• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Ytre Sogn er regionen kring ytre delen av Sognefjorden – verdas lengste fjord. Vanlegvis blir distriktet rekna å omfatte kommunane Høyanger, Hyllestad, Gulen og Solund, men grensa mot indre Sogn har i fleire samanhengar gått lengre inne i fjorden. Til dømes låg både Leikanger, Balestrand, Vik under Ytre Sogn stortingsvalkrins tidleg på 1900-talet.

Ytst i havgapet er dette landskapet prega av ein myriade av mindre øyar, holmar og skjer. Solund og dei ytre delane Gulen, med til saman fleire tusen øyar, vernar innløpet til Sognefjorden mot storhavet. Fjorden har ein terskel her ute, men vert mykje djupare vidare innover, samstundes som fjella blir høgare. Frå botnen av fjorden til nutane ikring er høgdeskilnaden mange stader over 2000 meter. Dalane og sidefjordane som munnar ut i Sognefjorden er tronge og korte. Ein stor del av arealet i Ytre Sogn er høgfjell.

Busetnaden er skrinn i Ytre Sogn. Største tettstaden er Høyanger, med kraftkrevjande industri som får energi frå dei talrike vassdraga i området. Jordbruket har ikkje dei beste kåra i denne regionen, men langs fjorden finst det nokre mindre område med elve- og breavsetningar som eignar seg for oppdyrking. Heile området har eit mildt kystklima.

Ytre Sogn har vore ei administrativ eining heilt sidan tidleg nytid. Regionen blei eige sorenskriveri omkring 1630, og var futedøme fram til midten av 1700-talet, då det blei slått saman med Indre Sogn. Tingstaden for Gulatinget låg ved Eivindvik i Gulen fram til tinget blei flytta til Bergen omkring år 1300.