I mellomalderen høyrde Hallingdal og Valdres til Stavanger bispedømme, likeeins Eidfjord sokn, for at biskopen skulle kunna skriva ut skyss i sitt eige bispedømme. Biskopen si reiserute frå Stavanger til Hallingdal gjekk over Sand i Ryfylke til Ølen, så med båt inn heile Hardangerfjorden til Eidfjord, og derifrå over fjellet langs den nordre Nordmansslepa.