Måleri av Anders Askevold: "Dale i Sunnfjorden", 1887, olje, 45 x 81 cm, utsyn vestover frå garden Yksnebjør, gåve til Islands nasjonalmuseum i 1887 frå kunstnaren. (Fylkesarkivet)
Fjaler strekkjer seg frå kysten med øyane Lutelandet og Lammetun i vest, til fjellområda på grensa mot Sunnfjord kommune i aust, med Styggeheia på 799 moh som høgaste nuten. I sør går grensa mot sognekommunane Hyllestad og Høyanger. Fjaler har to hovuddalføre, Guddalen og Vassdalen. Guddalen er det lengste, og går frå vasskiljet ved Steinset over tre mil ned til botnen av Flekkefjorden, som er einaste sidearmen til Dalsfjorden. Både Guddalen og Vassdalen har lakseførande vassdrag. i
Fjaler består for ein stor del av grunnfjellsbergartar som gneis, men mange stader bryt kaledonske djupbergartar gjennom – mellom anna gabbro, amfibolitt og eklogitt. Inst langs Dalsfjorden, øvst i Vassdalen og enkelte stader i Guddalen har berggrunnen forvitra til lausmassar som ligg over det faste fjellet. Fjaler har også mange område der det ligg att morenemateriale frå istida. Somme stader har elvane danna øyrar. Det største partiet med elveavsetningar finn vi ved Storelva i Dale. I dei ytre delane av Fjaler finst det mykje torv og myr. To av myrane i kommunen er verna som naturreservat, Sørebømyrane i Guddalen og myrane kring dei nedste delane av Loneelva.
Fjaler har stor område med skog, både fureskog og lauvskog. Somme stader, til dømes på nordsida av Hovlandsdalsvatnet, finst det såkalla gammalskog av fure som er opptil 150 år gammal. Denne vert rekna som verneverdig. I skogane finn vi fleire ulike sjeldne og trua artar av lav, til dømes skorpefiltlav, skoddelav og kystprikklav. Her er rikeleg med hjort – dei siste åra har det blitt felt 500–800 dyr i kommunen. Heilt nyleg har det også kome ulv til Fjaler.
Fuglelivet i Fjaler er omfattande, og det er oppretta to naturreservat til vern om sjøfuglen. Det eine ligg på Myrbærskjæra lengst vest i havgapet og har eit breitt artsutval. Av hekkande artar kan nemnast gråmåse, svartbak, ærfugl, tjeld, steinvendar, tjuvjo, fiskemåse, sildemåse, raudnebbterne, makrellterne og teist.
Jordbruket var tidlegare hovudnæringa i Fjaler, og har sett rikeleg med spor i landskapet gjennom ei rekkje kulturlandskap og kulturmarkstypar. I ein rapport frå 1992 blir det drege fram ikkje mindre enn 15 typeområde i kommunen: Hovlandsdalsstølen
(fjellstøl og beitevollar), Yndestad (beitebakke), Espenes (slått- og beitebakke), Huseklepp (einerhage), Tyssedal (fattig einerhage), Solbø (heilskapleg kulturlandskap),
Holstad (kystlynghei), Livra på Heggneset (heilskapleg kulturlandskap), Klenevåg
(strandeng), Lammetun (eng- og beitebakkar), Nautsund (våtmarkseng), Fure
(torvmyr), Åsnes (hagemark og hasselhage), Sunndalen (slåttemyr) og Våge (heilskapleg
kulturlandskap). Sidan denne rapporten kom må ein rekne med at redusert bruk
av kulturlandskapet og attgroing har auka på i dei ulike typeområda.
Fjaler kommune omfatta tidlegare nordsida av Dalsfjorden med bygdene kring Holmedal i vest til Hestad i aust. Kommunen heitte fram til 1912 Ytre Holmedal (Gaular var då Indre Holmedal), etter det som var den gamle prestegarden. Sidan 1990 har kommunegrensa følgd fjorden.