• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Fossevatna

EIT RIKT VÅTMARKSOMRÅDE

Fossevatna nokre få kilometer nord for Alversund er ei av dei finaste våtmarkene i Lindås. Særleg fuglelivet har gjort staden kjend. Heile året kan ein gjera spennande fugleobservasjonar. Men vil du høyra fluktspelet til enkeltbekkasinen, lyt du koma hit ein vår- eller sommarkveld.

Fossevatna er eit variert område. Vegetasjonsrike vatn med mange holmar vekslar med myr og sumpskog. Mellom dei to vatna (Litlavatnet og Storavatnet) er høgdeskilnaden mindre enn ein meter. Bekken som knyter dei saman, flyt derfor stilt med sumpvegetasjon i kanten. Begge vatna har vore større før. Vassflata minkar gradvis etter kvart som torva frå myrane veks utover. Vatnet har ofte ein brunleg farge, ettersom det inneheld mykje humus. I kanten av Litlavatnet veks mykje flaskestorr og elvesnelle. Gulldusk (biletet), myrklegg og hesterumpe står meir spreidd.

Vekslinga av fleire naturtypar innbyr til eit variert fugleliv, heile 115 fugleartar er registrerte i dette området. Mellom dei er 10 artar andefuglar, 11 vadefuglar og 2 riksefuglar. Vanlege hekkande våtmarksfuglar er krikkand, vipe og raudstilk. Fleire bekkasinpar hekkar her. Somme fuglar søkjer òg tilhald inne mellom strandrøyr og takrøyr. Utanom hekketida er det vanleg å sjå småflokkar av toppand. Grågås tek gjerne ein rast under trekket. Om vinteren er det ikkje uvanleg å treffa på songsvaner og kvinender ved Fossevatna. Reservatet er ikkje underlagt særskilde ferdslerestriksjonar, men det er opparbeidt stigar som folk blir oppmoda om å bruka. Som elles i naturen pliktar du å ikkje uroa hekkande fuglar.

  • Gulldusk

Gulldusk. (Bjørn Moe)

  • Fylkesmannen i Hordaland.1991. Utkast til verneplan for våtmark i Hordaland fylke. Rapport.