvstende i 1947.  Dette var den siste kommunedelinga i Hordaland fylke før Schei-komiteen sine framlegg om kommunsesamanslåingar vart gjennomførte i 1963 – 1965. 

Fedje kyrkje vart vigsla i 1941; den tredje kyrkja på denne staden. Ved kyrkja er det reist ein bauta over falne frå Fedje under siste krig. Plassert på haugen rett sør for  den nye kyrkjegarden står minnesmerket for bortkomne på havet og for den gamle kolera-kyrkjegarden frå midten av 1800-talet.

Over 200 fugleartar er observerte på Fedje, som har den største bestanden av grågås i fylket. Gode turstigar går gjennom eit landskap prega av torvtaking, med fint høve til å kombinera ferskvassfiske og havfiske. Frå Kræmmerholmen i nord til Storemark og Æsjær i sør kan du følgja Nordsjøløypa – Nortrail – som er ein del av det europeiske løypenettet av turvegar i kystregionane kring Nordsjøen.

Undersjøisk fjell

Med dei gode hamneforholda og den korte vegen til fiskefelta var  øya  alt i eldre steinalder busett av fiskarar. Den gongen stod havet høgare – og beste hamna var på sørsida av øya, ikkje i nord som i dag. Sidan lyfta landet seg opp – men høgt vart det aldri på Fedje: Høgste punkt frå naturens side, Feiebjørnen, ligg berre 42 moh. Både trafikksentralen og Hellisøy fyr ragar høgare. Ei mager trøyst for villfarne fjellklatrar er det at øya også er den nedskura  toppen av eit undersjøisk fjell. Utan havvatnet kring Fedje, ville staden sett underleg ut, særleg frå søraust: Eit 300-500 m høgt fjell som var flatt på toppen. Denne flata er ein del av den norske «strandflata».

Fedjedomen

Alle stader rundt hovudøya heller berglaga av gneis mot sjøen. Under vatn ligg laga parallelt med overflata på det undersjøiske fjellet. Tek ein fantasien i bruk og tenkjer seg at ein kunne ha fylgt gneislaga på Fedje opp i lufta, ville dei hatt form som ei høysåte eller ein dom.  Sidan strukturen, som ber namnet «Fedjedomen», gjennom tida er høvla av, er det eit nokonlunde flatt snitt gjennom gneisdomen som no står att. Korleis Fedjedomen vart danna, har ikkje forskarane funne heilt ut av. I alle høve er strukturen medverkande til Fedjes runde fasong, og kanskje også at øya har overlevd dei geologiske nedbrytingsprosessane.

Lynghei i endring

Det er minst 4000 år sidan Fedje vart beiteland. Beitepress, lyngsviing og sterk vind har gjort at øya har vore utan naturleg skog heilt fram til slutten av 1900-talet. Berre nokre lågvaksne og knudrete lauvtre klarte å overleva på stader der dei fekk stå i fred for buskapen.

Fedje har hatt nokre av dei flottaste lyngheiane og teppemyrane i Hordaland. Faktisk veks det og dvergbjørk på dei fleste myrane.  I ytste delen av Hordaland er dvergbjørka sjeldan – ho er ikkje vanleg å finna på kystmyrane sør for Stadt. Ingen tek lenger torv på Fedje. Det er også slutt på lyngsviinga. Sauer er det meir av enn før, fleire hundre i talet, men dei beiter i inngjerda område. Dei seinare åra er det planta eit stort felt med sitkagran midt på øya. Naturleg tilvekst av rogn, bjørk og osp vil overta for lyngheia, men denne prosessen tar tid i det barske klimaet.

Hjort på Holmengrå

Hjorten har greidd å manøvrera seg like til Fedje. Ikkje berre ein forlist stakkar, men nok dyr til å skapa ei levedyktig stamme, til saman om lag ti i talet i år 2000.  Fedje var ved tusenårsskiftet  einaste kommunen i fylket utan jaktløyve for hjort. Men stammen er i vekst og tek stadig nye beitemarker i bruk. Jamvel på nakne Holmengrå skal han vore sett. Jaktløyve vert no diskutert, og det er vel berre eit spørsmål om tid før hjortejakta er i gang.

Elles er det heller få firbeinte og få krypdyr som utan menneskehjelp har greidd å ta seg over det dryge og djupe havstykket som skil Fedje frå resten av Nordhordland. For dyra som først har kome seg til Fedje, er det å vona at staden fell i smak. Det kan nemleg vera like strevsamt å koma seg attende. Kaninane på øya er sett ut og greier seg no bra, truleg fordi reven ikkje har makta sjøreisa, men også fordi minken er på retur. Ekorn, røyskatt og hoggorm finst heller ikkje i kommunen. Korleis dei første froskane kom til Fedje, er det ingen som kan seia for visst.  

