• Nynorsk
  • English

Universitetet i bergen logoUniversitetet i Bergen

Search form

Tuftene syner langhuset, eit mindre «kårhus» og ei løe.

Tuftene syner langhuset, eit mindre «kårhus» og ei løe. (Peter Emil Kaland)

Lurekalven er ei folketom øy med lynghei som er ein del av utmarka til dei fem bruka på Ytre Lygra. Mellom dei to øyane går det berre eit smalt sund. Enno i 1920-åra rodde dei mjølkekyr frå Lygra over sundet om sommaren – ei form for stølsdrift tilpassa kystlandskapet. 

Kring 1960 var det slutt på å ha dyr på vinterbeite her ute. Mindre beiting resulterte i gradvis attgroing med buskar og tre. Attgroinga dei siste 40 åra fram til restaureringa har vore langt meir dramatisk enn vegetasjonsendringane som kunne registrerast etter svartedauden. Med oppbygginga av Lyngheisenteret vart lyngheia sett i stand att.

Pollenanalyse viser at øya vart rydda for skog, og at lyngheigarden vart skapt alt på 700-talet. I vikingtida og fram til svartedauden (1350 e.Kr.) var Lurekalven ein sjølvstendig gard. Avfolkinga etter Svartedauden ramma særleg dei gardane som låg i utkanten av den sentrale busetnaden i bygda. Når garden vart lagd øyde, vart også gardsnamnet oftast borte; erstatta av dei ubestemmelege Øygarden eller Øyjorda. Etter svartedauden vart garden liggjande aud, men øya vart framleis beita. 

Arkeologiske utgravingar i 1970-åra synte spor etter hus og åkrar. Tuftene etter eit langhus med eldhus, stove, bu og løe med flor vart utgravne. Kring tunet ligg spora etter rydningsrøyser og åkrar i solvende skråningar. Det vart og funne keramikk frå Kontinentet i hustuftene. Dette viser at produksjonen på garden var stor nok til å reisa til Bryggen i Bergen og handla importerte varer. Åkrane på innmarka utgjorde om lag 10 mål – mest til dyrking av bygg. 

  • Snitt og pollendiagram som viser korleis myrlaga gir informasjon om vegetasjonsendringar på Lurekalven

Snitt (t.v.) og pollendiagram (t.h.) som viser korleis myrlaga gir informasjon om vegetasjonsendringar på Lurekalven. (Mons Kvamme / Eva Bjørseth)

  • Blystykke med runer funne i ei tuft på Lurekalven.

Blystykke med runer funne i ei tuft på Lurekalven. (Peter Emil Kaland)

  • Slik kan langhuset ha sett ut.

Slik kan langhuset ha sett ut. (Rekonstruksjonsteikning av Marvin Halleraker 1992, etter Nils Georg Brekke.)

  • Aarrestad, P. A.; Vandvik, V.2000. Vegetasjonsendringer i vestnorsk kystlynghei – effekter av skjøtselsformene brann og sauebeite ved rehabilitering av gammel lynghei på Lurekalven i Hordaland. NINA fagrapport 044.
  • Kvamme, M. 1982. En vegetasjonshistorisk undersøkelse av kulturlandskapets utvikling på Lurekalven, Lindås hd., Hordaland. Hovedf.oppg. UiB.Botanisk institutt.