Sjøfugl og trekkfugl er likevel dei mest  vanlege representantane for dyrelivet i Fedje, ser ein bort frå livet i havet. Mildt klima og nærleik til matfatet gjev gode vilkår for eit rikt fugleliv heile året. Fedje er faktisk den kommunen i Hordaland som har flest registrerte fugleartar.  Med tre sjøfuglreservat og eit stort landskapsvernområde har styresmaktene sytt for at fuglane har stader dei kan vera i fred med lova på si side.

På blå grunn to skrått framveksande sølv årar

Våpenet er godkjent ved kronprinsreg. res. 13.7.1990 og er teikna av Even Jarl Skoglund. På Fedje – ei øy ute i havgapet – har båten og årane vore ein naudsynt reiskap for å halda kontakten med omverda. Fisket har vore den viktigaste næringsvegen for Fedje fram til våre dagar, og årane kan stå som symbol for fiskarens strev i kvardagen for å brødfø seg og sine. Båten og årane er noko som alle innbyggjarane på Fedje har eit nært forhold til.

valknute

Fedje heng saman med gotisk fađa «gjerde» og er av Magnus Olsen tolka som «gjerdeøya». Dagens forskarar trur heller namnet skal forklarast som «fiskestengsle». Botanikarane peikar på at Fedje har vore beiteland gjennom lang tid før den faste busetnaden kom; dei vil sjå Fedje som «feøya», rydda for skog gjennom sviing. Vinappen er helst å forstå som «den vide knappen (knausen)».

  • Fedje
  • Fedjedomen

Ringane i den nedslipte Fedjedomen kjem fint fram frå lufta. Skissa viser korleis ein kan tenkja seg ringane vart danna frå nedsliping av domforma lag. Formene kan samanliknast med ringane som kjem fram når vi skjer over ein løk.

  • Hermetikkindustri, Fedje

Tran og hermetikk

Arbeidsplassar er avgjerande for alle lokalsamfunn. I særleg grad gjeld dette Fedje.

 

Fangst og fiske har vore ein viktig næringsveg i den ytre kystsona. Dette arbeidet var hovudsakleg eit mannsarbeid. Kvinnene kunne berre rekna med sesongarbeid i saltebuene og på fisketørkeplassane. Torvdrifta, som tidlegare hadde gjeve arbeidsplassar, vart det slutt på i 1920.

 

I mellomkrigstida kjøpte Feie Tranfabrikk A/S tomt i Rongsvågen, bygde kvalstasjon og byrja produksjon av tran. Dei kjøpte inn brugdelever og spekk og bein frå vågekval, men produksjonen stansa i 1960-åra grunna råstoffmangel. I mellomkrigstida hadde ein også lagt planar for eit fryseri på Fedje, slik at tilgangen på is og agn til fisket var sikra. Det var også viktig å ta vare på råstoff som makrell, sild, størje og kval. I 1953 bygde Chr. Bjelland ein hermetikkfabrikk her. I 1982 gjekk alle hermetikkfabrikkane i Noreg saman og skipa Norway Foods, for å møta konkurransen utanfrå. Av dei opphavleg 17 fabrikkane er det no berre nokre få att. Fabrikken på Fedje vart nedlagt i 1993. Det var den største arbeidsplassen i kommunen, med mange kvinner. Den nye og toppmoderne Fedje trafikksentral er eit godt tiltak for Fedjesamfunnet, og utan tvil ligg det nye, verdfulle arbeidsplassar også i reiselivsnæringa. (Helge Sunde)

Havfiske

Ytst på Hordalandskysten er det undersjøiske landskapet minst like variert som landjorda. Grunnar, små rev, ei undersjøisk  steinrøys, kanskje eit skipsvrak: Desse variasjonane skaper livsgrunnlag for ei rekkje ulike fiskeslag, stundom både mykje og stor fisk. 

 

Frå sjøkartet kan vi prøva å førestella oss korleis Hordalandskysten ville ha sett ut om havnivået til dømes hadde vore 100 meter lågare. Men den undersjøiske kartlegginga er på langt nær så detaljert som den oversjøiske. Dei lange fisketradisjonane er derfor viktige for kunnskapen om kvar ulike fiskeslag er å finna, og kvar dei beste fiskeplassane ligg. Om nokon vil ut med det, då.

 

I dei seinare åra har havfiske i saltvatn med stong og annan sportsfiskereiskap gripe kraftig om seg.Lokale havfiskeklubbar arrangerer festivalar, fører rekordlister og gir rettleiing til dei som ynskjer det. Ein havfiskar, som desse sportsfiskarane kallar seg, eit namn som den verkelege havfiskaren kanskje vil fnysa av, kan i Noreg ha von om å få eit av 70–80 ulike fiskeslag på kroken. Fleire av dei største fiskane i verda som er tekne på slik reiskap, er fanga i Noreg, mellom anna i vårt fylke.

 

Hordalandskysten er attraktiv for havfiskarane.Særleg for gråsteinbit har den nordlege delen av denne kysten vore kjend for gode fangstar. Uttaket var ei tid så stort at somme frykta for overfiske. Kring 90 % av steinbiten som blir fanga ved havfiske hos oss er teken på «slep», gjerne med åte frå andre fiskeslag eller blåskjel på kroken.Dei beste fiskeplassane etter steinbit ligg på 25–60 meters djupne. Noregsrekorden for steinbit teken på fiskereiskap er ein fisk på 17,60 kilo, medan klubbrekorden i Bergen Havfiskeforening er på 12,88 kilo.Dette er store fiskar, og utfordringa blir ikkje mindre etter at fisken er landa i båten.Den lokale klubbrekorden for lange,eit anna attraktivt fiskeslag mellom havfiskarar her vestpå, tilhøyrer Frank Steinseide, med ein fisk på 30,9 kilo som han tok i 2008. Stor lange finst helst på store djupner, gjerne på 120 meter eller djupare.

 

Med fasilitetar på land og tilgang til eigna båt er Blomvågen i Øygarden og Fedje mykje nytta utgangspunkt for lokale tevlingar mellom havfiskarar.

  • Middelfordelinga av talet på kuling- og stormdagar gjennom året på Hellisøy fyr

Omslag i vêret

Frå Fedje er det lett å oppdaga endringar i skyformene på himmelen langt unna. Difor kan ein tidleg finna ut når det vil koma omslag i vêret, ein kunnskap som alltid har kome vel med for fiskarane i havgapet. Det er lettast å sjå overgangen frå ein vêrtype med sol og blå himmel til ein med regn og vind. Det første varselet er band med lette og kvite fjørskyer som strekkjer seg over himmelen. Sidan kjem eit stadig tettare slør over himmelen og ei gradvis minking av varmen frå sola. Skydekket vert lågare og lyset vil til slutt bli grått. Snart kjem dei første lette regndropane, som etter ei stund går over til tett regn.

 

Slike vêromslag vil oftast koma frå vest eller sørvest. Når ein ser dei første fjørskyene, vil det ikkje gå meir enn 5-6 timar før regnet kjem. Når regnvêret har passert, vil det på baksida av fronten vera eit område med bygeskyer. Vinden vil dreia mot nordvest, og det blir litt kjøligare. Sola vil etter kvart koma fram mellom skyene. Det kan gje ein vakker solnedgang med mange fargar.

 

Ingen annan stad i Hordaland er temperaturskilnadene mellom årstidene og mellom natt og dag mindre enn på Fedje. I vestlandsmålestokk er også nedbøren liten, i gjennomsnitt 1310 millimeter for året. Om temperatur- og nedbørmålingane ikkje viser dei store utslaga, så tek vinden dess meir. Det er så godt som aldri heilt vindstille og det er vanskeleg å finna ly. Med vêrmålingar på Hellisøy fyr heilt frå 1924, har ein eit godt talgrunnlag for å vurdera fedjevinden: I middel er det i eit år minst kuling i 107 dagar. Ni av desse dagane vil det blåsa storm eller endå sterkare vind.

Månefisk frå Fedje

Den særprega månefisken lever eigentleg i tropiske og tempererte strok, men opptrer årleg ved norskekysten, i små tal. Den kan bli stor, faktisk over to tonn. Dei fleste månefiskane som når oss er vesentleg mindre, og vert gjerne funne drivande i sjøen eller er tekne i garn. Denne månefisken vart fanga ved Fedje i 1902, og er stilt ut i kvalsalen, Universitetsmuseet i Bergen.

  • Kvalfangst

Kvalfangsten, ein tradisjon på Fedje gjennom ein mannsalder. Oddvar Nilsen Husa (fremst) og broren Jan (t.h.) driv kvalbåt saman. T.v. distriktsveterinær Magnar Askeland. (Dagrunn Stokke)

  • Skjermande skjergard

Utan skjermande skjergard og med storhavet midt imot slår bølgjene langt inn på land. Dei gode hamneforholda har vore ein føresetnad for at Fedjesamfunnet kunne veksa fram. (Helge Sunde)

  • Raudnebbterna

Raudnebbterna er ein vanleg hekkefugl på Fedje. (Ingvar Grastveit)

  • Brekke, N. G.; Skaar, R. B. 1995. Fedje, kulturhistorisk vegvisar. Nord 4.
  • Byrkjeland, S.; Overvoll, O. 2003. Viltet i Fedje. Kartlegging av viktige viltområde og status for viltartane. Fedje kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 9/2003
  • Moe, B. 2003. Kartlegging og verdisetjing av naturtypar i Fedje. Fedje kommune og Fylkesmannen i Hordaland, MVA-rapport 2/2003.
  • Tangen, O. (1984) Bygdebok for Fedje. Fedje Bygdeboknemd.